hareid_il_logo_135.png









 

21.03. LGFK tippar Hareid 2 på 6.-plass

LGFK si nettside skal tippe både 3.- og 6.-divisjon i år. Våre lag er i same avdeling som dei i begge divisjonane. I dag offentleggjorde LGFK at dei tippar Hareid 2 kjem på 6.-plass av 10 lag i år. "Dei har nok eit større skille mellom a-lag og 2-er lag enn vi har i LGFK, og Hareid2 vil nok vere ei blanding av gamle heltar og unge lovande stjerner" er noko av det dei skriv i omtalen. Så får vi sjå om dei treff blink med tipset sitt. Så langt har Hareid 2 vore nærare å vere eit juniorlag enn eit old boys-lag, men vi er einige i at vi har litt for ein kvar smak i stallen:)

Når det gjeld vår eiga tippespalte "Under lupa", så vil den i all hovudsak ta føre seg 3.-divisjon avdeling 9. Vi satsar på å komme i gang med den spalta neste veke.

21.03. Hareid II - Hovdebygda 3-4

Om ikkje Nikolay Sundgot tar feil scora han i dag sin første mål som seniorfotball. Ikkje verst av mannen som dunkar inn den eine perle etter den andre på trening.
Om ikkje Nikolay Sundgot tar feil scora han i dag sin første mål som seniorfotball. Ikkje verst av mannen som dunkar inn den eine perle etter den andre på trening.

Nikolay Sundgot (straffe), Hiwa Alipoor og Per Ståle Nykrem scora for Hareid.

|

20.03. Tipp rett resultat, vinn Slakky-kunstverk

Kunstnar og fotballmann: Anders Hjelle Øiestad aka Slakky.
Kunstnar og fotballmann: Anders Hjelle Øiestad aka Slakky.

Onsdag møtest Hareid 2 og Hovdebygda på Hareidsmyrane stadion (klokka 19.30). I det høvet har den lokale kunstnaren Anders Hjelle Øiestad (som ofte kallar seg "Slakky") invitert alle som vil til å tippe resultatet på kampen.
- Den som får rett eller kjem nærast vinn eit akrylmaleri som eg har laga, fortel Anders. Som også er i Hareid a-lag sitt støtteapparat. 

Tippekonkkuransen er å finne på Hareid IL sin facebookprofil (link i margen til høgre).

19.03. Hareid 2 mot Hovdebygda onsdag

Hareid 2 mot Hovdebygda i 2010. Hareid tapte 8-0 heime, medan kampen i Hovdebygda enda 5-5. I år spelar Hareid i 6.-divisjon, Hovdebygda/Volda 2 hakket over.
Hareid 2 mot Hovdebygda i 2010. Hareid tapte 8-0 heime, medan kampen i Hovdebygda enda 5-5. I år spelar Hareid i <a href="http://6.-divisjon" target="_blank">6.-divisjon</a>, Hovdebygda/Volda 2 hakket over.

Kampen går klokka 19.30 på Hareidsmyrane stadion onsdag. Dommar er enno ikkje på plass (Dejen er aktuell). Dette blir ein spesiell kamp i og med at det er Hareid-keeper Vagn Scheide Mork som trenar Hovdebygda i år. Kjenner vi Mork rett kjem "Bøgda" til å spele ultrakynisk fotball, og det blir ei hard nøtt å knekke for eit Hareid 2-lag som berre har scora eitt mål så langt i år.

|

17.03. Hareid 2 - Kvamsøy/ÅVK 2 AVLYST

Det blir ikkje noko av søndagens treningskamp mellom Hareid 2 og Kvamsøy/ÅVK 2. Samarbeidslaget klarer ikkje å stille lag, noko dei beklagar. 

Dei neste postane på programmet for Hareid 2- og juniorspelarane er trening måndag 19.30 og kamp mot Hovdebygda onsdag (kampstart 19.30).

14.03. 24 + 3 på HIL2&JR-trening

Det vart i kveld sett ny oppmøterekord på Hareid 2&JR-trening. 24 mann trena, og spelarane var jamt fordelte mellom Hareid 2 og juniorlaget. I tillegg møtte tre skadde juniorspelarar for å vise sine blide ansikt. Her gjaldt det berre å dele opp i to lag og spele på 3/4 bane. Pluss geining, sjølvsagt. Held det fram med på denne måten spørst det om ikkje Hareid 2 og junior må ha separate treningar igjen, men vi gir treningssamarbeidet eit par veker til for å sjå om det held seg oppe.

Neste trening er måndag. Men før den tid er det treningskamp mot Kvamsøy søndag.

