16. april 2024

Grendacup-comebacket vart ein braksuksess

Vi skal ikkje påstå at den 27. utgåva av Grendacupen var tidenes beste, men det var heilt klart ei av dei beste.

Kor vidt ei turnering er ein suksess eller ei spørst sjølvsagt kva kriterium du legg til grunn, og kven du spør.

Mange vil kanskje legge mest vekt på korleis det gjekk med sitt lag sportsleg, eventuelt det laget dei heldt med. Andre er mest opptekne av å ha ein god plass på tribunen og tilgang på gode varer i kiosken. Atter andre er mest opptekne av dømminga eller kvar næraste ispose ligg. Ingenting blir perfekt, verken i VM eller i lokale turneringar.

Men ut frå ei rekkje kriterium har arrangørane all grunn til å seie seg nøgde med denne utgåva av Grendacupen. For det første var det uklart kva standing cupen hadde blant folket etter tre års pause. Den usikkerheita kunne vi fort avskrive. Det skulle sjølvsagt ha vore med nokre fleire ungdomslag, men det var med fleire seniorlag enn før koronaen. Og om det ikkje var tilskodarrekord kan det ikkje ha vore langt unna heller.

Vidare var det relativt jamt sportsleg nivå og ein heil haug med spennande kampar. Det oppstod ei rekkje twistar undervegs i turneringa i fleire klassar. Dessutan var showkampen eit populært innslag. Det same var loddsalet med blant anna ei signert Benfica-drakt i potten. Og etter litt trøbbel med anlegget dag 1 laga gjengen i speakerboda god stemning utover i turneringa.

Vi skal ikkje i denne omgang gå gjennom heile turneringa sportsleg. Mykje er allereie meldt på Facebook-profilen vår og på mylivescore.no (sjekk også vikebladet.no). Men kjapt og gale:

  • For ungdom jenter var det etter gruppespelet ingen som trudde noko anna enn at GoalDiggers skulle vinne. Men i finalen var det Liggeunderlaget som var i best slag og vann 2-1. Anna Maria Pilskog frå vinnarlaget vart årets spelar. Det er idrettsgenar i den familien…
  • For ungdom gutar var det favorittlaget Ballalaika som vann, men dei fekk bra motstand både i finalen og i fleire kampar i gruppespelet. Årets spelar vart Martin Vik frå vinnarlaget.
  • Som Skribenten Bygdedyret hadde tippa vart det ein ganske jamn dameklasse, men med Here For The Exercise som knapp vinnar. Dei slo det Helvig/Årsbog Bjåstad-dominerte laget Siste Liten 4-3 i finalen. Dermed vart det ingen åttande Grendacup-triumf for Martha Helvig Omdal i denne omgang, noko som i tilfelle ville ha vore rekord uansett kjønn. Anna Aahjem vart ikkje uventa årets spelar, i tillegg til å bli toppscorar.
  • Blant karana kunne Karjana tatt sin tredje triumf sidan 2016. Men eit heilt nytt Grendacup-lag stakk av med det vi får seie var ein fortent siger til slutt. Dei har fått mykje tyn for namnet sitt, men det var altså Hardbarka Alkisa som vann 4-2 i finalen mot Karanje. I motsetning til fleire av dei andre laga som kom langt viste vel eigentleg aldri Hardbarka Alkisa spesielle svakheitsteikn denne turneringa. Daniel Notanes Brandal frå vinnarlaget vart kåra til beste spelar.
  • Den som smilte aller breiast var derimot truleg Christian Nykrem Korshaug. I tillegg til at han var spelande lagleiar for vinnarlaget stakk han av med Benfica-drakta i lotteriet. Etter kampslutt signaliserte Christian kjapt at han i løpet av eit par-tre år kjem til å ha vunne Grendacupen fleire gongar enn onkel Per Ståle Nykrem.

Sjekk elles Facebook-profilen vår for liste over dei andre prisvinnarane.

Men vi vil nytte dette høvet, når vi først skal runde av eit hektisk år for fotballgruppa i Hareid IL, til å nemne at Anders Eidsvik vart kåra til årets eldsjel. At fotballgruppa har hatt eit positivt år med mykje engasjement, der mange trekk i same retning, er det fleire som skal ha æra for. Men få har vel engasjert seg så breitt som Eidsvik, der han har involvert seg både i sportslege, adminstrative og anleggsmessige nyvinningar. Tusen takk for årets innsats, Anders! Så håper vi årets Grendacup kan danne grunnlaget for endå eit godt år for fotballgruppa i 2023.

Men først må arrangørane og spelarane få kvile seg til over helga. Godt jobba av alle saman! Og tusen takk også til dommarar, publikum og sponsorar.

Vi ønskjer alle eit godt nyttår!

Og følg med på Facebook-profilen vår for fleire bilete frå Grendacupen utover nyttårshelga.