28. april 2024

Eit 20 år gammalt Norway Cup-minne: Til Oslo for å gruse på grus

Her ein dag kom vi tilfeldigvis over nokre digitale bilete i ei gammal mappe. Etter å ha sett litt på dei viste det seg at dei var frå Norway Cup 2003. Dette var i den tidlege fasen for digitale kamera. Og heimesida til Hareid IL var enno ikkje i gang (den såg dagens lys hausten som følgde). Men ved å sjå på desse bileta, det offisielle lagbiletet, eit avisutklipp – og å elles bruke hukommelsen etter beste evne – tenkte vi det var verdt å prøve å memorere Hareid sitt guttelag (no kalla G16) sin Norway Cup-tur for nøyaktig 20 år sidan.

Forventingane var i grunnen ganske store. Rett nok hadde vårsesongen i 1. divisjon vore så som så. Eit høgdepunkt var ein klar siger mot AaFK på Hareid-grusen. Men i andre kampar var det så vidt Hareid klarte å stille lag. Stallen var tynn, enkelte var skadeplaga – og i tillegg var det fleire som av og til prioriterte friidrett eller speidarmøte.

Men til Norway Cup var troppen forsterka med to overårige: Kjell Roger «Kjellis» Skarshaug og Joachim «Kjips» Moldskred. Begge hadde spelt i 3. divisjon om våren. Dessutan hadde laget hatt ein bra treningssommar, blant anna med ein innlagt teambuildingstur til Mosvatnet med Odd Brandal i spissen. Dette var på den tida då fjellfiske framleis var ein populær fritidssyssel for Hareid-ungdommen. Og hadde enkelte vore like presise med innsidepasningane som dei var med oter på Mosvatnet kunne historia til Hareid IL sitt annleis ut.

Hovudtrenar for laget var Harald Møller, som hadde følgt 1987-generasjonen i ein god del sesongar tidlegare. Hjelpetrenarar til vanleg var Odd Brandal og Bjørn Vegard Bjåstad. Til Norway Cup var det henta inn eit vassekte a-lag med andre karar som bidrog som hjelpetrenarar eller hjelpte til med andre ting: Bjørn Røyset (ja, han med vogna i Hareid sentrum), Kenneth Moldskred, Tommy Torsvik, Hallvar Møller og Steinar Egset Nupen (sistnemnde er ikkje med på lagbiletet, men er med på andre biletet frå turen).

I mål stod Carsten Grüner, tyskaren som budde så langt opp i Ytredalen du kunne kome deg. Han skulle seinare gjere større suksess som utespelar (blant anna då han vann Grendacupen), men så lenge linsene fungerte var han ein solid keeper (og når dei ikkje fungerte kunne dei raraste ting skje).

Høgreback var Geir Børre Røyset. Han kunne vere livsfarleg både for seg sjølv og andre. Når han kasta seg inn i ein duell snudde både med- og motspelarar seg vekk i frykt for å få sjå blod og knoklar ute av ledd. For den utslitte metaforen «med livet til innsats» var faktisk for beskjeden i tilfellet «GB» Røyset. Det kunne like gjerne vere føtene som hovudet som kom først i duellen, sjølv om den var på bakken. Men det gjekk jo som regel bra til slutt. I ettertid er det lett å tenke at GB berre hadde duell-lyst og ingenting anna, men i og med at både Benjamin Reite og Nicolai Øyehol vart vist til benken denne meisterskapen så må dagens J15-trenar ha hatt ein og anna eigenskap til.

Stopparar: Jonas Pilskog Pedersen og Joachim Moldskred. Førstnemnde kjenner nok mange frå jobben hans i Sunnmøre fotballkrets gjennom ein liten mannsalder. Duellsterk stoppar som var god til å lese spelet, men mangla tempo. Moldskred var allereie den gongen ei potet som kunne spele over alt. Jamt god til det meste. Hadde spelt litt back for a-laget om våren. Og den gongen var det ikkje vanleg at 16-17-åringar spelte i 3. divisjon.

Venstreback: Faktisk Erdal Aydin. Vi hugsar han mest som midtbanespelar, men at Erdal spelte her seier nok oss at ein kunne tillate seg å gå for ein offensiv venstreback når ein hadde ein meir tradisjonell forsvarsspelar på andre sida. Erdal var likevel kanskje lagets beste spelar uansett kvar han spelte. God motor og god nærteknikk. Jobba heile tida. Kanskje litt svake avslutningar, om vi skal trekke for noko. Vart a-spelar allereie året etter.

Midtbana: Henrik Bolstad Banne, Joar Møller, Kjell Roger Skarshaug og Kevin Olsen Seljeseth.

