20. april 2024

Aktivt styreår avslutta – går inn i ein ny sesong med mykje entusiasme

Fotballgruppa hadde sitt årlege møte på klubbhuset onsdag kveld. Frammøtet kunne tyde på at ein del prioriterte å sjå handball denne kvelden, men dei som var til stades fekk i alle fall høyre mykje nytt og spennande frå eit svært offensivt fotballstyre. Det gjaldt både sportslege, administrative og anleggsmessige planar. Vi skal kome tilbake med fleire detaljar i seinare saker, men kan kjapt røpe at det blir jobba med kvalitetsklubb-søknad og at det kan bli tilsett spelar- og trenarutviklar om ikkje altfor lenge.

Til glede for mange tok Kenneth Nicolaisen å leie fotballgruppa også i 2023. Han vart valt med applaus. Nestleiar Anders Eidsvik stod ikkje på val.

Av dei sportslege medarbeidarane i 2022 stod ikkje Kim-Tore Husøy (sport born) og Emil Johanes Dahlen Folkestad (menn senior) på val. Einar Orten Trovåg (sport ungdom) takka nei til attval og vart erstatta av ein nykomar, den tidlegare lynkjappe angriparen Georg Eikrem Olsen. Velkomen til han! Orten Trovåg takka på si side ja til ei mindre rolle knytt til informasjon/SoMe.

På økonomi kom det inn to nykomarar: Georg Rise Gaasø og Daniel Teigene. Gaasø flytta heim tidlegare i år etter nokre år i Oslo, men mange hugsar han i si tid som ein taklingssterk midtbaneslitar. Teigene har i det siste vist stort engasjement som trenar i jentefotballen. Velkomen til begge!

Sindre Breivik, som nærmar seg 15 års fartstid i styret om ein reknar både det gamle yngres-styret og fotballstyret, takka heldigvis ja til ein ny periode på anleggsfronten. Ein viktig mann å ha med vidare! Ny kvalitetsklubbansvarleg er Odd-Magne Brandal, tidlegare Hareid 2-kaptein og still going strong. Ei god signering!

På varaplass stod ikkje Håvard Knudsen Bjåstad på val, medan vara-spesialisten Evelyn Røren gledeleg nok takka ja til ein ny periode.

Då trur vi at vi har hugsa alle – og fekk med korrekte roller på alle. Om ikkje skal vi ta det med i ei seinare oppdatering.

Det var ikkje så mange som skulle takkast av i kveld, men Silja Øvrelid går ut av styret etter tre år i forskjellige roller. Vi takkar henne så mykje for innsatsen og håper å sjå ho igjen i andre roller i Hareid-fotballen.

Vagn Scheide Mork og Eiliv-Tore Howlid held fram i valnemnda, medan Benjamin Slettebakk vart erstatta av Bård Grimstad.

Mykje meir kunne sikkert vore nemnt frå møtet, men det begynner å bli seint – så i denne omgang takkar vi det avtroppande styret for innsatsen og ønskjer det nye lykke til!

Girri, girri!

PS. På biletet under ser vi Breivik, Nicolaisen og Eidsvik i full konsentrasjon under møtet. På hovudbiletet ser vi store delar av det nye fotballstyret.