28. april 2024

Hareid i skotet, i alle fall etter kvart – oppsummering av 2023-sesongen del 1 av 3

Vi ser for oss at dette blir del 1 av 3 i oppsummeringa av herrelaget sin sesong. Nummer 2 blir spelarstatistikken når den er klar, og så blir nummer 3 årets spelar og anna snacks (den kjem først etter årsfesten i siste halvdel av november).

I denne delen vil vi prøve å kome med ei usminka generell oppsummering frå tribuneplass. Det kan altså vel hende ein spelar eller trenar med betre innsikt vil vurdere ting heilt annleis, men dette er vurderinga frå dei som har sett laget nokre år og vore med på ei rekkje opp- og nedturar.

Først av alt: Kvar legg vi lista?

For vi kan jo verken samanlikne Hareid a-lag med eit 2. divisjonslag eller eit lag i b-sluttspelet i 6. divisjon.

Ut frå storleiken på klubben skulle sikkert a-laget ha vaka mellom 4. og 5. divisjon. Og budsjettet rundt laget er etter alt å døme blant dei aller lågaste i 4. divisjon. Ingen spelarar er betalte, og det er ikkje brukt pengar på treningsleir eller liknande i år. Ingen kan krevje at spelarar tek seg fri frå jobb for å trene eller spele kampar. Spelarane bidreg med inntekter gjennom treningsavgift og dugnad, medan arrangementsnemnda skaffar billettinntekter – og andre folk i klubben bidreg med kiosk på heimekampane og anna tilrettelegging.

Eit mogleg ess i ermet er at Hareid ligg ganske gunstig til geografisk på Sunnmøre. Som alle andre klubbar mistar vi spelarar til skulegang og jobb, men det er også fullt mogleg å bu på Hareid og anten jobbe eller gå på skule både i Ålesund og i Volda/Ørsta-området. Og det gjer jo ein del av spelarane her.

Nærheita til IL Hødd kan slå begge vegar. Ein del spelarar frå Hareid melder overgang dit medan framleis er langt nede i tenåra, noko enkelte synest er altfor tidleg i dei fleste tilfelle. Samtidig kan Hareid få tilgang av spelarar som anten har gitt opp Hødd eller blitt gitt opp av Hødd – og som kan gjere ein god jobb for klubben. Summa summarum får vi truleg vere glade for alle som ønskjer å spele på Hareid, same kva postadresse dei har.

Eit anna pluss – håper vi i alle fall – er at det har vore eit bra miljø rundt laget gjennom fleire år. Vi har sett lag i samanliknbare klubbar rundt oss rakna heilt. Dit har Hareid heldigvis aldri kome, og mykje kan truleg skuldast eit godt internt miljø med bra klubblojalitet. Eit anna pluss er gode treningsforhold.

Konklusjonen her blir at det ikkje er realistisk at Hareid er eit 3. divisjonslag, men det er realistisk at Hareid kan hevde seg godt oppe på tabellen i 4. divisjon.

Så kva skal vi seie om årets sesong, som enda med 7. plass med 29 poeng og 40-54 i målforskjell, mot 8. plass, 27 poeng og 43-47 i målforskjell i fjor?

Vi kan gjere eit forsøk på å dele sesongen inn i plussar og minus.

Det er mange fleire pluss enn minus, men minusane er truleg ganske tunge.

Plussar:

* Framgang i plassering og poeng totalt.

* Klart betre haustsesong enn i 2022, 17 poeng i år mot 11 i fjor.

* Det har vore bra med folk i stallen – så vidt vi kan sjå ikkje problem med å stille ein fyldig tropp til ein einaste seriekamp. Det er lenge sidan sist.

* Det har vore utvikling i det offensive spelet. Laget har hatt fleire strengar å spele på, og ikkje vore så avhengige av enkeltspelarar som til dømes i fjor (les: i fjor var veldig mykje bygd opp rundt Sjåstad og Worren offensivt – noko som for så vidt funka veldig bra, men det var få bak dei i køen. I år har mange fleire spelt i dei offensive posisjonane).

* Laget har prøvd å spele ein positiv og konstruktiv fotball. Det er ikkje alltid fungert like godt, men det var vore kjekkare å sjå på om ein til dømes sende alle mann i forsvar.

