hareid_il_logo_135.png









 

13.05 Viktig melding! 

Det er svært lite mailar frå dei forskjellige yngreslaga så langt i sesongen, om kampreferat.

Utan at kvart enkelt lag sender inn små eller store referat frå sine kampar, får ein ingen publisering av dette på heimesida vår.

Håper no at oppmenn tek eit tak i nakken sin, og sender inn stoff til sida, slik at vi kan oppretholde interessa rundt dette.

Dette er ei side for all fotball på Hareid, og ikkje kun a-laget.

Send alt stoff til:

hareidsfotball@hotmail.com

 13.05.2008 20:00

13.05 Dugnad i morgon!!

I morgon skal styret til fotballgruppa ha dugnad på stadion, og starten på denne er sett til klokka 17.00.

Fleire ting må gjerast, for å ha ein fin stadion klar til kamp på fotballens nasjonaldag!

Vi håper at nokon av våre kjære fotballvenner tek med litt arbeidslyst og kjem og hjelper oss!

13.05.2008 20:00

13.05 A-laget har åpna grasbana 

A-laget trente i går på Hareid stadion, for første gang i år. Framover er det denne arenaen a-laget skal nytte seg av, så lenge vergudane er med oss slik dei har vore den siste tida. 

Grasbana på Hareid ser meget imøtekomande og fin ut på avstand, men når ein tek seg ein tur ut på sjølve matta, møter ein ei ujevn og svært dårlig bane.

Likevel skal a-laget no trene og spele kampane sine på her i tida framover, og har sin første seriekamp på naturgras komande fredag, når Langevåg kjem på besøk.

I går såg det kjapt litt lysare ut på skadefronten til Hareid. Ole Magnus og Marius var med og trente for fullt, medan Torgeir enno trente alternativt. Dei to førstnevnte har meldt seg klar til kamp igjen, medan det framleis er usikkert rundt Torgeir.

Eiliv Tore Howlid trente ikkje i går, pga selskap, men skal vere klar igjen ifølge enkelte spelarar.

Det blir ny trening imorgon, før Hareid skal reise seg etter det bitre tapet for Sykkylven forrige fredag, med å forhåpentligvis slå Langevåg, som slo oss ut av cupen tidlegare i vår.

Det har versert litt rykter om at Even Hansrud har karantene i den komande kampen, men etter ein grundig sjekk har Hansrud 2 gule kort, og spelar dermed for Hareid fredag.

13.05.2008 20:00

12.05. Lokomotiv Trondheim i gong

Dei heiter ikkje Lokomotiv Trondheim, men "Kroppan", og har mellom anna Ola Marius Rise og Aslak Vikebakk på laget. No har dei opna sesongen i 5. divisjon Trøndelag. Dessverre kan vi ikkje legge ut resultaet her, på grunn av hensyn til dei som spelte. Men Kroppan tapte med stygge stygge siffer...
 
12.05.2008 19:00

08.05. Hareid går ein tøff kamp i møte

Fredag reiser Hareid sitt a-lag til Sykkylven og spelar om sin 4. strake siger. Ei svært redusert tropp kan du sjekke her.

Hareid har fått ein glimrande start på sesongen, og har full pott etter 3 seriekampar.

Hareidlandet sitt nest beste fotballag fekk brått mange skader på nøkkelspelarar før sesongen, men Skotty/Televik har vist taktiske egenskaper ein kan bli imponert over, og fått det beste ut av mannskapet til kvar kamp.

Desse er uaktuelle til fredag:

Marius Rise - Rygg.

Ronny Jørgensen - Kneskade.

Espen Beiermann - Vekkreist.

Nikolai Røyset - Vekkreist.

Jon Erik Ertesvåg - Rygg.

Daniel Richardsen Hansen - Kyssesjuka?

Marius Slettebakk - Strekk.

Ole Magnus Melchior - Strekk.

Torgeir Rusten - Fot.

Eiliv Tore Howlid - Ribbein.

Remi Helleseth - Akkiles.

