27. april 2024

ÅRSMØTE

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Hareid Idrettslag 20. mars 2024 kl 18.00 i festsalen på klubbhuset, Myravegen 12.

Sakliste:

 1. Godkjenne dei som har røysterett

2. Velje dirigent(ar)

3. Velje protokollførar(ar)

4. Velje to medlemmer til å underskrive protokollen

5. Godkjenne innkallinga

6. Godkjenne saklista

7. Godkjenne forretningsordenen

8. Handsame årsmeldinga frå idrettslaget

9. Handsame rekneskapen til idrettslaget, den økonomiske meldinga frå styret, meldinga frå kontrollutvalet og meldinga frå revisor

10. Handsame forslag og saker

11. Fastsette medlemskontingent , og treningsavgift, eller gje fullmakt til å fastsetje treningsavgifter

12. Vedta budsjettet til idrettslaget

13. Handsame organisasjonsplanen til idrettslaget

14. Gjere følgjande val:

a) styre med leiar, nestleiar, 3-6 styremedlemmer og 2 varamedlemmer

b) kontrollutval med 2 medlemmer og minst 1 varamedlem

c) representantar til ting og møte i dei organisasjonsledda der idrettslaget har representasjonsrett, eller gje styret fullmakt til å nemne opp representantane

d) valkomité med leiar, to medlemmer og éin varamedlem

e) eventuelt andre val i samsvar med organisasjonsplanen til idrettslaget Leiarar og nestleiarar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemmene skal veljast samla. Deretter skal varamedlemmene veljast samla. Der det blir valt fleire varamedlemmer, skal det veljast 1. varamedlem, 2. varamedlem osv.

15. Engasjere revisor til å revidere rekneskapen til idrettslaget.

Saker som ein ynskjer handsama må vere styret ihende  innan 6.mars 2024.

Årsmøtedokumenta vert gjort tilgjengelege på hareidil.no seinast 13.mars 2024.

Årlege møter i dei ulike gruppene vert gjennomførte slik:

Friidrett: 20.februar kl 19.00 i Basishallen

Handball: 26.februar kl 20.00 i Klubbhuset

Turn: 28. februar kl 20.00 i  Basishallen.

Trim: 7.mars kl 19.00 i Klubbhuset

Hareid IL

Hovudstyret