29. mars 2024

Onsdag startar alvoret!

For dei fleste laga i breiddefotballen blir det ikkje spelt om poeng før godt ut i april.

Nokre må derimot satse på ei tidleg formspissing.

For første gong på fem år skal i år juniorlaget ut i vinterkvalifisering.

Første kamp går borte mot Ørsta onsdag. Ørsta har allereie opna kvalifiseringa med ein sterk 3-1-siger mot Bergsøy.

Det er fem lag i avdelinga. Dei tre beste går til 1. divisjon. Sjå meir detaljert oppsett her.

Hareid har levert to gode sesongar i 2. divisjon under leiing av Anders H. Pilskog. Laget har trena bra i vinter, men har etter det vi erfarer nokre sentrale spelarar ute med skade. Uansett veit vi at det aller meste kan skje i ei slik kvalifisering.

Det fekk Hareid IL mellom anna erfare sist dei gjekk til 1. divisjon – for 11 år sidan.

Hareid måtte vinne mot Spjelkavik i Sunnmørshallen for å nå 1. divisjon. Det starta bra med at Håkon Orten Trovåg sende Hareid i leiinga. Så vart keeper Sjur Gjerde utvist. Spjelkavik utlikna – noko lunde samtidig som Hareid i tur og orden fekk utvist to trenarar.

Men på tampen kom Ådne Andersen inn frå benken og sikra Hareid 2-1-siger og spel i 1. divisjon. Jubelen etter kampen ser du på biletet over.

Seks år seinare måtte Hareid faktisk ut i omspel mot nettopp Spjelkavik om ein plass i 1. divisjon. Hareid hadde fått ein glimrande start på kvaliken, mot tapte så det song etter i omspelet…

Tradisjonen med vinterkvalifisering for først junior og deretter også G16 starta for nærare 20 år sidan.

På juniorsida var Hareid i ein del år eit fast innslag i 1. divisjon, men utover 2010-talet har ikkje Hareid ein gong greidd å stille juniorlag i det heile alle år.

No ser ting betre ut, men i selskap med Ørsta, Bergsøy, Langevåg og Rollon er nok mannskapet til Anders H. Pilskog og Johs Riise i ein klar utfordrarposisjon.

Uansett: Lykke til og girri, girri!