Lang lang liste over spelarar vi gjerne skulle hatt skadefrie, men skader er noko ein ikkje kan gardere seg mot, og Hareid reiser med fylgjande tropp:

Vagn Scheide Mork, Åge Møgster, Ørjan Engen Grimstad, Martin Molnberg, Ruben Kenneth Brandal, Even Hansrud, Per Ståle Nykrem, Kim Tore Husøy, Jan Robin Haraldsvik, Christian Mork, Robin Indreflø, Håkon Lonbakken, Fredrik Abrahamsen, Antoni Gardshol, Andre Skotheim og Geir Televik.

Desse køyrer: Åge Møgster, Martin Molnberg, Per Ståle Nykrem, Knut Helge Hovden.

Vi reiser på ferga 16.00 fra Hareid.

08.05.2008 00:00

09.05. Moldskred og Snipsøyr til Hareid?

Det er venta at Joachim Moldskred blir Hareid-spelar igjen før sommaren ein gong. Han spelar akkurat no for Lokomotiv Oslo, men han var med på a-laget til Hareid med ujamne mellomrom mellom 2003 og 2006. Skader gjorde at han sjeldan var med så altfor lenge i gongen. Moldskred kan spele indreløpar, sentral midt, stoppar og back.

Spekulasjonane går også i om angriparen Magnus Snipøsyr kan bli Hareid-spelar igjen. Snipsøyr kom tilbake frå folkehøgskule-opphaldet sitt i går, og skal vere lysten på å prøve seg. 19-åringen fekk ein del speletid på a-laget i 2006.

09.05.2008 00:00

080.05. J16 møtte tøff motstand på Sandsøya

Hareid sitt j16 lag møtte tøff motstand på Sandsøya i går kveld. Trenar Hans Røyset har sendt referat frå kampen, som du kan lese her.

J16  Åram Kvamsøy Sandsøy - Hareid 4-0.    Sandsøy grusbane.

Det blei tap 0 - 4  i sesongens andre seriekamp for jentelaget. Kampen gjekk av stabelen i flotte naturomgivelsar på Sandsøy.

I fint vårvær, var grusbana på Sandsøya hard, laus og støvete.  Det blei ei rotete kraft prøve for begge lag.

Banespelet var jamnare enn sluttresultatet viser. Dei lette tekniske jentene på Hareids midtbane/angrep, hadde mykje av spelet i kampen, men vi klarte sjelden å omsette dette i målsjangser. Ballen spratt hensynslaust for mykje, i forhold til kva vi er vant til på Hareid KGB.

Lagleder ser i ettertid, at vi kanskje skulle lempa ballen meir inn mot mål, og satsa på å score på kaos situasjioner inne i målfeltet. På denne bana , var det vanskelig å få flyt i noke løps og pasnings spel .

Måla til Åram kom då, karakteristisk nok, på sånne "lempe inn i mål situasjoner." Dødball situsjoner med langt innkast mot mål, gode corner trekk og eit straffespark som vi meiner var feilaktig dømt. Ballen spratt ufrivillig rett opp i arma på ei av jentene. Ein plass må faktisk arma henge på kroppen vår.(logikk)

Hareidsjentene stod på og jobba heile kampen gjennom, sjølv om måla kom mot oss, ut i andre omgang.
Vi hadde dessverre ikkje marginane på vår side denne gangen. Med litt tur, kunne resultatet ha vore annleis.

Likevel var det greitt at Åram gikk av med sigeren. Laget deira var sterke fysisk og kjempa godt. Mest sannsynleg, er mange av dei oppdregne på protein rik mat fra havgapet. Sei, torsk, hummar og krabbe, har nok vore på menyen ofte for den gjengen, fysikken deira var kraftig god. På løpskapasitet matcha vi dei uten problem.

På eit godt kjempande Hareid lag, syns eg Iselin hadde en flott andre omgang i forsvaret og Fredrikke viste mykje fint teknisk spel på ei humpete hard midtbane.

Haka datt litt ned på oss rett etter kampslutt, men etter en fin båttur i havgapet, besøk i styrhuset på ferga og ei god medbrakt niste innabords, var smilet på plass igjen på denne flotte gjengen.

Vi står på vidare og satser på å revansjere oss neste kamp.

Ref.
Hans R. 
 
08.05.2008 00:00

05.05. Aafk2 vann 10-0 og inntok tabelltopp.

Aafk2 vann 10-0 over Blindheim i kveld, og nok ein gong skora Lasse Olsen hattrick. Hødd2 vann også. 

