26. april 2024

Hareid storspelte mot Emblem i serieopninga

Hareid A-lag fekk ein draumestart på årets 4. divisjon, borte mot Emblem. For i den første teljande kampen på over 20 månadar, so klaffa verkeleg det aller meste for Hareid. Laget forsvarte sitt eige mål nesten feilfritt, og var svært gode framfor Emblem sitt – og då dommaren blåste av kampen var stillinga 0-5 mellom Emblem og Hareid.

At serieopninga skulle vise seg å bli til ein skikkeleg storsiger, det var det nok få som hadde trudd, verken so mange spelarar eller i støtteapparatet. Men at Hareid-laget ønska å vinne, det var det liten tvil om, og det viste dei frå start av. Etter sju minutt skapte Hareid sin første store sjanse. Ein corner blir då berre halvveis klarert ut frå Emblem si boks, og William Valde Bigset vinn ballen, tek den med seg slik han får avslutta frå omkring 16 meter, og skyt den langs bakken, rett i høgre stolpe, og ut.

Berre fem minutt seinare treff Hareid stolpen igjen. Ei lang pasning blir først slått opp på Ruben Kenneth Brandal, som etter over 20 månadar endeleg skal få vise litt av magien sin igjen. For der dei aller fleste enten hadde prøvd å dempa ballen med hovudet eller brystkassa, so løftar han like so greit opp eine foten, slik den er på høgde med eige hovud, og tek ned ballen på den måten slik ballen ligg perfekt framfor han, på ein måte som berre han kan. Deretter slår han ei pasning til Kim-Andre Lid Alvestad, som kjem i full fart framover. Han tek med seg ballen nokre meter, før han skyt frå ca. 25 meter. Ballen er på vei rett i høgre kryss, men Emblem sin keeper vartar opp med ei meisterleg redning, og får slått ballen i stolpen og ut.

Då det var spelt 25 minutt skapte Emblem sin første skikkelege sjanse, og den var verkeleg stor. For plutseleg er Emblem sin eine angriparar åleine med keeper Rikard Johannes Osnes. Osnes kjem ut og gjer målet so lite som mogleg, og held seg samtidig på beina heilt til Emblem-angriparen avsluttar. Heldigvis for Hareid reddar han skotet meisterleg, og held Hareid inne i kampen.

I staden for at Emblem gjekk opp i leiinga på den store sjansen, so var det Hareid som gjekk rett i angrep, og denne gongen skulle bortelaget få utteljing. Ruben Kenneth Brandal utfordrar ein Emblem-forsvarar på kanten av 16-meteren, tek tunnel på han, og tek seg vidare innover i boksa. Han slår so ei pasning i føta til William Valde Bigset, han dreg seg til høgre, slik han akkurat får nok tid til å avslutte, omkring 10 meter frå mål, og plasserar ballen uttakbart i høgre hjørne bak keeper. Stillinga er dermed 0-1 etter 26 minutt spelt.

Berre 6 minutt seinare, i det 32. minutt, skal Hareid auke leiinga si. Då får Hareid nemleg eit frispark ca. 35 meter frå Emblem sitt mål, eit godt stykke ut på høgre sida. Hareid flyttar då mykje spelarar fram på denne dødballen, og Ruben Kenneth Brandal slår ballen inn i feltet. Det er derimot ein Emblem-spelar som vinn ballen, og headar den nokre meter ut. Men her, ca. 20 meter frå mål, vinn Martin Longva ballen. Han dempar den på brystkassa, og på heilvolley skyt han den rett i høgre kryss, til 0-2. Eit skikkeleg kunstmål, som fort kjem til å vere ein svært sterk kandidat til årets mål når vi summerar opp sesongen 2021!

Det ser ut som stillinga kjem til å vere 0-2 når laga går til pause, men banens bestemann, William Valde Bigset, har andre planar på overtida av 1. omgong. For han krigar med seg ballen langt inn i 16-meteren. Keeper kjem ut for å prøve å ta ballen, men hovuddommar vurderar det som om han tek meir spelar enn ball, og dømmer dermed straffe til Hareid. Petter Worren, som forresten spelte sin første offisielle kamp for Hareid, går opp for å ta straffa. Han er heilt rolig, og plasserar ballen enkelt nede i venstre hjørne. Stillinga var dermed 0-3 til pause.

Petter Worren rett før han skyt straffesparket sikkert i mål.