12.03. Prestisjetung treningskamp neste onsdag

TR_KAMPII.JPG

Enkelte treningskampar er viktigare enn andre. Som når Hareid 2 neste onsdag tar imot Hovdebygda/Volda 2. Grunnen er sjølvsagt at det er Vagn Scheide Mork, bonden frå Grimstad, som i år trenar "Bøgda" i 5.-divisjon. Kva ville ha vore meir flaut enn å tape mot Hareid sitt andrelag, med naboen Einar Orten Trovåg som spelande trenar? Truleg lite. Vi reknar med at Vagn kjem til å pøse på med a-lagsspelarar frå Volda denne treningskampen, medan Hareid utelukkande stiller med andrelagsspelarar og juniorarar. Men vinn likevel.

PS. Hareid 2 møter Kvamsøy/ÅVK 2 søndag, i det som blir ein "oppvarmingskamp" før det prestisjetunget møtet med Hovdebygda.

07.03. Hareid II - Haddal 1-3

Audun Øvrelid var tilbake etter to veker med sjukdom og spelte ein god 2. omgang på Hareid si midtbane.
Audun Øvrelid var tilbake etter to veker med sjukdom og spelte ein god 2. omgang på Hareid si midtbane.

Hareid spelte langt frå nokon stor kamp mot Haddal, men fekk om ikkje anna testa 21 spelarar. 

|

06.03. Hareid 2-kamp onsdag

John Anders Liaset i aksjon borte mot Haddal i 2010. Vonleg gjer Liaset HIL 2-comeback onsdag.
John Anders Liaset i aksjon borte mot Haddal i 2010. Vonleg gjer Liaset HIL 2-comeback onsdag.

Onsdag klokka 19.30 spelar Hareid 2 heimekamp mot Haddal. Det blir årets andre treningskamp for andrelaget. Den første enda med 3-0-tap borte mot 5.-divisjonslaget Hasundgot. Haddal spelar som HIL 2 i 6.-divisjon. Til onsdagens kamp håper Hareid 2 å stille ein brei tropp. Alle som er tilgjengelege frå andrelaget får spele. I tillegg blir det truleg nokre juniorar og a-reservar å finne i troppen. Det viktigaste til denne kampen er uansett ikkje å få eit godt resultat, men å gi spelarar matchtrening og ei god treningsøkt.

27.02. Hareid 2 med spennande signering

CHRISTER_ADRIAN_MORK.JPG

Fotballstyret har lukkast med å signere spissen Christer Adrian "Bromle" Mork til Hareid 2. Mork har for så vidt aldri spelt for andre klubbar enn Hareid, men har heldt seg litt i ro fotballmessig dei siste par åra. Mellom anna har han vore i det militære. "Bromle" var i mange år ein markant spelar i Hareid IL si ungdomsavdeling. Det er vel ikkje reint få "tonge skot" frå denne mannen som har funne vegen til nettmaskene opp gjennom åra. Bromle var også innom Hareid 2 før han vart flytta opp i a-stallen vinteren 2010. Der viste han lovande takter gjennom oppkøyringa før han la opp like før seriestart. No er altså Christer Adrian Mork klar for ein ny sesong i Hareid-drakta, denne gongen i 6.-divisjon. Forhandlingane om kontrakt var relativt tøffe. Bromle må betale kontingent som alle andre, men fekk gjennomslag for at cola skal likestillast med vatn som pausedrikke. Hareid 2 har tatt det roleg på "overgangsmarknaden" så langt i vinter, men leiinga til laget trur det kan komme fleire ny namn i rekkjene før seriestart.

23.02. Juniorkamp flytta, ny kamp for HIL 2

* Juniorlaget skulle ifølgje oppsettet ha spelt bortekamp mot Hovdebygda i kvaliken laurdag. Men av ulike grunnar vart laga einige om å flytte kampen ei veke fram i tid - til laurdag 3. mars. Hovdebygda-kampen blir den siste for begge laga i vinterens kvalik. Ingen av laga går til 1.-divisjon. 

* Hareid 2 har avtalt ny treningskamp. 7. mars kjem Haddal på besøk, med kampstart klokka 19.30 i Hareidsmyrane. Det ligg vel i korta at dei nokre av dei mest treningsivrige juniorspelarane får prøve seg i ein kamp som denne.

23.02. Fellestreningar for junior og Hareid 2

Treningsivrig juniorspelar; Marton Muren.
Treningsivrig juniorspelar; Marton Muren.

For både Hareid 2 og juniorlaget sin del trur styret det er lurast å slå saman desse treningsgruppene framover. Då vil ein vere noko lunde sikre på å få gode treningar med bra oppslutning. HIL2/JR har alt hatt to treningar saman, med høvesvis 16 og 19 frammøtte. Dei endelege treningstidene er ikkje heilt bestemte, men neste trening for HIL2/JR går i dag (torsdag) klokka 18.00 på Hareidsmyrane stadion. Vel møtt til gamle og nye spelarar.

Når dette er sagt så skal Hareid 2 og junior stille kvar sine lag i seriane i år; i høvesvis 6.-divisjon og 2.-divisjon junior.

