2. november 2024

Arnold er Hareid IL Fotball sin nye spelar- og trenarutviklar

Hareid IL har gleda av å kunne ønskje Arnold Origi (38) velkomen som spelar- og trenarutviklar i fotballgruppa.

Han går inn i ei 30 prosent-stilling som varer til 1. november. Arnold startar i jobben allereie måndag og vi legg opp til eit velkomstmøte for trenarar og andre klokka 17.30 tysdag.

Når ting har fått sett seg blir det gruppetreningar for satsande spelarar både i barne- og ungdomsfotballen, i tillegg til keepertreningar.

Arnold skal også ha ansvar for hospitering og vere trenarutviklar. Ein del av stillinga går ut på å følgje opp trenarar og spelarar under og etter kampar.

Hareid IL er svært nøgde med å få ein kapasitet som Arnold på plass. Han har nettopp trappa ned som fotballspelar og satsar no som trenar. Han har landets nest høgaste trenarutdanning både som keepertrenar og vanleg trenar.

Som keeper slo Arnold gjennom for Mathare United i heimlandet Kenya. Seinare har han spelt for ei rekkje klubbar, mellom anna norske klubbar som Lillestrøm og Moss. I fjor spelte han for Hødd.

Arnold har 45 landskampar for Kenya.

I Hareid IL kjem Arnold til å jobbe tett saman med fotballstyret, som også blir arbeidsgjevaren hans.

Hareid IL Fotball ønskjer Arnold hjarteleg velkomen til oss! Vi gler oss!

Les også meir i Vikebladet Vestposten: https://www.vikebladet.no/sport/i/47JjR9/hentar-origi-til-hareid-il