27. april 2024

Trenarteam for a-lag menn i 2024

Hareid IL Fotball er svært glade for å presentere Odd Sverre Urke (biletet) som hovudtrenar for a-lag menn i 2024. Urke har bak seg fleire år som trenar i aldersbestemte klassar i Hødd, før han gjekk inn som hjelpetrenar for a-laget framfor 2023-sesongen.

Vi er også svært glade for at Reidar Vikebakk held fram som hjelpetrenar. Vikebakk har 45 års erfaring som trenar i IL Hødd, i tillegg til sju år i aldersbestemt avdeling i Hareid IL. Også han gjekk inn i trenarteamet før 2023-sesongen.

Ørjan Engen Grimstad, i år spelar- og trenarutviklar, får også ei sportsleg rolle rundt laget. Grimstad er også innstilt som ny sportsleg leiar for seniorfotball menn til det årlege møtet i fotballgruppa som blir gjennomført torsdag kveld. Han vil då eventuelt avløyse Emil Johannes Dahlen Folkestad, som har hatt rolla dei siste to åra. Grimstad skal etter planen også spele sjølv.

– Eg er svært godt nøgd med denne trenarløysinga. Dette er eit kompetent trenarteam med mykje rutine, mykje ungdommeleg pågangsmot – og god kontinuitet. A-laget hadde ein bra haustsesong med gode resultat og ein ganske brei stall. Vi håper no å ha grunnlaget for at a-laget held fram framgangen inn i 2024-sesongen. Men det viktigaste no blir sjølvsagt først og fremst ein god treningsvinter, seier Folkestad i ein kjapp kommentar.

Han takkar samtidig årets hovudtrenar Stig Andor Engen for innsatsen.

Det er ikkje meldt at spesielt mange spelarar sluttar etter årets sesong, samtidig som det allereie skal vere nye spelarar på veg inn. Det blir også viktig å vidareutvikle dei unge og lovande spelarane som allereie er i klubben.

Hareid IL Fotball ønskjer også å takke Emil Johannes Dahlen Folkestad for utrøytteleg innsats som sportsleg leiar dei to siste åra. Han skal ha ein stor del av æra for at laget kom seg på føtene igjen etter koronaperioden.