Aafk2 vann i kveld 10-0 heime over Blindheim, og gjekk dermed forbi Hareid og tok teten i 3.div. avd. 17. Lasse Olsen skora 3 mål, og er dermed oppe i 7 mål allereie, og leiar dermed toppskorartittelen. Razak Pimpong skora også 3 mål for dei oransje, som stillte med eit meget sterkt lag frå start. Trond Fredriksen 2, Thomas Gjørtz og Pat Noonan skora dei øvrige måla for Aafk2.

Aafk2 har på papiret hatt ein heldig start på sesongen, med tanke på motstanden. På dei 4 første kampane har dei hatt 3 heimekampar, alle mot antatt bunnlag som Godøy, Rollon og Blindheim. Kor kretsen har fått til dette oppsettet, er uvisst.

Hødd2 vann 3-0 over Sykkylven, og er også med heillt der oppe. Dei blå har dermed enno til gode å tape på kunstgraset i ein obligatorisk kamp. 2-0 ved pause etter skoringar av Caballero og Rekdal, før Nilsen fastsette resultatet til 3-0. I 2.omgang fekk Hødd utvisning på Nyland, som er keeeper, utan at dette sette preg på kampen.

Tabellen er dermed slik:

AaFK 2       4 3 1 0   25 : 3 22   10
Hareid        3 3 0 0   11 : 4 7   9
Volda         3 3 0 0   9 : 2 7   9
Brattvåg    3 2 1 0   8 : 2 6   7
Hødd 2       3 2 1 0   7 : 2 5   7
Langevåg   3 1 1 1   8 : 4 4   4
Valder       3 1 1 1   10 : 10 0   4
FK Sykkylven       3 0 1 2   1 : 7 -6   1
Spjelkavik       2 0 0 2   1 : 7 -6   0
10  Godøy       3 0 0 3   4 : 13 -9   0
11  Rollon       3 0 0 3   4 : 19 -15   0
12  Blindheim       3 0 0 3   3 : 18 -15   0 
 
05.05.2008 22:00

04.03. Skryt på heimesida, som lova

Ingen hadde måka, så juniorlaget fekk ikkje trene på kunstgraset i dag. Dei som i staden var sporty nok til å gjennomføre ei knallhard trening i trappene ved symjehallen, skal som lova få namna sine her:
Arvid Holstad, Fredrik Abrahamsen, Antoni Gardshol, Marius Bekkemellem, Joachim Røyset...

04.03. Treningskamp for juniorlaget

Juniorlaget tek sikte på å spele treningskamp borte mot Bergsøy laurdag klokka 12.30. Vi har fått eit par forfall, men reknar med å kunne ha meir enn nok folk til å stille lag.

03.03. Dette er 1.-divisjon junior:

AaFK - Hareid - Hødd - Spjelkavik - Volda - FK Sykylven - SIF - Herd

Nye frå i fjor er FK Sykkylven og Spjelkavik. Brattvåg og Bergsøy var med i fjor, men klarte ikkje kvaliken i år.

Det skal spelast trippel serie. Hareid har gitt beskjed til kretsen om at dei aller helst vil spele tysdagskampar, sidan det passar best opp mot a-laget sitt opplegg. Men det er ikkje sikkert det blir så lett. Fleire av laga har nemleg opplyst kretsen om at dei vil ha måndagskampar.

02.03. Hareid slo tilbake: vann 3-1 mot Sykkylven

Hareid revansjerte det litt pinlige 1-4-tapet mot Blindheim då Sykkylven vart slått 3-1 søndag.

 

01.03. Reserve-Hareid tapte 1-4 mot Blindheim

Eit reserveprega Hareid tapte laurdag 1-4 mot Blindheim i ein svak kamp.

 

01.03. Første av 2 kampar i dag!

Hareid spelar 2 kampar denne helga. Den første går mot Blindheim i dag klokka 12. I morgon til samme tidspunkt møter vi Sykkylven, begge kampane går på Hareidsmyrane kunstgras, og felles til begge kampane er at Richard Martin Hunstad dømmer begge to.

Forhånd.1...10111213
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR