26. april 2024

Tradisjonell årsfest – med ekstra fokus på trenarlegende

Laurdag kveld var det duka for årsfest for dei eldste laga i fotballgruppa + styret og andre medhjelparar. Det var ein fest etter same lest som fotballgruppa hadde stor tradisjon for på 2010-talet, altså før koronaen kom. Det vil seie prisutdelingar, talar, underhaldning, pizza og musikk.

I år vart det sett eit ekstra fokus på å heidre ei ekte trenarlegende. Hans Gisle «Kisse» Holstad gav seg nemleg som a-trenar etter denne sesongen. Med det avslutta han (truleg) ein trenarkarriere som har vart til og frå i 50 år. I det høvet vart det delt ut måleri og sagt velvalte ord av Anders «Slakky» Øiestad (multikunstnar) og eit bilete + velvalte ord frå Ruben Kenneth Brandal (a-spelar).

Sidan det ikkje er kvar dag ei trenarlegende av Kisse sin kapasitet gir seg valde også ordførar Bernt Brandal å ta turen innom for å seie nokre år og dele ut blomster. Brandal fortalde om Kisse sin innhaldsrike trenarkarriere. Han sa at han også hadde hatt moglegheiter til å bli trenar for topplag i Norge, men at han då eventuelt måtte ha flytta vekk. Men Kisse har alltid hatt ei sterk dragning mot heimbygda. Så derfor har han heldt seg her, og blant anna vore skulesjef og ordførar, i tillegg til verv i kor og idrett. Då inkludert å ha trena Hareid sitt a-lag i fleire periodar. Kisse fekk også seie nokre ord sjølv. Han sa det hadde vore ein kjekk sesong, men meinte også at det er forbetringspotensial. Så det kan bli kjekt for den som tek over laget til neste sesong.

Elles på programmet hadde begge a-laga quizar. Damelaget ved Caroline Nykrem Korshaug hadde ein sjokolade-quiz, og litt overraskande var det her eit svært rutinert lag med blant andre nemnde Kisse, Vidar Vollsæter og Sindre Breivik som stakk av med sigeren. Herrelaget ved Gustav Bjørlykke Kløvning og Oliver Sulebakk Sylte hadde musikkquiz, men her stridast truleg dei lærde framleis om kven som eigentleg stakk av med sigeren. Tidleg på kvelden hadde medprogramleiar «Slakky» eit musikalsk innslag på keyboard, men i del to av årsfesten var det sjølvaste Ronald Øvrelid som stod for det musikalske. Han spelte ei god blanding av Hareid-låtar (både dei han har skrive sjølv + andre) og meir internasjonalt kjende låtar. Ronald fortalde også nokre gode historier frå Hareid-fotballen i gamle dagar mellom Hareid-songane. Alltid god stemning når Ronald er på plass!

Det vart også delt ut ei rekkje prisar denne kvelden. Spelarprisane vart samla på relativt få hender denne gongen:

Årets spelar, toppscorar og assist-konge a-lag menn: James Kenneth Sjåstad

Årets spelar a-lag kvinner: Helene Sjåstad Kleppe

Årets unge spelar a-lag kvinner + toppscorar: Andrea Holstad Grimstad

Årets unge spelar a-lag menn: Gabriel Olav Peterson

Toppscorar + årets spelar Hareid 2: Kurt Haddal (ikkje til stades – på treningsleir?)

Det vart også høve til å heidre ei rekkje andre støttespelarar denne kvelden, som fekk ei lita påskjønning frå fotballgruppa. Det gjaldt:

Hjelpetrenar a-lag menn: Vidar Vollsæter

Dagleg leiar og lagleiar a-lag menn: Ola Kalvø Vattøy

DJ på heimekampane og diverse kunstneriske oppgåver: Anders Hjelle Øiestad

Trenarar a-lag kvinner: Cecilie Skeide og Silja Øvrelid

Støttespelar a-lag kvinner: Marita Myrvågnes

Trenar i aldersbestemt avdeling og diverse rundt a-lag menn: Gustav Bjørlykke Kløving

Fleire trenaroppgåver i aldersbestemt avdeling: Adolphus Jacobs

Trenar G16 i vinter og vår: Oliver Sulebakk Sylte

Varamedlem i styret, trenar aldersbestemt avdeling og uoffisiell tredjetrenar på a-lag menn: Håvard Knudsen Bjåstad

Sportsleg administrasjon: Petter Haddal Worren

Styremedlem og hjelpetrenar Hareid 2: Emil Johannes Dahlen Folkestad

Andre styremedlemmar: Sindre Breivik og Einar Orten Trovåg

Årets eldsjel Hareid 2: Jonas Brandal

Det vart elles gjort poeng av at Ørjan Engen Grimstad og Nerijus Marcinkevicius har pendla langt og lenge for å spele på a-laget i år, med gode sportslege resultat. Sistnemnde fekk eit bilete med tittelen «The beast from the east».

Dette var då berre dei som var til stades. Det er sjølvsagt mange andre som hadde vore heidra om dei hadde vore der. Men det vart gitt mykje skryt frå talarplass til den jobben Kenneth Nicolaisen og Anders Eidsvik har gjort som høvesvis leiar og nestleiar i fotballgruppa i år. Duoen har stått i spissen for ei rekkje gode nysatsningar denne sesongen, både innan økonomi og sportsleg aktivitet. Dei har vel vore det ein på fotballspråket kan kalle «på ballen» gjennom heile denne sesongen, som altså er den første fulle sidan koronaen kom. Tusen takk til innsatsen til Kenneth og Anders!

Vel, vi får berre på førehand unnskylde om vi gløymde å nemnde noko viktig eller nokon viktige. No blir det ein roleg periode for spelarane fram til oppkøyringa startar i starten av januar. Det betyr derimot ikkje at det skjer viktige ting i fotballgruppa framover. 16. november klokka 19.00 blir det årleg møte på klubbhuset. Dette er fotballgruppa sitt høgaste organ. I tillegg til vanlege årsmøtesaker blir møtet i ein slags kombinasjon med ein haustfest, for å kunne diskutere fortid og framtid over ein bit pizza eller to. Vel møtt!

Og takk for i år! Girri, girri!

PS. Vi legg ut mange fleire bilete frå årsfesten på Facebook-sida til Hareid IL. Prisutdelarar på dei fleste bileta er Bernt Brandal og Emil Johannes Dahlen Folkestad.