18. april 2024

Hareid-Rollon enda i knepet tap

Hareid tok i går imot Rollon til årets første heimekamp i 4. divisjon. Det skulle vise seg å bli ein svært jamn kamp, der Rollon, som gjekk inn som favorittar, drog det lengste strået, og vann 0-1.

Det tok ikkje lange tida før ein såg at dette kunne komme til å bli ein jamn kamp. For dei første minutta låg Hareid kompakt og forsvarte seg, og tillot at Rollon fekk ha mykje ball. Men Hareid forsvarte seg godt, og Rollon skapte eigentleg svært lite. Hareid på si side prøvde derimot å gå direkte på kontringane då dei vann ballen, og prøvde ofte å spele den bak Rollon sitt forsvar. Men det var ikkje berre Hareid som forsvarte seg godt i store delar av kampen, for det gjor også Rollon, og det var difor få store sjansar ein kunne rapportere om dei første 20 minutta.

I det 24. minuttet skulle derimot det første og einaste målet i kampen kome – og dessverre for Hareid sin del so var det Rollon som fekk juble. Då kombinerte høgrekanten og høgrebacken til Rollon seg forbi venstresida til Hareid, slik Rollon-spelaren fekk tid til å slå eit godt innlegg inn i feltet. Der inne var Emil Solnørdal først på ballen, og heada den inn bak ein sjanselaus keeper. Stillinga var dermed 0-1.

Hareid kvikna litt til etter Rollon si skoring, og var oftare langt oppe på Rollon sin banehalvdel. Spesielt Kim-Andre Lid Alvestad, som spelte til høgre som ein av tre offensive midtbanespelarar, skapte mykje av Hareid sine farlegheiter, mykje takket vere si høge fart og vilje til å true i bakrom. I det 29. minutt skulle han skape Hareid sin største sjanse. Då vinn Hareid ballen høgt opp i bana. Petter Worren mottek den, og slår ei strålande pasning i bakrom til Alvestad som kjem i høg fart på høgresida. Han tek med seg ballen innover i bana, forbi fleire Rollon-spelarar. Rett utanfor 16-meteren skyt han med venstrefoten, men dessverre for Hareid går ballen like over motsatt kryss.

Hareid var det laget som pressa på til pause, men bortsett frå nokre halvsjansar til frå Kim-Andre Lid Alvestad, so sleit Hareid med å skape moglegheiter som kunne føre til mål. Dette skulle vise seg å bli utfordringa også i 2. omgong.

Utover i 2. omgong tok Hareid meir og meir over kampen, men Rollon forsvarte seg godt, samtidig som dei ikkje var heilt ufarlege i angrepa sine. Etter rundt 60 minutt spelt var det nærmaste Hareid kom ein skikkeleg sjanse når Natnael Belay, etter ei god pasning frå Gustav Bjørlykke Kløvning, drog seg innover og forbi fleire Rollon-spelarar slik han var innom skothald. Men skotet gjekk eit stykke over mål.

Etter rundt 65 minutt spelt bytta hovudtrenar Kim-Tore Leirbekk Husøy inn Adolphus Jacobs, Benjamin Riise Erdal og Christian Korshaug.

Dei siste 15-20 minutta blei Rollon spelt stadig lavare i bana, og Hareid fekk meir og meir ball, og det blei eit tydlegare press for redusering. Hareid fekk blant anna fleire gode moglegheiter til å flytte fram mykje folk på dødballar, som Petter Worren ofte slo inn med høg kvalitet. Men ikkje heller her blei dei store sjansane skapte, det var berre nesten gong på gong.

Då dommaren blåste av kampen var stillinga difor 0-1, og bortelaget fekk med seg alle tre poenga over fjorden. Men Hareid skal ta med seg at dei gjor ein relativt god kamp, mot eit lag som er forventa å kjempe i toppen i haust. I denne kampen hadde Hareid også ute fleire viktige nøkkelspelarar, som forhåpentlegvis snart er tilbake. Aller helst allereie på fredag, då Hareid tek imot Langevåg på Hareidsmyrane KGB. Då satsar vi på at Hareid spelar nok ein god kamp, og forhåpentlegvis kan ta med seg tre svært viktige poeng.

Kampfakta

Lagoppstilling: Rikard Johannes Osnes – Daniel Hüttner Pilskog (Christian Korshaug), Martin Longva, Gabriel Olav Peterson, Nauris Driksna – Ola Kalvø Vattøy (Natnael Belay (Adolphus Jacobs)), Gustav Bjørlykke Kløvning (K), Johannes Knardal, Petter Worren, Kim-Andre Lid Alvestad (Benjamin Erdal Riise) – William Valde Bigset

Tilskodartal: omkring 150-200

Hareid sine tre beste:

*** Martin Longva: nok ein svært solid kamp av midtstopparen. Ekstremt viktig for den defensive tryggleiken i laget. Vann duell etter duell, både i lufta og langs bakken. Også farleg på offensive dødballar.

**Gabriel Olav Peterson: 15-åringen får sine aller første stjerner. Spelte sin andre kamp som midtstoppar i skadefråværet til Ørjan Engen Grimstad. Han vinn svært mange duellar, utnyttar farta si defensivt, og tørr også å ta med seg ballen opp fleire gongar. Vanskeleg å tru Gabriel Olav Peterson berre er 15 år etter denne kampen – framtida er lys!

*Kim-Andre Lid Alvestad: Det er han som skapar det aller meste av Hareid sine farlegheiter offensivt. Berre målpoeng mangla for at Alvestad skulle få fleire stjerner.