25. april 2024

Vinnie Jones, Ole Rolfsrud og knuste briller i Hareidhallen – og snart er det cup igjen

Mange vart skuffa då det ikkje vart noko av den tradisjonsrike Grendacupen verken i 2020 eller 2021. Så kvifor ikkje ha det litt ekstra kjekt i år? Og før ein kjem så lang på ein mimre litt.

Vi skal lade opp til årets etterlengta turnering med nokre artiklar her på hareidil.no, og vi startar altså rett og slett med eit tilbakeblikk.

Om vi ser litt stort på det kan vi dele inn Grendacupen si forhistorie så langt i tre. Frå 1994 til 1999 var turneringa styrt av ein Hjørungavåg-basert gjeng. I 1994 var det berre ein klasse, så kom damene inn i 1995. Turneringa markerte seg fort som ein storhappening for bygdefolket 28. og 29. desember. Første året kunne kvart lag ha fire «utlendingar» på laget. Dette vart redusert til tre året etter (og har sidan variert mellom tre og fire).

I 2000 tok Hareid IL over turneringa og lanserte samtidig både ein eigen ungdomsklasse (som første året vart spelt med seks spelarar på kvart lag samtidig) og ei rekkje nye prisar. Fram til toppåret 2012 vaks turneringa stort og var den desidert største av sitt slag på Nordvestlandet. I 2012 kom det også inn ein eigen ungdomsklasse for jenter. Inkludert to showlag var det med heile 45 lag i 2012. Det vart vanskeleg å presse inn alle kampane, og det vart seriøst vurdert å utvida turneringa til tre dagar.

Men heldigvis, får ein seie, gjekk det ikkje slik. Perioden frå 2013 til 2019 kan vi kalle ein slags normaliseringsperiode. Framleis god deltaking totalt sett, men talet på herrelag seig med jamt tempo ned frå 25 i 2012 til 15 i 2019.

I år må vi sjølvsagt prøve å få det talet opp igjen. Men la oss først gå tilbake i tid og sjå på Grendacupen i år 2000. Det er ikkje tilfeldig at vi startar der, for dette er det første året vi har noko lunde skikkeleg bildemateriale frå.

Laget vi ser over her er heller ikkje tilfeldig utplukka. Det var nemleg det store overraskingslaget i 2000. Ein gjeng 17-åringar som kalla seg Reino/Bra Henrik overraska og gjekk heilt til finalen. Fleire av spelarane skulle prege turneringa i mange år framover. André Egset Nupen vann mellom 2003 og 2013 cupen heile sju gonger, flest av alle. I 2000 måtte han nøye seg med sølv og å bli kåra til årets spelar, noko han også vart i 2005. Mange gull skulle det også bli på Espen Beiermann, Peter Paus og Roy-Inge Brandal. Kristian Angelsen fekk sin eige siger i 2003, men utmerka seg i staden som Grendacup-general frå 2009 til 2006 (og som medhjelpar mange år før det).

Ved første augekast kan det forresten vere vanskeleg å sjå kven keeperen på biletet er. Men jo, det er Kim-Tore Husøy. Mange vil hevde at han er ein av dei beste utespelarane Hareid IL har hatt, ja kanskje den jamt over beste på 2000-talet. Men dei to einaste gongane han har nådd finalen i Grendacupen var som keeper. I 2000 vart det finaletap, i 2008 siger. Men ingen kunne ta Husøy på innsatsen heller i 2000, som vi ser på biletet under.

Vinnarar av herreklassen i 2000 vart ikkje uventa laget Z (biletet under), som dominerte turneringa i mange år. Dei hadde mange spelarar som både då og tidlegare (men spesielt tidlegare) hadde dominert på Hødd og Hareid. Toppscorar vart for tredje gong Harald Åsland Riise. Han skulle ende (gitt at han ikkje gjer eit uventa comeback snart) på fire toppscorar-pokalar. Men han har sidan blitt tatt igjen både av André Skotheim og Morten Moldskred på toppscorarlista gjennom tidene.

