19. april 2024

Engen Grimstad ny spelar- og trenarutviklar i Hareid IL Fotball

Fotballgruppa i Hareid IL har i dag tilsett Ørjan Engen Grimstad (32) som ny spelar- og trenarutviklar.

– Dette er vi svært godt nøgde med. Ørjan blir ei viktig brikke i vår ambisjon om å ta nye steg, seier Kenneth Nicolaisen og Anders Eidsvik, høvesvis leiar og nestleiar i fotballgruppa.

Det har vore ein omfattande tilsetjingsprosess med mange sterke kandidatar. Søkaren som fekk jobben er ein som kjenner Hareid IL veldig godt frå før.

Ørjan vaks opp i Grimstadgeilane og dreiv både med fotball og friidrett i Hareid IL i yngre år. Etter kvart vende han fokuset mot fotballen. Han vart kretsmeister innandørs med G15 i 2005 og debuterte på a-laget året etter. Etter å ha vore ei viktig brikke i 2007 og 2008, to sesongar der Hareid kjempa i toppen av 3. divisjon, gjekk Ørjan til Hødd framfor sesongen 2009. Her spelte han i fire år, og var blant anna ein del av troppen som vart norgesmeistrar i 2012.

Han flytta etter kvart til Trondheim, men både før og etter opphaldet der oppe har han spelt for moderklubben. I to sesongar nyleg var Ørjan hjelpetrenar både på herrelaget og damelaget. Då han var tidleg i 20-åra trena han smågute- og gutelag i Hareid IL i tre sesongar. Han har også trena damelag i Trondheim. Han er no undervegs i eit utdanningsløp som trenar. Den nye spelar- og trenarutviklaren har altså solid fartstid både frå breidde- og toppfotballen.

Ørjan Engen Grimstad startar i jobben på Hareid 2. januar. Stillinga er på 80 prosent. Ein kan grovt sagt seie at jobben er tredelt. Den eine delen går på å vere med på å utvikle trenarane i Hareid IL Fotball vidare. Den andre delen går på å arrangere ekstratreningar, og den tredje på å ha fellestreningar. Store delar av jobben går på å trene spelarar i ungdomsfotballen, men også til ein viss grad i barnefotballen. Spelar- og trenarutviklaren har eit spesielt ansvar for jentefotballen.

Men som leiarduoen i fotballgruppa seier skal denne stillinga gagne alle i Hareid-fotballen.

– No gler vi oss til at Ørjan kjem i gang. Samtidig ønskjer vi å takke vår generalsponsor Sparebanken Møre for å ha støtta denne stillinga. Utan dei hadde ikkje dette vore mogleg, seier Kenneth Nicolaisen og Anders Eidsvik.

Ørjan Engen Grimstad seier sjølv at han er spenna klar og gler seg til å kome i gang. Når han startar 2. januar treng han nokre dagar til planlegging og å setje seg inn i arbeidskvardagen. Deretter blir det kalla inn til eit informasjonsmøte om arbeidet hans.