27. april 2024

Møremegling Grendacupen 2023 vart braksuksess

Kor vidt ei turnering er ein suksess eller ei kjem sjølvsagt an på kven du spør. Dei som uventa ryk ut tidleg vil nok hugse det negative best. Andre igjen er kanskje mest opptekne av om det var rette brus-sortane i kiosken, eller kor mange kjentfolk dei møtte på tribunen i løpet av turneringa.

Men sett frå ein arrangør- og klubbsynsvinkel vil vi absolutt hevde at det Møremegling Grendacupen 2023 vart ein braksuksess, og truleg endå betre enn i fjor – då turneringa gjorde comeback etter tre års korona-dvale.

Det hadde ikkje vore med fleire lag sidan 2015. Det var mange jamt gode lag i dei fleste klassane. Det kom overraskingar og sensasjonar i fleire sluttspelkampar – og minst to av finalane fekk overraskande utfall.

Men kanskje viktigast av alt var det at Møremegling Grendacupen 2023 vart ein stor publikumssuksess.

Vi har ikkje fått fintelt enno, men mykje tyder på at det kan ha vore over 2000 tilskodarar innom dei to dagane. Og då luktar vi på tala frå toppåret 2012.

Rekord eller ei så er det i alle fall mykje som tyder på at mange likte seg så godt i Hareidhallen desse to dagane at dei var til stades lenger enn kva dei eigentleg hadde tenkt – og mange har allereie signalisert at dei kjem tilbake neste år.

Når det gjeld det sportslege skulle det eigentleg ikkje vere ein eigen jenteklasse i år.

Men då to jentelag tapte semifinalane i dameklassen kasta arrangørane og dei to aktuelle jentelaga seg rundt og fekk til ein eigen jentefinale på kort varsel.

Denne var det GoalDiggers som vann med siffera 2-0 mot Best på Benk. Sistnemnde lag kan trøyste seg med at dei vann draktprisen (drakter blant anna med Ishavsmuseet-logo på – her må ein viss Polarstar-guru og bestefar truleg ha vore inne i biletet).

Siri Teige Eiksund frå GoalDiggers vart både beste spelar og toppscorar.

I dameklassen tyda det aller meste heile vegen på at Trines Disipler kom til å vinne turneringa – heilt fram til finalen.

Der møtte dei Holemix.

Dette vart ein ellevill finale (sannsynlegvis den nøytralt sett beste finalen vi har hatt i denne turneringa nokon gong – uavhengig av klasse).

Holemix leia ei stund 4-1, før Trines Dispiler kom tilbake og snudde til 6-4! Men Holemix gav seg ikkje og scora to kjappe. På stillinga 6-6 fekk Holemix straffe, som Vilde Voll Hareide sette sikkert i mål bak Trine Årsbog.

Dermed eit ganske overraskande og i alle fall svært dramatisk gull til Holemix – tydelegvis til stor glede for dei mange holstingane og eksil-holstingane (og sikkert mange som berre følte seg som holstingar) på tribunen.

Trines Disipler kan trøyste seg med at dei fekk både toppscoraren (Hilde Årsbog Bjåstad) og beste spelar (Helena Nygård).

Ungdomsklassen for gutar var spådd å bli svært jamn, og det vart den til og med semifinalen.

Der var det to eittmålssigrar. I finalen såg det derimot ut som at Arnolds Disipler hadde brukt opp kreftene.

Dei tapte 4-0 mot Bisja mi 2.

Og så mykje meir er det vel i grunnen ikkje å seie om den kampen, anna enn at det såg ut som at Bisja mi 2 var eit noko meir fysisk og rutinert lag.

Hans Petter Skarbø vart mestscorande spelar, medan Sander Vike vart kåra til beste spelar.

I herreklassen dukka det opp mange x- og y-ar i løpet av turneringa.

Allereie første dag kom ei lita bombe då SIF + (med blant anna ein 2. divisjonsspelar på laget) rauk ut, men når sant skal seiast hamna dei i ei tøff pulje.

Dag to rauk både Brylkrem, Hjøa og Paracet og Kjekt De allereie i 1/8-finalen. Førstnemnde lag kunne fort gått veldig langt om dei var heldigare med trekninga, medan Kjekt De i grunnen aldri kom skikkeleg i gang. Dei såg dessverre for dei aldri ut som nokon tittelkandidat i år.

