28. juni 2022

200 PÅ “SKAPARVERKDAG” I ALSKLEIVA 2015

Trimgruppa i Hareid IL var med på gudstenesta.

Ei gruppe frå Musikklaget Melshorn spelte, og trimgruppa i Hareid IL lodda ut premiar.

Gudstenesta var ei markering av “Skaparverkets dag”, og Barbro Østrem var prest.

Juniorkonfirmantane og ei gruppe 7-åringar var sterkt delaktige i gudstenesta.

Medan juniorkonfirmantane stod føre tekstlesing og elles hadde “pynta” vegen opp i kleiva med bibelord, vandra 7-åringane «pilegrim» frå Holesanden og opp i kleiva tidlegare på dag – og deltok i gudstenesta med salmen «Fader, du har skapt meg».