25. april 2024

Legendarisk trenar takkar av fredag

Vi veit vi har meldt det same for nokre år sidan også, så det spørst om vi skulle tatt eit bittelite atterhald.

Men i denne omgang leiar i alle fall Hans Gisle «Kisse» Holstad a-laget til Hareid for siste gong fredag, når Blindheim kjem på besøk.

Etter nokre års pause kom Kisse inn som trenar framfor denne sesongen. Målet om å halde plassen vart nådd fleire rundar før slutt. Det er ikkje til å legge skjul på at det har vore ein varierande og til dels frusterande sesong. Hareid har spelt som eit topplag på sitt beste og eit botnlag på sitt verste. Ei rekkje endringar i stallen både rett før sesongstart og i sommar har nok gjort at laget har slite med å prestere stabilt.

Men uansett korleis det skulle gå mot Blindheim blir dette den beste Hareid-sesongen på fem år. Og den første sesongen på fleire år at laget ikkje er avhengig av at avdelingsvinnaren i 4. divisjon vinn kvaliken for at Hareid skal unngå nedrykk. Og Kisse har utvilsamt vore ein godt likt trenar som har nytt stor respekt i spelargruppa.

Han har lagt eit grunlag som vi trur vil vere ei bra plattform å bygge vidare på for den som tek over laget. Trass i varierande resultat i haust har det på enkelttreningar vore over 20 spelarar den siste tida. Det er ikkje ofte Hareid har hatt på denne tida av året. Så det er mange grunnar til å sjå optimistisk på framhaldet.

Men no gir altså Kisse seg som a-trenar. Og vi må vel berre forstå at den snart 78 år gamle kultur- og idrettspersonlegheita vel å prioritere annleis framover.

Kisse har trena a-laget til Hareid i til saman 10 år. Han har også trena Hødd, Bergsøy, Kongsvinger, Volda og aldersbestemte landslaget. I tillegg kjem ei rekkje andre leiaroppgåver i Hareid IL opp gjennom åra.

Vi takkar Kisse så mykje for innsatsen! Så håper vi at mange tek turen til Hareidsmyrane fredag for å få med seg avskjedskampen hans! Vel møtt!

PS. I november og desember blir det laget opp til «sosiale» a-lagstreningar innandørs i november og desember. Så vil etter planen ei ny oppkøyring med ein ny trenar starte rett over nyttår.