25. april 2024

Måltips er tilbake – med betre premiar enn nokon gong før

Mange hugsar kanskje «Måltips», ein konkurranse Hareid-fotballen har hatt mange sesongar tidlegare. Men det er nokre år sidan sist no.

Den store forskjellen denne gongen er at premiane er langt betre og fleire enn før. Frå 2-3 premiar tidlegare er det i år heile 12 premiar å kjempe om. Dette har vi det lokale næringslivet å takke for.

Tusen takk til Kokkn Roll, T. Riise, Elon, Sport 1 Hareid, Floriss Hareid, Drømmekjøkken, Hadarhus, Top Fix, Byggern og Circle K.

Kva dei ulike premiane er står det meir å lese om på Måltips-arka, men det er til dømes gåvekort, poleringsvask, skrumaskinar, fiskestong og Bluetooth-høgtalarar. Ikkje verst! I tillegg kjem blant anna Hareid IL sin eigen Hareid-pakke med hue og flaske.

Kva er så Måltips? Jau, det går ut på at du skal tippe kor mange mål Hareid scorar i år. I år gjeld det begge a-laga våre. Altså tippar du til dømes at karane scorar 30 mål og damene 40, til saman 70 mål. Den som kjem nærast vinn 1. premien, den nest næraste 2. premie osv. For å vere med i konkurransen forpliktar støttespelarane våre seg til å betale eit valfritt beløp per mål Hareid scorar.

Så her kan du altså både vere med i ein kjekk tippekonkurranse, støtte klubben og vinne ei rekkje fine premiar frå lokalmiljøet!

Det er a-spelarane i Hareid som sel måltipsa. Er det ingen som tek kontakt med meg, så ta gjerne kontakt med ein av spelarane – same kven! (På biletet ser vi fire av a-spelarane våre i år. Frå venstre: Håvard Knudsen Bjåstad, Helene Sjåstad Kleppe, Andrine Øvrelid, Gustav Bjørlykke Kløvning)

Vi minner samtidig om at det blir høve til å kjøpe sesongkort til heimekampane til a-laga i år. For vaksne kostar eit sesongkort 500 kroner. Då får du sjå heile 18 kampar (11 med herrelaget og 7 med damelaget) eller så mange du vil. For born/honnør er prisen 300 kroner.

Sesongkorta kan kjøpast på klubbhuset eller i inngangen under dei første heimekampane i år.

Kort oppsummert er det mykje å sjå fram til utover våren. Girri, girri!