3. mai 2024

Klart for ny løpsfest i nordvest

Laurdag 24. august blir Nordvest Maraton på Hareid arrangert for 34. gong.

PRESSEMELDING

Nordvest Maraton har blitt kalla det vakraste løpet i Norge. Og det er ikkje vanskeleg å tenke seg kvifor. Løypa går i naturskjønne omgjevnader i Hareid kommune. Ein skal til dømes springe langs Grimstadvatnet og rundt nesten heile Snipsøyrvatnet, to turistattraksjonar. Og ikkje berre er det mykje flott natur å sjå på. Du får også oppleve ei variert løype med både grus og asfalt (og bittelitt tartan), der det både går mykje bortover og litt opp og ned her og der.

Etter at løypa vart lagt om i 2014 startar ein på Hareid stadion, tek Rotary-stien (grus) fram til Kaldholen, spring deretter rundt det idylliske Snipsøyrvatnet (asfalt) før ein spring Kaldholvegen (grus) ned til Hareid kyrkje, før ein svingar seg tilbake mot Hareid stadion. Dei som spring full distanse skal gjennom denne flotte løypa to gonger. Detaljert løypeskildring finn ein på heimesida.

God deltaking

Nordvest Maraton har hatt sine bølgedalar i deltakinga gjennom 33 år, men har opplevd veldig god framgang dei siste åra. I 2020 fullførte 113 deltakarar halvmaraton og 14 på heil – det (127) var ny rekord! Både 2021- og 2022-utgåvene av løpet kom inn på topp seks-lista over dei best besøkte utgåvene.

I 2023 kom det ein liten dupp, noko som truleg både skuldast varmen og kollisjon med Saudehornet Rett Opp. Men i år er Nordvest Maraton flytta ei veke, så det kolliderer ikkje med det arrangementet. Og det blir vel neppe 28 gradar i år også?

Det blir i år som dei fire siste åra også ein trimvariant utan tid – 8 eller 21 kilometer.

Hafsås i tet

Det viktigaste med Nordvest Maraton er jo sjølvsagt å få med seg breidda.

Men ein kjem heller ikkje vekk frå at nokre er meir ambisiøse enn andre.

På heil distanse er det ingen som har vore kjappare enn Helge Hafsås frå Olden, som sprang i mål på tida 2.33,03 i 2006. Det var i den gamle løypetraseen. Løyperekorden for kvinner var det Hareid ILs eiga Therese Falk som sette i 2021. Tida ho fekk laud på 3.08,05.

Berry van den Bosch, Strindheim er beste kvinne på halv distanse. I 1996 fekk ho tida 1.28,08. Beste mann på halv distanse er Oddbjørn Skogen, som i første året løpet var arrangert (1991) slo til med tida 1.09.35.

Men i 2021 var ikkje ørstingen Sjur Haug langt unna å ta den, då han sprang inn på 1.09,50. Kanskje nokon prøver seg på Skogen sin «uslåelege» rekord i år?

Lokale eldsjeler står bak

Nordvest Maraton har sidan starten i 1991 vore leia av fleire lokale eldsjeler. Fleire av dei er med framleis. Styret har sidan 2017 bestått av Vidar Vollsæter, Jon Kåre Mork, Bjarte Sunde, Henning Røyset, Kristian Angelsen og Einar Orten Trovåg.

I tillegg bidreg ei rekkje andre personar på ulike måtar før og under arrangementet.

Påmelding

Påmeldinga i år startar 1. august. Følg med på https://www.hareidil.no/pamelding/.

Førehandspåmeldinga stenger klokka 21.00 torsdag 22. august. Det er mogleg å melde seg på i sekretariatet på løpsdagen, men det beste er om flest mogleg melder seg på i god tid.

Anna

Det blir i år som i fjor ei staseleg premieutdeling.

Alle får ein flott deltakarmedalje. I tillegg blir det premiering av topp tre i kvar klasse.

Kor vidt premieutdelinga blir inne på klubbhuset eller ute på stadion kjem vi tilbake siste veka før løpsstart.

For statistikk, rekordar, kart og anna relevant informasjon, så sjekk i menyen her på heimesida.

Heilmaraton startar klokka 11.00, halv klokka 12.45. Dei i mosjonsklassa kan starte når dei sjølv ønskjer det, frå klokka 11.00.

Vel møtt!

(PS. Vi kjem som vanleg med «siste info» her på sida nokre dagar før løpsstart. Enn så lenge: Følg oss gjerne også på sosiale medium. Sida vår på Facebook heiter «Hareid IL Nordvest Maraton».)