* Laget ser også i år ut til å ha hatt eit godt miljø internt, og har hatt ein fin mix i stallen av spelarar i tenåra, 20-åra og 30-åra (dessverre ingen i 40-åra i år, Nerijus).

* Fleire enkeltspelarar har tatt gode steg utover sesongen.

* Solid trenarteam med tre trenarar på svært mange økter. Altså god oppfølging og godt planlagde økter. (Ikkje noko gale med trenarteama dei siste åra, men ein har då måtte improvisert litt ved forfall.)

* Sjølv om det såg ganske håplaust ut spele- og poengmessig ein periode i vårsesongen så gav Hareid aldri opp.

* Solid heimeform utover i sesongen. Fem sigrar og to uavgjorte på dei sju siste.

* Klarte også i år å slå kretsmeisteren Herd i ein av kampane.

* Mista som vanleg ein del spelarar i sommarpausen, men i motsetning til ein del tidlegare sesongar lykkast ein denne gongen med å få inn ein del nye.

Minus:

* Det har i altfor mange kampar vore altfor lett å score på Hareid. Vi har hatt ei kjensle av at det i enkeltkampar ikkje har vore nødvendig for motstandaren å ha særleg med spel, men dei har gjerne scora på dei få sjansane dei har fått. Det er eit kollektivt problem som rett nok vart ein del betre utover i året (ref. at Hareid sleppte inn heile 12 av 54 mål i serierunde 2 og 3), men det er likevel noko som må sjåast grundig på til neste sesong.

* I forlenging av dette sleit Hareid lenge med å avgjere jamne kampar. I vårsesongen spelte ein jamt med både Ørsta og Bergsøy, men klarte ikkje å kjempe marginane på si side. Det same gjaldt også begge kampane mot Aksla. Vi skal ikkje seie at tabellen lyg, for det gjer den aldri, men vi er overbeviste om at Hareid kunne tatt opp mot 10 poeng til med same spelemessig overtak, men med meir presisjon i nokre avgjerande stunder.

* Den tredje minusen er kanskje den som flest er einige om: Det har denne sesongen vore altfor varierande lagoppstillingar frå kamp til kamp. Dette har kanskje sine naturlege grunnar. Ein av dei kan til og med vere uflaks. Men det har vore påfallande kor mange endringar som har vore på laget frå kamp til kamp. Kanskje ligg det noko i at fleire sleit med skadar frå gamlekunstgraset som dei tok med seg utover i sesongen. Kanskje har det vore ekstra mange som har vore opptekne med jobb i år. Vi har ikkje fasiten. Men vi er heilt sikre på at det ville ha løfta laget med meir kontinuitet i 11-arane.

Konklusjon:

Det har på ingen måte vore ein perfekt sesong, men det har totalt sett vore ein godkjent sesong og vel så det. Ser ein på dei siste sesongane, der Hareid var svært nære nedrykk både rett før og rett etter koronapausen, så var både sist sesong og denne sesongen steg i rett retning. Altså oppover. Plussane i år er klart fleire enn minusane, men minusane er betydelege. Vi seier ikkje at ikkje andre lag ikkje slit med det same som Hareid, men vi påstår at det er ting som kan rettast på som kan gi Hareid endå meir rev i segla til neste år.

No er det sikkert for tidleg å seie noko om nøyaktig trenarteam og spelarstall for neste år. Men her ligg i alle fall eit godt grunnlag for dei som vil vere med på ulike måtar neste sesong. Vi skal hugse at det nesten alltid har vore normalen at Hareid har hatt ein bra vår, men at ein har improvisert for å i det heile klare å fullføre sesongen etter ein tung haust. No avsluttar vi med ein positiv haust og ein spennande stall med ei god samansetjing av spelarar med omsyn til alder og posisjonar. Så det er absolutt ingen grunn til å sjå seg tilbake.

Takk for i år til alle involverte (vi får takke alle skikkeleg på årsfesten).

Tusen takk også til heimefansen. Det var ironisk nok langt betre frammøte då Hareid var inne i ein dårleg sirkel i vår enn då resultata kom i haust, men her spelar nok veret også ei rolle.

Samla sportsleg vurdering av sesongen: Terningkast 4

Skrive av EOT med innspel frå andre tribuneslitarar