28. mars 2024

Halvvegs i vanskeleg oppkøyring

Torsdag spelar Hareid a-lag for menn sin femte av åtte planlagte treningskampar. Det kan derfor passe med ein liten statusrapport.

Av dei fire kampane så langt har det blitt to sigrar (mot Hødd 2 og Åmdal) og to tap (Spjelkavik og Aksla). Hareid har scora sju mål på desse kampane. Natnael Belay er den einaste som har scora meir enn eitt (spelemål + straffemål mot Hødd). Eitt av dei andre sju måla har blitt scora av ein spelar som seinare har signert for Hasundgot (Isak Sundgot), medan eit anna har blitt scora av ein prøvespelar som neppe blir Hareid-spelar i denne omgang (Bam Hide).

Torsdagens bortekamp går mot Emblem (kampstart 20.00). Det blir første gong i år Hareid møter ein 4. divisjonskollega.

Oppkøyringa til Hareid har mildt sagt vore ei berg- og dalbane. I periodar har det blitt trena godt. I andre periodar har det vore få spelarar tilgjengelege. Det heng mellom anna saman med at mange spelarar har vore ute med kovid og enkelte også ute med seinverknader.

Dessutan er skadesituasjonen per no ikkje god. Fjorårets beste spelar Martin Nikolai Longva har vore lenge ute med ein kneskade og blir nok ute ei stund til. Midtbane-strateg og fjorårstoppscorar Petter Haddal Worren (biletet) slit med ankelen og er heller ikkje kampklar med det første. Som vi har lese på Facebook har den frå før av skadeplaga Gabriel Olav Peterson brote handa, noko som gjer at han også blir ute ei stund. Skada er også Kristoffer Thue Stranden, som signerte for Hareid i vinter. Kvar han ligg i løypa er litt usikkert, men han spelar i alle fall ikkje mot Emblem. Det gjer heller ikkje Håvard Knudsen Bjåstad, som opna oppkøyringa bra før han fekk både kovid og ein kneskade. Men det er ikkje sikkert det er altfor lenge til bjåstingen er tilbake på bana.

At nokre er ute betyr derimot at andre får sjansen. Mot Åmdal sist veke starta Hareid med fire hospitantar, og ein del av dei ser vi nok også i aksjon mot Emblem. Oskar Fevang er også med i troppen. Han spelte litt på Hareid 2 i fjor, og er i likskap med Ole André «Lensmannen» Kragset politimann. Og som vi veit politibetentane her på øya å vere gode fotballspelarar.

På plussida er det også nokre travarar som ser ut til å ha hatt ei bra oppkøyring. Kaptein og klubbslitar Gustav Bjørlykke Kløvning til dømes har trena bra i år og vart nummer to på a-lagets Cooper-test i går. Litt mindre lovande (for laget sin del) var det kanskje at det var ein frå støtteapparatet – Gustav sin onkel Lars Petter Bjørlykke – som vann same Cooper-test.

Andre spelarar som har trena jamt og godt er (i utval) William Valde Bigset, Oliver Sylte og James Sjåstad. Så sjølv om det har vore problem i oppkøyringa og skadesituasjonen framleis er lite god, så betyr ikkje det at alt er heilsvart.

Som vi kunne lese i Vikebladet Vestposten sist veke har heller ikkje Ruben Kenneth Brandal gitt opp sesongen, sjølv om han knapt nok har trena med laget så langt i år.

Vel, vel. Vi tek ein kamp om gongen. Som vanleg er det håp om oppdateringar frå Emblem på Facebook, utan at vi kan love noko.

Uansett: Girri, girri!