28. juni 2022

Nordvest Maraton vil surfe vidare på joggebølga – satsar på ny folkefest i løp nummer 32

Laurdag 20. august blir Nordvest Maraton på Hareid arrangert for 32. gong. Sunnmøres eldste maraton har fått eit oppsving i interessa siste åra, og håper på eit nytt populært arrangement i år.

PRESSEMELDING

Nordvest Maraton har blitt kalla det vakraste løpet i Norge. Og det er ikkje vanskeleg å tenke seg kvifor. Løypa går i naturskjønne omgjevnader i Hareid kommune. Ein skal til dømes springe langs Grimstadvatnet og rundt nesten heile Snipsøyrvatnet, to turistattraksjonar. Og ikkje berre er det mykje flott natur å sjå på. Du får også oppleve ei variert løype med både grus og asfalt (og bittelitt tartan), der det både går mykje bortover og litt opp og ned her og der.

Etter at løypa vart lagt om i 2014 startar ein på Hareid stadion, tek Rotary-stien (grus) fram til Kaldholen, spring deretter rundt det idylliske Snipsøyrvatnet (asfalt) før ein spring Kaldholvegen (grus) ned til Hareid kyrkje, før ein svingar seg tilbake mot Hareid stadion. Dei som spring full distanse skal gjennom denne flotte løypa to gonger.

God deltaking

Nordvest Maraton har hatt sine bølgedalar i deltakinga gjennom 30 år, men har opplevd veldig god framgang dei tre-fire siste åra. I 2020 fullførte 113 deltakarar halvmaraton og 14 på heil – det var ny rekord! I fjor var deltakinga den femte beste nokon gong.

Det blir i år som dei to siste åra også ein trimvariant utan tid – 8 eller 21 kilometer.

Det viktigaste med Nordvest Maraton er sjølvsagt å få med seg breidda.

Alle får ein flott deltakarmedalje. I tillegg blir det premiering av topp tre i kvar klasse.

Hafsås i tet

Men ein kjem heller ikkje vekk frå at nokre er meir ambisiøse enn andre.

På heil distanse er det ingen som har vore kjappare enn Helge Hafsås frå Olden, som sprang i mål på tida 2.33.03 i 2006. Det var i den gamle løypetraseen. Løyperekorden for kvinner var det Hareid ILs eiga Therese Falk som sette i fjor. Tida ho fekk laud på 3.08,05.

Berry van den Bosch, Strindheim er beste kvinne på halv distanse. I 1996 fekk ho tida 1.28.08. Beste mann på halv distanse er Oddbjørn Skogen, som i første året løpet var arrangert (1991) slo til med tida 1.09.35.

Men i fjor var ikkje ørstingen Sjur Haug langt unna å ta den, då han sprang inn på 1.09,50. Kanskje prøver Haug igjen i år?

Lokale eldsjeler står bak

Nordvest Maraton har sidan starten i 1991 vore leia av mange lokale eldsjeler. Fleire av dei er med framleis. Styret består no av Vidar Vollsæter, Jon Kåre Mork, Bjarte Sunde, Henning Røyset, Kristian Angelsen og Einar Orten Trovåg. I tillegg bidreg ei rekkje andre personar på ulike måtar før og under arrangementet.

Kretsmeisterskap

Nytt i 2021 var at Nordvest Maraton også er KM for Møre og Romsdal i halvmaraton og heilmaraton. Dette vart ein såpass stor suksess at Hareid IL har fått dette arrangementet også i år.

Dette hindrar sjølvsagt ikkje deltakarar som ikkje soknar til fylket frå å vere med, men er ei ekstra gulrot til dei frå Møre og Romsdal. Ein må vere medlem i ein klubb i fylket for å vere med i KM (og klubben må ha betalt medlemsavgifta til friidrettskretsen – ta kontakt om du er usikker på status for din klubb).

I halvmaraton kan ein vinne gull, sølv eller bronse i KM i desse klassane: 15 år, 16 år, 17 år, 18-19 år (U20), junior 20-22 år (U23), senior, 35-39 år, 40-44 år, 45-49 år, 50-54 år, 54-59 år, 60-64 år, 65-70 år og så vidare heilt opp til 90 år og eldre.

For maraton er aldersgrensa 18 år. Yngste klasse her blir derfor U20 (18-19 år).

Påmelding

Påmeldinga startar i år éin månad før løpet. Dei siste par åra har vi stressa litt med å få inn påmeldingane tidleg, grunna restriksjonar knytt til korona. I år kan ein slappe meir av slik sett, men vi håper likevel fleire melder seg på i rimeleg god tid.

Når påmeldinga opnar vil det kome informasjon på hareidil.no og Facebook.

I utgangspunktet stengjer påmeldinga torsdag 19. august klokka 21.00, men eventuelle etternølarar kan også melde seg på løpsdagen.

Anna

Det blir i år som i fjor ei staseleg premieutdeling. Kor vidt denne blir inne på klubbhuset eller ute på stadion kjem vi tilbake til når vi har sett nærare på vêrmeldingane.

For statistikk, rekordar, kart og anna relevant informasjon, så sjekk i menyen her på heimesida.

Nordvest Maraton har også kasta seg på bølgja med å få seg ambassadørar. Her trong vi ikkje leite utanfor eigen klubb. Dette er nemleg Therese Falk og Henrik Hareide Holstad. Falk er i verdstoppen i ultraløp. Hareide Holstad sette ny kretsrekord på halvmaraton i sin klasse i fjor. Kanskje får vi høyre meir frå dei to i sosiale media etter kvart.

Heilmaraton startar klokka 11.00, halv klokka 12.45. Dei i mosjonsklassa kan starte når dei sjølv ønskjer det.

Vel møtt!