20. april 2024

Trenarteamet for Hareid 2 i 2022 er klart

Hareid 2 er framleis ikkje ferdige med denne sesongen, men har allereie planen klar for den neste.

Sportsleg utval er svært nøgde med å kunne meddele at Eiliv-Tore Howlid (biletet) held fram som Hareid 2-trenar komande sesong. Howlid var a-spelar med nokre avbrekk heilt frå 1994 til 2019, og i fleire år også hatt styre- og trenaroppgåver. Han vart Hareid 2-trenar framfor 2021-sesongen. Meininga var å stille 11-arlag i år, men grunna koronasituasjonen og all usikkerheita rundt den vart det sjuarlag. Det har gått svært bra med fire av fire sigrar. Tek Hareid 2 fire poeng på dei to siste kampane blir dei krinsmeistrar.

Med seg i trenarteamet får Howlid som i år med seg Emil Johannes Dahlen Folkestad. Han har tidlegare vore både hjelpetrenar på Hareid 2 i tre sesongar og dessutan trena juniorlaget. Han har også spelt på a-laget.

Kontinuitet blir det også på lagleiarsida. Kenneth Nicolaisen går nemleg også på ein ny sesong. Han er ukjent for mange, sidan han relativt nyleg har flytta frå Stavanger til Hareid. Men Kenneth har allereie blitt ein godt likt mann i miljøet og ein som brenn for Hareid-fotballen.

Totalt sett meiner sportsleg utval at utsiktene til Hareid 2 neste år er veldig gode. Hareid 2-leiren melder sjølve om godt frammøte på treningane utover hausten og ein stall som ser betre og sterkare ut enn på lenge. Målet neste år er å stille 11-arlag.

Hareid 2 har faktisk stilt minst eitt lag i seriesystemet sidan 2009 (minus i 2011). Mange vil nok seie at det har vore eit overraskande stabilt tilbod gjennom åra. Koronakrisa gav nok laget ein knekk, men no er dei altså på veg tilbake i full fart.

Vi ønskjer først og fremst Hareid 2 lykke til med fullføringa av denne sesongen – og lykke til med oppkøyringa når den tid kjem.