24. april 2024

Herd var for effektive for Hareid

Hareid tok på fredag imot serieleiar Herd på Hareidsmyrane KGB. I store delar av 1. omgong var Hareid på høgde med serieleiarane, men på slutten av omgongen viste Herd kor effektive dei var foran motstandaren sitt mål – og kampen var difor meir eller mindre avgjord før 2. omgong.

Hareid kom til den første store sjansen i det 5. minutt. Då prøvde Petter Worren å plassere ballen i motsatt kryss frå kanten av 16-metaren, men Herd-keeperen varta opp med ei god redning, og fekk slått ballen til corner.

7 minutt seinare, i det 12. minutt, gjekk bortelaget opp i leiinga. Dei utnytta at Hareid ikkje fekk klarert ballen midt på sin eigen banehalvdel. Plutseleg var ein Herd-spelar åleine med keeper Rikard Osnes, han runda so keeper, og plasserte ballen enkelt inn til 0-1.

Men det tok berre eit minutt før Hareid utlikna. Heimelaget slo då frå midtbana ei lang pasning bak forsvarsrekka til Herd. Bortelaget sitt forsvar var svært passive i denne situasjonen, for det såg ut som dei hadde god tid, og berre kunne vente til at ballen trilla inn til keeper. Det Herd ikkje forsto før det var for seint, var at Kim-Andre Lid Alvestad kom springande i ei ekstremt høg fart. Han sprang so fort at han plutseleg, litt ut av ingenting, var først på ballen, og fekk pirka den til side for Herd-keeperen. Laga var då like langt.

Etter utlikninga var Hareid fullt på høgde med Herd i ei lengre periode, og hadde også eindel ball. Rett før pause skulle likavel Herd komme til å avgjere mykje av kampen. Dei utnytta då to gonga på rad feil frå Hareid defensivt – og auka leiinga til 1-2 og 1-3 i det 40. og 43. minutt.

Etter pause, i det 53. minutt, såg det ut som om Herd skulle auke leiinga si. For då dømde hovuddommar straffe til bortelaget. Men keeper Rikard Osnes ville det anneleis, og varta opp med ei vakker redning på straffa til Herd. Etter denne redninga var det hvertfall liten tvil om kven som skulle bli Hareid sin beste spelar.

Sjølv om Rikard Osnes hindra straffa å gå i mål, var han sjanselaus på å redde avslutninga i det 66. minutt, som førte til 1-4. Det blei då slått eit godt innlegg frå Herd si venstreside, som blei heada kontant i mål frå kort avstand.

Etter dette målet var kampen dessverre heilt avgjort. Likavel skjedde det noko veldig positivt frå Hareid si side i det 75. minutt. Då bytta hovudtrenar Kim-Tore Husøy nemleg inn Bartek Balawender, som berre 15 år gammal fekk debuten sin for A-laget. Vi gratulerar so mykje!

Dei siste 15 minutta spelte Hareid då med ei backlinje der alderen på spelarane var 15 år (Bartek Balawender), 15 år (Gabriel Olav Peterson), 26 år (Martin Longva), og 16 år (Daniel Hüttner Pilskog). Dette viser hvertfall at det finst mange svært unge og lovande spelarar i klubben!

Kampfakta

Tilskodarar: ca. 50

Lagoppstilling: Rikard Osnes – Nauris Driksna (Sebastian Hansen Bjørlykke), Gabriel Olav Peterson, Martin Longva, Daniel Hüttner Pilskog – Johannes Knardal, Gustav Bjørlykke (Bartek Balawender), William Valde Bigset (Adolphus Jacobs), Petter Worren (Benjamin Riise Erdal), Kim-Andre Lid Alvestad (Christian Korshaug) – Ruben Kenneth Brandal (Kristen Haddal Røssevold)

Hareid sine tre beste:

*** Rikard Osnes

**Kim-Andre Lid Alvestad

*Martin Longva