29. mars 2024

Klart for siste løp i vinterkarusellen – no er nesten alt ved det normale

Trass i koronasituasjonen har Hareid IL (med nokre justeringar sånn og slik) fått avvikla dei tre første løpa i vinterens Grimstadvatnet rundt på dei oppsette datoane.

Laurdag er det klart for løp fire av fire. I og med at det er 40-årsjubileum i år klarer kanskje nokre å rekne seg fram til at dette er løp nummer 160. Det må vi seie er eit ganske godt tal!

I motsetning til sist blir det ikkje puljestart denne gongen, opplyser Odd Erling N. Eriksen, leiar i friidrettsgruppa.

Det blir også premieutdeling på klubbhuset etter løpet. Den startar så fort som mogleg etter at løparane har kome seg i mål (og helst ha fått dusja også).

På klubbhuset blir det høve til å kjøpe kaffi, saft og kanskje ein kakebit.

Det einaste som framleis ikkje er heilt normalt er at ein må halde éin meter avstand på klubbhuset (om ein ikkje kjem frå same husstand). Om dette ikkje er mogleg så må det nyttast munnbind.

Samlinga på klubbhuset er for alle, same om du berre deltek laurdag eller har vore med alle gongane.

Kven som kan kjempe om premiar kan du lese om her.

Vel møtt til alle frå fjern og nær!