Grendacupen er den største turneringa Hareid IL arrangerer årleg, og er også den største turneringa av sitt slag på Sunnmøre. I 2012 deltok heile 43 lag, fordelte i klassane menn, damer og ungdom. Grendacupen vart starta opp i 1994, og har vore i Hareid IL sine hender sidan 2000. Turneringa blir som regel alltid avvikla 28. og 29. desember, men i 2022 blir den avvikla 29. og 30.desember.
Det blir delt ut ein del prisar under turneringa og dei prisane er: Flottaste heiarop, flottaste drakter, fair play prisen og tribuneslitaren. I tillegg blir det kåra beste spelar i kvar klasse samt toppscorar.
Les alt om Grendacupen her.