OBS: Frå 2014 vart løypetraseen endra slik at både start og målgang er på Hareid Stadion.
Løypa går no langs Grimstadvatnet og rundt Snipsøyrvatnet. Denne trasèen er på 21,1 km, heilmaratonen blir då 2 runder.
Sjå kart for løypebeskrivelse.
Detaljert Løype:
Starten er på Hareid stadion og inkluderer ei runde på stadion. Deretter spring ein ut porten forbi Hareidshallen og Hareid Elektriske fram til vegen over myrane og inn på rotarystien til Kaldholen, deretter spring ein rundt Snipsøyrvatnet via Bigset, Kvammen til Kaldholen og nedover vegen til Hareidsbrua. Så via Kirka opp Pålhaugane (løypa for Grimstadvatnet rundt) og avslutning ei runde på Hareid Stadion.