25. april 2024

Hareid – Herd fredag 18.30

Oppkøyringa til Hareid sitt herrelag nærmar seg slutten. Fredagens kamp mot Herd blir ikkje generalprøve. Det står nemleg igjen ein kamp mot Hasundgot måndag også. Men det blir siste – og faktisk berre ein av to kampar denne vinteren – mot ein 4. divisjonskollega.

Derfor kan vi kanskje få eit godt innblikk i korleis Hareid står akkurat no i denne kampen.

For Hareid sin del har det vore ei berg- og dalbane-oppkøyring. For ein god månad sidan såg det retteleg bra ut med enkelte treningar med over 20 deltakarar og ein uttatt stall inkludert hospitantar på over 25 mann.

Men dei siste vekene har det hangla. Mot Hødd 2 sist veke mangla heile 15 spelarar. Og nesten alle var anten sjuke eller skadde. Sjølv dei som har vore med laget i fleire tiår kan ikkje hugse så mange samtidige forfall.

Men dei som har vore med lenge veit også at det svingar i fotballen. Det er urealistisk å tru at 15 mann er tilbake til seriestarten om to veker. Men håpet må vere at i alle fall nokre av dei er det. Og slik vi forstår det er både Kristoffer Stranden (skadeplaga) og Joakim Sæter (skuletur) aktuelle til Herd-kampen.

På plussida må det også seiast at mange unge spelarar har nytta sjansen til å vise seg fram på ein positiv måte dei siste kampane. Andreas Knardal er ein av dei, og vi ser han på det vedlagte biletet saman med Ørjan Engen Grimstad og James Sjåstad. Knardal hadde både mål og målgjevande i stortapet mot Hødd 2 sist veke. La oss håpe Andreas held fram framgangen, og også at den skadeplaga storebroren Johannes snart er tilbake på bana.

Vel møtt til ein interessant treningskamp på Hareidsmyrane stadion fredag! Girri, girri!

Treningskampresultat så langt:

Spjelkavik – Hareid 6-1

Aksla – Hareid 2-1

Hødd II – Hareid 1-3

Hareid – Åmdal 2-0

Emblem – Hareid 4-2

Hødd II – Hareid 11-4