29. april 2024

Nordvest Maraton 2023: Ein kjempedag, men også ein veldig varm dag

Det er jo ikkje så ofte vi klagar over veret på desse kantar, men det var nok i overkant varmt i dag. I alle fall til å få dei heilt store tidene. Men mange såg ut til å ha det kjekt ute i løypene, og om det inntrykket stemmer er også arrangørane nøgde.

Vinnarane vart:

Heil distanse:

Dominique Pattyn, Belgia – 3.44,38 (toppbiletet)

Siv Grethe Berge Hoff, Bergsøy IL – 4.36,38

Halv distanse:

Håvard Berge, Oslo – 1.21,06 (i lyseblå trøye over)

Jodi Brautaset, Ørsta – 1.41,41

Alle resultat her.

Begge herrevinnarane er så vidt vi veit debutantar i Nordvest Maraton. Dei to kvinnene kjenner vi derimot godt frå før. Brautaset har vunne kvinneklassen fleire gonger før, om vi ikkje tek heilt feil.

Jamt over ser vi at tidene er svakare enn vanleg. Fleire snakka om at ein kanskje tapte både tre, fire og fem minutt på halv distanse. Men sannsynlegvis er det individuelle forskjellar her.

Bortsett frå vinnaren Berge var det stort sett berre kjende namn på topplistene for halvmaraton for menn. Både Stian Nedrelid frå Ørsta og Petter Vattøy Nygjerde frå Hareidlandet Triatlon har prestert veldig godt i Nordvest Maraton tidlegare.

Fjerdemann Henrik Hareide Holstad frå Hareid IL fekk dessverre aldri opp dampen slik han håpte, men var langt framom Longva og Moltu, begge eigentleg frå Gursken, som vart nummer fem og seks.

Bak desse kom det faktisk to karar frå Hareid IL. Einar Orten Trovåg gjorde comeback i løpssirkuset etter tre år ute med skadar, og gjorde det litt betre enn han hadde tenkt. Jan Endre Rise kjende på ein skade i leggen og tok løpet som ei slags treningsøkt.

Vi ser elles at heile fem søsken Røren frå Ulsteinvik fullførte halvmaraton (biletet under). Har noko liknande nokon gong skjedd i lokale løp på desse kantar?

Vi ser elles at Kjell M. Fagerlund frå Hasungot IL fullførte halvmaraton. Med det er han den einaste som har delteke i Nordvest Maraton 33 av 33 gongar.

10 deltakarar på heil distanse (sjølvsagt inkludert legenda Inge Asbjørn Haugen) er vel normalen slik det har vore siste åra.

Vi må fintelje seinare, men det ser ut som 44 fullførte halvmaraton. Då er vi omtrent tilbake på 2018-nivå, året då det så forsiktig begynte å ta av med omsyn til løpets nye popularitet dei siste åra. At det ikkje var endå fleire som deltok på denne distansen kan skuldast kolliderande løpsarrangement, mange festivalar i området i helga, eller kanskje folk rett og slett skygga unna varmen. Ein liten nedtur etter nokre år med veldig god deltaking altså, men så lenge dei som deltok hadde det kjekt så er jo det viktigast.

Det høyrer med å takke alle som bidrog til at arrangementet vart vellukka.

Det er vanskeleg å hugse alle som bidrog med alt frå tidtaking til kioskteneste til drikkestasjonar og fotografering, men vi gjer eit forsøk:

Vidar Vollsæter, Henning Røyset, Bjarte Sunde, Jon Kåre Mork, Kristian Angelsen, Einar Orten Trovåg, Lars Roar Holstad, Cathrin Elvanes, Eiliv-Tore Howlid, Odd Erling Eriksen, Daniel Slettebakk, Ørjan Røyset, Harald Møller, Hans Gisle Holstad, Jon Gjerde, Leiv Arne Grimstad, Øystein Orten, Gunnar Aursnes, Tor Håbakk, Bjørn Håbakk, Mariann Dahle, Bente Teigene, Sindre G. Rise, Olav Sindre Rise.

(Og så skal ikkje vi gløyme den ekstra drikkestasjonen til Hareide Holstad-gjengen fram i Hovden. Den kom godt med!)

Tusen takk for dugnadsinnsatsen!

PS. Vi legg ut mange bilete frå løpet på facebooksida vår utover helga. Sjekk også lokale aviser og kondis.no. Vi kjem tilbake til oppdatering av statistikk og den slags seinare.