18. april 2024

Dei fleste laga godt i gang – trass i koronasituasjonen

Ikkje alt er lov enno, men mange av laga i fotballgruppa starta denne veka opp igjen treningane etter nyttår – med ein del restriksjonar.

Både a-laget for menn og juniorlaget fekk på plass sine støtteapparat i god tid før jul. Desse laga hadde begge test torsdag kveld. Og det var ikkje kva som helst slags test, men sjølvaste beep-testen.

(Dei for nokre plagsame) beep-lydane vart spelt over den gode gamle CD- og kassettspelaren til a-trenar Hans Gisle «Kisse» Holstad.

Det første heatet vart vunne av Johannes Knardal, som debuterte på a-laget og fekk ein god del speletid i fjor haust.

Det andre vart vunne av junioren Estifanos Micael (biletet).

Juniorlaget – under leiinga til Anders H. Pilskog og Johs Chr. Riise – skal forresten om ikkje alt for lenge ut i vinterkvalifisering.

Kampoppsettet deira kan du sjå her. Tre av dei fem laga går til 1. divisjon.

Damelaget hadde også trening torsdag. Trenarteamet er ikkje heilt komplett enno der. Men dei er i alle fall i gang med treningane. Torsdag var 12 damer i sving. Og dei har plass til fleire.

G16 har hatt sine to første treningar under leiing av dei nye trenarane Herman Heimland og Oliver Sulebakk Sylte. Ikkje den aller største gruppa i utgangspunktet, men det har vore bra frammøte og god stemning på begge øktene til no. Christian Åsmo er også i trenarteamet, men teamet er ikkje heilt komplett enno.

Også SMG14 og J15 har starta treningane. Dette er to store grupper.

Vi ønskjer både dei nemnde laga og alle andre lykke til vidare med oppkøyringa!