Banne var lagets einaste spelar som var fast på kretslaget. Hadde mykje, men ikkje fart. Eigentleg kunne det same seiast om Møller. Teknisk elegant og godt fotballhovud, men vann ikkje mange løspduellar. Skarshaug hadde i siste a-kamp før sommarferien senka sjølvaste Volda med to scoringar  i 2-0-siger på Hareid stadion. Eit Volda-lag som til slutt rykte opp til 2. divisjon. «Kjellis» såg eigentleg ikkje ut som ein fotballspelar, men på sitt beste var han omtrent umogleg å skubbe seg på i aldersbestemte klassar. Seljeseth var ein bra teknisk angripar som her spelte på venstresida. Ut frå sveisen hans under Norway Cup dette året er vi usikre på om det var Eminem eller Sami Hyypiä som var det store førebiletet. Det kan ha vore begge. Kneip sannsynlegvis denne plassen på laget framfor omtrent jamgode Christer Haddal.

På topp: Som i så mange aldersbestemte sesongar dei næraste naboane Magnus Giske Snipsøyr og Einar Orten Trovåg. Høg fart, kraft og mykje innsats. Sluttproduktet derimot? Varierande. Her kunne det scorast sju mål på fem sjansar – eller null på ti.

Av dei som ikkje er nemnt var både Jon Arild Vatne, Marius Brandal og Jan Arne Leikanger med i troppen, men slik vi hugsar det spelte dei lite eller ingenting grunna skadar eller andre ting. På eitt av bileta ser vi at Vatne, som var ein teknisk bra (men kondissjonssvak) ving, har gipsa handa. Gitarulykke?

På denne tida var det å spele på gras det heile store. Det skjedde nesten aldri at aldersbestemte lag fekk trene på Hareid stadion. I oppkøyringa hadde enkelte av spelarane overnatta i telt ved ungdomsskulen, slik dei uoppdaga kunne trene ei sein økt om kvelden og ei tidleg ei om morgonen.

Å kome til Ekebergsletta og Norway Cup var slik sett himmelen.

Men grunna mykje regn gjekk første kamp i Norway Cup på …. trommevirvel… grus!

Heldigvis var dette ein fordel for Hareid mot eit ganske bra Nordstrand-lag. Hareid spelte ein solid kamp og vann 3-1.

Ferda mot finalen var i gang.

Eller?

Kamp 2 gjekk på gras. Men her hadde laget fått kollektivt solstikk. Bærum vann heile 6-0 etter ein slett prestasjon av eit energitomt Hareid-lag. Erdal Aydin var den einaste som fekk godkjent av trenar Møller.

I ettertid kan ein spekulere i kvifor det gjekk slik. Ein teori kan vere at andre ting tok ein del fokus. Det var jo populært å ha med seg gitar med på Norway Cup-ferda. Hareid-leiren kunne nesten verke som ein omreisande revy. Men det vart drama då nokon hadde tatt seg gjennom vindauget og stole gitaren til Carsten Grüner!

Elles var det mykje syting og klaging blant ein del av karane i støtteapparatet på at det var for lite i mat i aluminiumspakkane ein fekk utdelt til middag i Ekeberghallen. Om kveldane vart det derfor brukt tid og ressursar på å få take away-mat køyrt til skulen.

Og så skal vi hugse at dette var på den tida VHS var i ferd med å bli erstatta av DVD. Mange nytta derfor sjansen til å kjøpe nedrabbaterte VHS-ar på diverse sjapper i Oslo sentrum til prisar ein berre kunne drøyme om heime på Video Vest. Mange brukte derfor mykje tid og energi på å snakke om alle dei gode kjøpa dei hadde gjort. Men hadde vi søkt om desse filmane på IMDb i dag hadde vel ingen av dei hatt over 3,5 i score.

Kamp 3? Den vart aldri spelt. Eit lag frå Zambia dukka aldri opp. Hareid fekk derfor walk-over til første runde i a-sluttspelet. Der heva Hareid seg mange hakk og spelte i grunnen ein bra kamp mot bergenslaget Løv-Ham. Men då kampen låg og bikka på slutten scora Løv-Ham to kjappe. Og Hareid var ute etter berre tre kampar.

Mange følte nok at laget ikkje fekk heilt ut potensialet sitt. Men cup er cup.

Og så kan ein gjerne seie at laget bestod av mange spelarar med fart og mange med god teknikk – men nesten ingen som hadde begge deler.

Men når det er sagt så var dette laget veldig likt Hareid-laget som tok KM-gull inne og KM-bronse ute i 2005.

Då var det med eit par 1989-modellar og nokre ekstra frå 1986-kullet (keeper Stian Myrene, stoppar Svenn Erik «Svenn O.» Warholm og goalgetter Ola Marius Rise må i alle fall nemnast). Men elles var likskapane mange. Bortsett frå at Grüner då var stoppar, Møller og Banne backar, Aydin var flytta opp på midten – og Øyehol og Reite var faste eller i alle fall nesten faste på laget. Seljeseth hadde på si side blitt super-sub. Og om vi ikkje hugsar feil var han matchvinnar i ein viss kamp mot AaFK.

Men som alt anna i denne teksten så kan det hende 20 år og få skriftelege kjelder har spelt oss nokre puss.

Ein fin tur var det heilt sikkert uansett.

(Og tenk om heile turneringa hadde blitt spelt på grus, ja då…)

La oss håpe årets Norway Cup-tropp får det like artig, same kor det går sportsleg.

Lykke til og girri girri!