Old boys-laget Forræder kom derimot heilt til kvartfinalen etter å ha overraskande slått Hjøa i 1/8-finalen.

Det var ikkje så mange «gamle» lag med i turneringa i år, men Forræder viste (i likskap med til dømes Skeideball) at 30-35 år kan vere ungt i innefotballen.

Med blant anna Hareid 2-guruane Emil Johannes Dahlen Folkestad (i mål), Benjamin Slettebakk (coach) og Kurt Haddal (på topp – kvar elles?) kunne Forræder med litt hell nådd semifinalen.

Men i kvartfinalen vart dei så vidt slått av eit anna overraskingslag: Skal vi danse?

Mange hevde likevel at ein annan av kvartfinalane, Kvil dej mot Startgass, var den «eigentlege» finalen.

Her vann Startgass knapt.

Men Kvil dej kan trøyste seg med at deira målvakt Kevin Aarvik Hestholm vart kåra til turneringas beste keeper denne gongen – etter fleire forrykande kampar i buret.

Då Startgass var forbi dette hinderet trudde nok mange at dei kunne gå strake vegen til gullfatet (semifinalen mot Karanje vart ein rein parademarsj).

Men Urtedram hadde ein eigenskap som mange gode turneringslag har: Dei spelar seg opp i løpet av turneringa.

Eigentleg lukta det ikkje svidd av Urtedram før langt ut på dag 2.

Men dei sparte det beste til slutt og spelte ein knallgod finale mot Startgass – som dei vann 3-2 etter både å ha leia 2-0 og 3-1.

Kjekt for eit lag som i mange år har hevda seg i toppen av turneringa, men aldri vunne før no.

Vi har ikkje på ståande fot oversikt over kven dei har hatt i stallen kvart år, men i alle fall for Gustav Bjørlykke Kløvning, Rikard Johannes Osnes og lagleiar (ikkje spelande i år) Håvard Knudsen Bjåstad må dette ha vore svært etterlengta.

Blant mange brennheite kandidatar vart dette lagets Olai Bjørdal kåra til årets spelar, medan Startgass sin Christian Mork Breivik scora flest i denne klassen.

Andre prisar som ikkje er nemnt så langt:

Fair Play-prisen: Håkon Grimstad Thormodsæter

Tribuneslitaren: Karl Riise Grimstad

Årets mål: Elling Gaasø

(Og så vi kjapt nemne at vi også i år fekk til ein artig showkamp med 9-åringar frå Hareid IL i aksjon.)

Til slutt høyrer det å takke bade spelarar, publikum, dommarar, sponsorar og arrangørar for to strålande dagar i Hareidhallen.

Svært mange har gjort ein kanonjobb for å gjere Møremegling Grendacupen 2023 til ein kjempesuksess.

Det blir kanskje urettferdig å trekke fram enkeltpersonar, men vi må nesten likevel nemne Sindre Breivik, som har vore ein koordinator med stor K. Det er ikkje få bemanningsplanar og andre oversikter han har brukt adventstida til å lage.

Om vi får lov til å nemne ein til så må det bli Ovar Hatløy, som i år som så mange år før (sikkert i minst 10 år?) har hatt kontroll på både måltavla og mykje anna rundt turneringa. Ein viktig kontinuitetsberar og slitar!

Men først og fremst var årets arrangement eit skikkeleg godt lagarbeid som fotballgruppa i Hareid IL Fotball kan vere svært stolte av. Her er det mykje positivt å ta med seg vidare i sesongen 2024.

Sjekk gjerne Facebook-profilen til Hareid IL. Der har vi lagt ut både (mange) bilete, videoar og litt tekst langs med frå turneringa. (Også blant anna kåringa av årets eldsjel i fotballgruppa.) (Vi tippar også vikebladet.no dukkar opp med tekst og foto etter kvart.)

Foto og tekst frå turneringa av: A. H. P. og E. O. T.

(Sistnemnde nyttar samtidig høvet til å takke for seg etter å i (noko sånt som) 18 av dei 20 sesongane vore anten webredaktør, journalist, referent, fotograf eller liveoppdateringsmann for det som til ei kvar tid har vore fotballgruppa sine plattformer. No er det på tide å sleppe til nye krefter. Takk for laget!)

Foto heilt øvst: Osnes, Bjåstad og Co. jublar for siger.

Liveoppdateringar.