28. april 2024

Møremegling Grendacupen 2023: Trekninga er unnagjort og kampoppsettet klart

Søndag føremiddag samla fem karar seg fysisk og digitalt for å gjennomføre trekninga til Møremegling Grendacupen 2023.

Som tradisjonen tilseier skal semifinalistane frå herreklassen i fjor seedast. Sidan det er fem grupper i år måtte også eit lag til veljast ut basert på forventa kvalitet.

Her var det ikkje lett å velje ut eitt lag, men basert på at Markus Hareide nettopp har fornya årskortet sitt i klivrehallen – og at Bastian Rasmussen har lada opp med mykje blytung hiphop på stereoanlegget siste tida – så landa dei frammøtte på at «Kjekt de» fekk den siste seedingsplassen.

Alle dei innleiande gruppene ser ein her.

Sånn i farten ser vi inga «dødens gruppe».

Mange håpte nok på ein duell mellom «Forræder» og «Startgass», men det ser ut som Ruben Kenneth Brandal må vente til dag 2 for å finne fram dei største leggskinna han har i boda.

Gruppe E er kanskje det næraste vi kjem ei «dødens gruppe», men så ofte som hurtigbåten og ferja er innstilt for tida treng det ikkje om å vere ein fordel å ha med så mange SIF-spelarar som «SIF +» har.

I fjor var det forresten mellomspel i herreklassen. Tilbakemeldingane på det var så gode at arrangørane prøvde å få til noko liknande i år også.

Men sidan det var fleire påmelde lag enn i fjor fann ein ingen matematisk formel som gjorde eit slikt mellomspel fornuftig i år. Dermed går ein rett på 1/8-finalar dag 2.

Sidan det var så få påmelde jentelag valde arrangørane å slå saman dame- og jenteklassen (men det blir eigne prisar for jentene). Dei blir då sju lag, same som ungdomsklassen for gutar.

I dameklassen vart to lag seeda: Trines Disipler og Holemix.

Fire lag går vidare til semifinale dag 2.

Det same gjeld altså i ungdom gutar.

Her vart ingen lag seeda, men sidan «Bisja mi» melde på to lag, vart desse plasserte i kvar si gruppe.

***

Kampoppsettet finn ein no i sin heilskap her, og det er viktig at alle lagleiarane set seg inn i det i god tid før 28. desember, første kampdag.

(I grunnen er kampoppsettet ganske oversikteleg og greitt i år, sidan ingen grupper har fem lag. 12 minutt per kamp i grupper med fire lag, 15 minutt i grupper med tre lag. 15 minutt for sluttspelskampane dag 2, med unntak av finalane, som varer i 20 minutt.)

Arrangørane sender ikkje ut påminning dagen før. Når laget kjem til hallen må dei melde seg i sekretariatet for å hente «dommarkortet». Her fyller ein ut namna på spelarane på laget, og arket må leverast inn seinast 30 minutt før første kamp. (Det må i same renna også betalast.) Dersom alle 10 rutene er fylt ut kan ein ikkje melde på fleire spelarar i løpet av turneringa.

Skulle ein derimot ha ledige ruter kan ein kome med fleire spelarar undervegs i turneringa, men sjølvsagt berre dersom ein held seg innanfor regelverket med omsyn til utlendingar osv.

***

Når det gjeld hovudbiletet i denne saka, så er kanskje ikkje overskrifta så lett å lese. Men der står «Generajonsskifte».

Det var Vikebladet Vestposten som melde det etter at gjengen på biletet vann herreklassen i 2009, etter at laga til Espen Beiermann, Roy Inge Brandal, André Egset Nupen ++ hadde dominert i fleire år.

Gjengen på biletet vann igjen i 2010, men så dukka faktisk dei nemnde karane opp igjen og vann både i 2011 og 2013.

Året i mellom var det «Familieselskap», med Aursnes-karar fødde både på 70-, og 90-talet, som vann. (Og også i 2015 vann eit slags familielag: «RISK»)

Poenget med dette tilbakeblikket var å lufte spørsmålet om vi i åra som kjem får ei turnering dominert av fjorårssvinnarane «Hardbarka Alkisa FC», i år «Startgass».

Dei var svært gode i fjor, og ser ikkje på papiret spesielt svekka ut i år. Heller snarare tvert imot.

Men så kan det altså skje som sist det vart snakka om generasjonsskifte, at tidlegare vinnarar slår tilbake igjen.

Det kan til dømes vere «Karanja», omtrent same gjengen som vann i 2016 og 2019.

Mindre sannsynleg er det at 2006-vinnarane på «Holemix» går til topps igjen.

Vi har heller ikkje så stor tru på «Forræder», omtrent same gjengen som vann i 2014, all den tid Ruben Kenneth Brandal har hoppa av lasset for å prioritere den nye omgangskretsen sin.

Men det kan også bli endå yngre lag enn «Startgass» som slår til, anten i år eller seinare. Til dømes kan det vere «Hjøa» med mange spennande juniorar i stallen.

Apropos «Holemix» så er det utvilsamt på damesida dei har hevda seg best i nyare tid. Men sist siger kom tilbake i 2018.

Så det er kanskje på tide å tenke på å fylle opp pokalskapet igjen der. Eller blir «Trines disipler» rett og slett for gode?

Spørsmåla er mange. Svara før vi ikkje før 28. og 29. desember. Inntil vidare: god advent og god jul!