27. april 2024

Nytt surt tap heime mot Hovdebygda

Hareid A-lag spelte på fredag årets femte seriekamp, denne gongen heime mot Hovdebygda. Før kampen sto Hareid med ein siger og tre tap, og dessverre for Hareid so kom det fjerde tapet no, etter at Hovdebygda vann 0-1.

Det var Hareid som starta kampen best, og tok tidleg kontroll over ballen. Iver Skeide hadde tatt turen heim frå Bergen denne helga, og spelte frå start for Hareid som sentral offensiv midtbanespelar. I 1. omgong var han svært viktig for at Hareid klarte å holde ballen i laget.

For dette var første gongen sidan Emblem-kampen der Hareid klarte å halde i ballen over ei lengre periode på motstandaren sin banehalvdel, og det førte til at Hareid skapte fleire halvsjansar. Blant anna hadde Ruben-Kenneth Brandal eit frispark i god skot-posisjon, men skotet gjekk dessverre litt over.

Den største sjansen til Hareid før pause kom i det 32. minutt. Då slo midtstoppar Martin Longva ei lang pasning inn i bakrom. Kim-Andre Lid Alvestad sprang på den, men for dei fleste tilskodarar såg det ut som om keeper kom til å vere først på ballen. Men Lid Alvestad ga seg ikkje, og rakk akkurat å få ei tå på ballen før keeper. Ballen gjekk i ein fin bue over keeper, men dessverre for Hareid eit lite stykke til side for mål.

Dette var den einaste skikkelege sjansen til Hareid i 1. omgong, men Hovdebygda på si side var farlege på fleire kontringar, og skapte vel det som må kunne reknast som to store sjansar før dommaren blåste av til pause.

I 2. omgong kom dessverre ikkje Hareid opp på same nivå som før pause. A-laget sleit no meir med å holde ballen i laget i lengre perioder, slik dei klarte i 1. omgong. Likavel skapte Hareid nokre farlegheiter. I det 59. minuttet slo blant anna Ruben Kenneth Brandal ei svært god gjennombrotspasning inn i 16-meteren til Ørjan Engen Grimstad. Han skulle til å ta med seg ballen vidare mot mål, for han var eigentleg foran Hovdebygda sin nærmaste forsvarsspelar. Men Ørjan Engen Grimstad blei so takla, og mista tilslutt ballen. Frå vår posisjon såg det ut som om Hovdebygda-spelaren traff foten til Engen Grimstad, og ikkje ballen, men dommar valgte å ikkje dømme straffespark.

Åtte minutt seinare, i det 59. minutt, var det istaden Hovdebygda som skulle gå opp i leiinga. Hovdebygda fekk eit billeg frispark på kanten av 16-meteren til Hareid. Frisparket blei slått inn på bakre stolpe, der ein frå bortelaget vann duellen, og kunne heade ballen i mål til 0-1.

Hareid prøvde nok ein gong å presse på for utlikning etter dette, men klarte dessverre ikkje å skape særleg med sjansar. Difor enda kampen med nok eit knepent tap.

Kampfakta

Tilskodarar: ca. 50

Lagoppstilling: Rikard Osnes – Nauris Driksna, Gabriel Olav Peterson (Lars Roar Holstad), Martin Longva, Daniel Hüttner Pilskog (Sebastian Hansen Bjørlykke) – Ruben Kenneth Brandal (Ola Kalvø Vattøy), Petter Worren, Gustav Bjørykke (Johannes Knardal), Iver Skeide (Joar Møller), Kim-Andre Lid Alvestad – Ørjan Engen Grimstad

Hareid sine tre beste:

*** Iver Skeide

** Martin Longva

* Ruben-Kenneth Brandal