Til 2. omgong gjor Hareid to bytte. Ut gjekk Daniel Hüttner Pilskog, og inn kom Johannes Knardal. Ruben Kenneth Brandal gjekk også ut, og inn for han kom Sebastian Hansen Bjørlykke. Ein kunne tru at det Emblem skulle komme ut til 2. omgongen å opptre på ein heilt anna måte, og blant anna presse mykje høgare. Men sjølv om dei gjor visse forandring, blant anna eit formasjonsbytte, so påverka ikkje det Hareid so altfor mykje. For Hareid spelte seg ut i dei fleste situasjonar, og gav Emblem svært få sjansar.

Hareid var også det laget som skapte den første store sjansen i 2. omgong. I det 62. minutt drog William Valde Bigset seg ned til dødlinja inne i feltet til Emblem, han slo so ballen inn mellom keeper og forsvaret. Der kom Johannes Knardal sklidande inn i full fart, men dessverre for Hareid var foten hans to størrelsar for små.

Sjølv om det ikkje blei mål på den sjansen, skulle 0-4 målet berre komme to minutt seinare. Då mottek William Valde Bigset ballen på venstresida, eit lite stykke inn på Emblem sin banehalvdel, etter ei pasning frå Martin Longva. Valde Bigset tek like so godt med seg ballen 30-40 meter fram, forbi og rundt alle Emblem-spelarar, inn i 16-meteren, og plasserar ballen leikande lett til side for keeper. Rett og slett eit svært vakkert mål!

Men Hareid var framleis ikkje ferdige med å skåre. For i det 68. minutt skulle publikum på Emblem Stadion få vere vitne til nok eit nydeleg mål, mest sannsynleg til størst glede for dei tilreisande supporterane. Kim-Andre Lid Alvestad såg nemleg ut til å ha blitt inspirert av Valde Bigset sitt mål berre nokre minutt tidlegare. For Lid Alvestad mottok ballen eit lite stykke inn på Emblem sin banehalvdel, på høgresida. Han tok med seg ballen framover, i høg fart. Fleire Hareid-spelara tok gode løp rundt han, og drog med seg fleire motspelarar med seg. Dermed var det berre for Kim-Andre Lid Alvestad å fortsette framover, å drible seg forbi spelar etter spelar. Tilslutt var han langt inne i Emblem sin 16-meter, då runda han ein siste spelar, før han roleg plasserte ballen til side for keeper med venstrefoten. Endå eit vakkert mål!

Etter dette var kampen definitivt over, og dei siste 20 minutta var det ikkje veldig mykje å rapportere om. Anna enn at Rikard Osnes varta opp men ei fin redning på slutten av kampen.

Om ein skal prøve å oppsummere kampen, so må ein hvertfall kunne slå fast at Hareid fekk ein draumestart på årets 4. divisjon. Det er svært vanskeleg å seie kor gode eller eventuelt svake Emblem er samanlikna med andre lag i divisjonen, men som hovudtrenar Kim-Tore Husøy sa rett etter kampslutt, so er det berre å innstille seg på at måndagens heimekamp mot Rollon kjem til å bli betydleg tøffare.

Det kjem til å bli ei svært spennande veke for Hareid, som har kamp både måndag og fredag neste veke. Vi satsar på at karane fortset på same måte i desse kampane!

Girri, girri!

Lagoppstilling: Rikard Osnes – Nauris Driksna, Martin Longva, Gabriel Olav Peterson, Daniel Hüttner Pilskog (Johannes Knardal) – Gustav Bjørlykke (Adolphus Jacobs), Ola Kalvø Vattøy (Christian Korshaug), Ruben Kenneth Brandal (Sebastian Hansen Bjørlykke) – Kim-Andre Lid Alvestad (Benjamin Riise Erdal), William Valde Bigset, Petter Worren

Hareid sine tre beste spelara:

*** William Valde Bigset: skåra to mål, og skaffa straffesparket som føre til 3-0. Har også eit skot i stolpen.

** Martin Longva: Utruleg viktig for at Hareid held nullen denne kampen. God i duellspelet, både langs bakken og i lufta. Skåra også eit fantastisk mål.

* Petter Worren: I sterk konkurranse med Kim-Andre Lid Alvestad får Worren ei stjerne. Skåra på straffesparket, men framfor alt svært viktig i spelet.


Skriven av: Anders Hüttner Pilskog