Dameklassen var det eit Ålesund-basert lag som vann dette året. Ein gjeng aldersbestemte spelarar frå Hareid IL vart dei aller første vinnarane av ungdomsklassen. Ein stor triumf ikkje minst for lagets spelande trenar Svenn Erik «Svenn O.» Warholm, som inviterte til spelarmøte på Bankers/Mix midt i romjula for at laget skulle vere så klare som mogleg.

Det var ikkje berre ungdomsklassen som var ny i 2000. Det same var ei rekkje nye prisar. «Driblefanten» heitte ein av dei. Ein annan var «Vinnie Jones-prisen». Ein slik pris står vel i sterk kontrast til Fair Play-prisane som skulle kome nokre år seinare, men prisen var neppe vondt meint. Smerter var det derimot på prisvinnaren, som vi ser på utklippet under.

Kva elles er verdt å trekke fram frå år 2000? Vi kan blant anna trekke fram at NRK-profilen Ole Rolfsrud framleis var aktiv. Men sjølv om Rolfsrud bidrog med viktige scoringar i gruppespelet, så måtte laget hans Hønebrød sjå seg slått av overraskingslaget Reino/Bra Henrik i kvartfinalen.

Då kvartfinalane var i gang hadde enkelte andre lag for lengst reist heim (eller i kiosken). Eitt av dei var Sjuende Forsøk. Dei to måla Åge Karlsen (til venstre under) scora i gruppespelet var dei einaste forsøka frå dette laget som gjekk i mål. Eitt poeng og tidleg exit på denne gjengen.

Rune Holstad (til høgre) kom ikkje på scoringslista på parketten denne romjula, men nokre månader etter dette biletet vart tatt vart sonen hans Henrik fødd.

Henrik står oppført i stallen til det første laget som melde seg på til årets turnering, eit lag som kallar seg Gyazo. Henrik har vel satsa mest på springing dei siste åra, medan søskenbarnet Markus har vore mest oppteken av strøsand-problematikken i bygda. Men laget har også spelarar som har vore aktive på både Hødd og Brattvåg i år. Truleg eit lag å rekne med.

Vi ser elles ein stor variasjon blant dei andre påmelde laga. Den tidlegare nemnde Kim-Tore Husøy har meldt på eit lag saman med resten av trenargruppa til Hareid G2015. Fotballformann Kenneth Nicolaisen har meldt seg på saman med kameratane sine frå Stavanger (og dalstrøka nordaførr). Vi har eit godt gammaldags Grendacup-lag i Kvil Dej, som tidlegare har vore tapande finalistar og som alltid har den aldri kvilande Kevin Aarvik Hestholm som målvakt.

I dameklassen er det tre påmelde lag så langt. Så vidt vi kan sjå har alle laga vunne cupen tidlegare, heilt eller delvis. Martha Helvig Omdal, som er påmeldt Siste Liten, er den mestvinnande damespelaren i Grendacupen si historie. I likskap med André Egset Nupen har ho sju gull.

Felles for alle klassane er at det trengst fleire lag. Sjølv om det er åtte dagar til fristen er ute ber vi alle om å melde seg på så fort dei kan, slik at dei som sit i turneringsnemnda slepp å bruke julaftan til å lage kampoppsett.

Vi kjem tilbake med meir her på sida etter kvart som laga melder seg på.

Og som den gode gamle ordtaket seier: «Alt er lov i krig, kjærleik, firkant på Hareid-oppvarming og i Grendacup-spådommar».

Snakkast!

(Bileta under:

Karl Johan Fjelle har mange år bak seg som Grendacup-keeper. Ingenting å seie på antrekket hans i 2000 heller. Ser vi han i mål på Krædene i år også?

Eva Janne Holstad lykkast ikkje med å vinne Grendacupen med Charlie’s Angels i 2000. I år er ho påmeldt Holemix, som siste åra har hatt meir suksess som damelag enn som herrelag. I 2018 vann damene deira sist cupen. Karane har ikkje vunne sidan 2006.)