27. april 2024

TRASS I UFYSELEG VÊR: 86 PERSONAR I ALSKLEIVA 2009

Heile 86 personar møtte fram til friluftsgudstenesta i Alskleiva søndag – i eit ufseleg vêr med sterk vind og kraftige regnbyger.
Musikklaget Melshorn melde avbod av omsyn til instrumenta sine – og mange tenkte nok at det låg an til messefall. Men presten kom – og då var det berre å gjennomføre. Juniorkonfirmantane hadde «pynta» vegen opp i kleiva med bibelvers – både på plakatar og steinar. Sokneprest Møgster ville ikkje utsetje elektronikken i det nye høgtalaranlegget for væte, og la seg i staden på eit hakk høgare stemmeleie enn elles. To salmar vart sungne. Den sunnmørske fedrelandssongen til Anders Hovdens – «Fagert er landet» – som også stod på programarket, men vart sløyfa. Preika vart korta ned til ein kort appell – og etter velsigninga trekte trimgruppa til Hareid IL ut fem gevinstar på lodda som dei frammøtte hadde fått. Dei frammøtte fekk elles sjå med eigne auge kor fint tillaga vegen over Alskleiva – frå Kvammen-sida – hadde vorte.