Skriv ut
02.04. Ny pressemelding: Nye retningslinjer frå kommuna


Leiar i fotballgruppa, Anders Riise, har følgjande å seie om den seinaste beskjeden frå kommuna: "Då har retningslinjene kome frå kommuna, og ein ber om at reglane vert respektert slik at vi ikkje risikerer at anlegget igjen vert stengt, det tjenar ingen på. Vi startar opp med dei treningstidene som vi alt har og ber trenarane følge opp reglane."

Retningslinjene gjeldande fotballbaner frå kommuna er som følgjer:
-Store fotballbanar blir delt i fire. Mindre fotballbanar til, dømes ved skulane, må delast i to. Ein må nytte tilgjengeleg sperremateriell, som kjegler og band. Vaksne følgjepersonar har ansvar for å sikre dette.
-Per del skal det maksimalt vere fem personar. Minst éin av desse skal vere ein vaksen som er ansvarleg for at gruppa held seg til reglane.
-Alle må halde minst to meter avstand. Difor er duellar ikkje lov. Heading er heller ikkje tillatt.
-Host i albogen og nytt handsprit.
-Personer med symptom på luftvegssjukdom skal halde seg heime.