2. desember 2024

Om løpet

Velkomen til Nordvest Maraton!

Dette løpet har blitt arrangert kvart år sidan 1991.

Alle åra har det vore både heil- og halvmaraton.

Stundom har det også vore andre aktivitetar. Sidan 2020 har vi også hatt ei eiga løype for mosjon utan tid.

Nordvest Maraton går i naturskjønne omgjevnader i Hareid kommune.

Løypa består av mest asfalt, men også ein del grus. Løypa inneheld nokre bakkar, men er ikkje hardare enn at mange set pers her.

Du finn mykje info ved å klikke på dei ulike punkta i menyen på sida her. Du kan også følge oss på Facebook (Hareid IL Nordvest Maraton).

Fast starttidspunkt for heilmaraton er klokka 11.00. Halv startar 12.45. Dei i mosjonsklassa kan starte når dei vil.

Skulle det vere spørsmål, så ta kontakt med oss på innboks der eller i det som har vore arbeidsgruppa dei siste åra:

Vidar Vollsæter, Bjarte Sunde, Jon Kåre Mork, Henning Røyset, Kristian Angelsen, Einar Orten Trovåg