16. april 2024

A-lag menn: Slagkraftig trenarteam på plass

Stig Andor Engen er ny hovudtrenar for Hareid sitt a-lag. Han får med seg Odd Sverre Urke og Reidar Vikebakk som hjelpetrenarar. På biletet over ser vi dei nye trenarane flankert av Kim-Tore Husøy og Emil Johannes Dahlen Folkestad frå sportsleg utval.

– Vi gler oss til å kome i gang. Nøkkelen blir å få danna ei god treningsgruppe, seier trenarane under ein seanse på klubbhuset torsdag ettermiddag.

Som tidlegare meldt gav legendariske Hans Gisle Holstad seg som trenar etter sesongen som var. «Kisse» var ein svært rutinert trenar, men det er ikkje nybegynnarar som tek over heller.

Hovudtrenar Stig Andor Engen har mange år bak seg som trenar for aldersbestemte lag på Hareid, i tillegg til å ha vore hjelpetrenar for a-laget på 90-talet. Engen hadde ein god spelarkarriere, først og fremst som keeper for Hareid, Molde og Hødd (blant anna sist dei spelte i Tippeligaen, i 1995). Men også seinare som spiss og back for Brandal og Hareid 2.

Odd Sverre Urke er den yngste i trenarteamet, men har også fleire sesongar bak seg som trenar for aldersbestemte lag i Hødd. Han var innom Hareid som spelar på slutten av 90-talet.

Reidar Vikebakk har trena lag i Hødd i 45 år, alt frå dei yngste til a-lag. Parallelt med trenaroppdrag i Hødd trena han i sju år også aldersbestemte lag i Hareid. Vikebakk har også trena Koppang frå Stor-Elvdal i det som var 3. divisjon på den tida.

Hareid går inn i sin tiande strake sesong i det som no heiter 4. divisjon, den øvste kretsserien. Etter ein utfordrande (avkorta) 2021-sesong der ein så vidt heldt plassen enda laget på 8.-plass i år. Men noko resultatmål for 2023-sesongen er det ikkje snakk om å setje seg no. Her skal det altså først og fremst byggast treningskultur.

Emil Johannes Dahlen Folkestad, sportsleg leiar for herrefotball i klubben, seier seg godt nøgd med den nye trenarløysinga.

– Vi har fått alt vi kunne ønske oss, eit fagleg sterkt og rutinert trenarteam med stor interesse for å trene denne gruppa på best mogleg måte, seier Folkestad.

Dei fleste spelarane skal truleg bruke romjula til å spele Grendacup. Første trening med det nye trenarteamet går tysdag 3. januar.

PS. Sportsleg utval tek no ein velfortent juleferie, etter nokre hektiske dagar der ein har landa både trenarteam for a-laget og spelar- og trenarutviklar. Som ein kuriositet kan det nemnast at Stig Andor Engen er onkel til spelar- og trenarutviklar Ørjan Engen Grimstad. Stig sin far og Ørjan sin bestefar Andor Engen var forresten ein av storspelarane dei første åra Hareid hadde fotballag, det vil seie åra etter krigen. Andor Engen scora 71 mål på 70 kampar, den einaste som med ei viss mengde kampar i føtene har eit scoringssnitt på meir enn 1,0 per kamp.