20.02. Hasundgot - Hareid II 3-0: Måla mangla

Hareid opna ruskete dei første 15-20 minutta, men fekk justert litt og var fullt på høgde med heimelaget resten av kampen. Men sjansar vart ikkje omsette i mål, og dermed tapte Hareid fortent. 

19.02. Årets første for Hareid 2

I utgangspunktet har ikkje Hareid 2 tenkt å bruke a-lagsspelarar i treningskampane, men Georg Rise Gaasø (her mot Haddal i 2010) har sendt inn ein formell søknad og fått ja til å bli med mot Hasundgot. Til venstre dommar Oddbjørn Aam.
I utgangspunktet har ikkje Hareid 2 tenkt å bruke a-lagsspelarar i treningskampane, men Georg Rise Gaasø (her mot Haddal i 2010) har sendt inn ein formell søknad og fått ja til å bli med mot Hasundgot. Til venstre dommar Oddbjørn Aam.

Hareid 2 spelar sin første kamp for året, og også sin første kamp sidan hausten 2010. Motstandar er Hasundgot på Hasundgot-kunstgraset. Hareid 2 satsar først og fremst på å få seg ei god gjennomkøyring.

|

15.02. Hareid 2 opnar heime mot Gjerdsvika/Moltu

Hareid 2 borte mot S&aelig;b&oslash; i 2010. I &aring;r blir det ny tur til S&aelig;b&oslash;, men ikkje kamp p&aring; grus denne gongen? Bak fr&aring; venstre: Joachim R&oslash;yset, Georg Rise Gaas&oslash;, Arve Vestnes, Stian Garnes, Rune Hus&oslash; Johansen, Anders Eidsvik, Ivar Andr&eacute; Aadland, Kristian Angelsen og John Anders Liaset. Framme: Dag G&oslash;ran Brandal, Jan Robin Haraldsvik, Gunnar Johann Ringstad, Christian Aasmo, &Aring;ge M&oslash;gster, Kevin Andr&eacute; Aarvik Hestholm og Peter Paus.
Hareid 2 borte mot Sæbø i 2010. I år blir det ny tur til Sæbø, men ikkje kamp på grus denne gongen? Bak frå venstre: Joachim Røyset, Georg Rise Gaasø, Arve Vestnes, Stian Garnes, Rune Husø Johansen, Anders Eidsvik, Ivar André Aadland, Kristian Angelsen og John Anders Liaset. Framme: Dag Gøran Brandal, Jan Robin Haraldsvik, Gunnar Johann Ringstad, Christian Aasmo, Åge Møgster, Kevin André Aarvik Hestholm og Peter Paus.

Onsdag vart det halde terminlistemøte for 6.-divisjon avdeling Søre på Hareid klubbhus. Desse møta er ofte ei oppleving i seg sjølv. I denne divisjonen skal det takast omsyn til så mykje forskjellig, alt frå sjeldne ferjeavgangar til Kvamsøy- til hjortejakt og jonsokfeiring. Vi legg ikkje ut terminlista  før fristen for å etter-omberamme kampar går ut fredag. Men det vi alt veit er at Hareid 2 opnar heime mot Gjerdsvika/Moltu laurdag 14. april, dagen etter at a-laget har opna 3.-divisjon heime mot Stranda. Gjennomgåande for terminlista til HIL 2 er at kampane ofte kjem éin eller to dagar etter ein a-kamp. 11. og siste vårkamp går heime mot Sæbø 2. juli - dagen etter at a-laget har avslutta vårsesongen med tippekamp på Siffen. Etter ein lang og god sommarferie startar moroa på igjen med bortekamp mot Haddal 20. august. Haustsesongen består av sju seriekampar. Målsetjinga til HIL 2 er å verken rykke opp eller ned.

10.02. Terminlistemøte på Hareid onsdag

Hareid 2-kaptein Per St&aring;le Nykrem, her fr&aring; ein kamp mot Hovdebygda i 2010.
Hareid 2-kaptein Per Ståle Nykrem, her frå ein kamp mot Hovdebygda i 2010.

Onsdag førstkommande blir det arrangert terminlistemøte for 6.-divisjon Søre på Hareid klubbhus. Hareid 2 skal spele i avdeling med LGFK 2, Haddal, Flø, Moltu/Gjerdsvika, Kvamsøy/ÅVK 2, Sæbø, Åmdal, Sunnylven og Tjørvåg. Det blir altså 18 seriekampar til saman. Utkast til speleplan ligg her

HIL 2 sin første treningskamp for året går borte mot Hasundgot måndag 20. februar. Så langt i år har HIL 2 trena inne to gonger i veka, samt hatt ei fellestrening ute saman med juniorlaget. Det blir nok fleire slike fellestreningar ute etter kvart. HIL 2, kanskje supllert med spelarar frå juniorlaget, skal også delta i Hareid Group Vårcup laurdag 30. mars. 

Forhånd.1...17181920
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR