26. april 2024

Osnes avslører neste trekk – men avviser ikkje Hareid-comeback til sommaren

Rikard J. Osnes kom til Hareid frå juniorlaget til Hødd for fem år sidan. I starten var han reservekeeper bak Sigve Overå Hide, men etter kvart vart Osnes førstekeeper. Og ikkje berre det. Han utvikla seg til å bli ein av dei beste keeperane i 4. divisjon. Mange vil sikkert hugse at Osnes gjekk halve haustsesongen 2019 utan å sleppe inn eit einaste mål – og det for eit lag som måtte ha hjelp frå Volda til å halde seg i divisjonen.

Men denne våren skal ikkje Osnes spele på Hareid. I dag annonserte han på sosiale medium at han skal spele på Sæbø i 6. divisjon i vår.

  • – Takk for 4 fine år, @hareidilfotball ❤️⚽️ Dei kjekkaste åra ej he hatt med fotballen! Fått venna for livet, rett og slett! Men sann situasjonen e med jobb og skule no, kan ikkje ej spele på Hareid fram til sommar iallefall. No går turen over til Sæbø, for å hjelpe dei mot et opprykk. Men vi sjåast snart igjen, Hareid! #girrigirri

Dette skreiv Osnes sjølv. Med andre ord avviser han ikkje at det blir Hareid-comeback til sommaren.

Vi takkar uansett Osnes for enorm innsats siste åra og ønskjer han lykke til i Sæbø i vinter og vår.

I mellomtida bør Hareid helst finne ein keeper til, om ikkje anna på treningane. For per no er Herman Heimland einaste seniorkeeper i a-stallen.