27. juli 2024

Hareid tapte heime mot Norborg/Brattvåg 2

Nok ein gong enda det med eit surt eitt-målstap for Hareid A-lag i 4. divisjon. Denne gongen blei stillinga 1-2 heime mot Norborg/Brattvåg 2.

Det skulle vise seg å bli ein svært hendelserik start på kampen, og Hareid var det laget som opna best. For etter berre 6 minutt spelt fekk heimelaget frispark rundt 25 meter frå mål. Petter Worren tok frisparket, og fekk draumetreff. Ballen gjekk i ein vakker bue over muren, og rett i mål, og stillinga var dermed 1-0 til Hareid.

Berre tre minutt seinare, i det 9. minutt, meinte Hareid-spelarane at dei skulle fått sjansen til å auke leiinga, då dei hevda dei blei snytt for straffe. Men dommar valgte å la spelet fortsette. I staden skulle Brattvåg få straffe i det 13. minutt. Sett med Hareid-auge so virka det straffesparket billeg, for det var då ein Norborg/Brattvåg 2-spelar som sparka Petter Worren rett i foten, då han prøvde å skyte. Men dommaren bestemme, og frå 11 meter var bortelaget sin spelar sikker, og stillinga var dermed 1-1.

Etter dette skapte både Hareid og Norborg/Brattvåg 2 nokre store sjansar, men det blei ikkje fleire mål før pause, og laga gjekk dermed i garderobene med stillinga 1-1.

I 2. omgong var det Hareid som skapte den første store sjansen. Kim-Andre Lid Alvestad tok ballen med seg hurtig framover langs kanten. Han slo so eit hardt innlegg langs bakken, forbi keeper, og ballen var på vei til Ruben Kenneth Brandal to meter frå mål. Men ein forsvarar kom skliande inn og fekk klarert vekk ballen.

I det 60. minutt skora bortelaget sitt andre mål for kvelden. Då drege eine angriparen seg forbi fleire Hareid-spelarar og ned til dødlinja, før han so slår eit knallhardt innlegg langs bakken. Der står ein Norborg/Brattvåg 2-spelar umarkert, og får pirka inn ballen til 1-2.

Etter dette må Hareid nok ein gong jage ei utlikning. I tidlegare kampar har Hareid hatt problem med å skape særleg med sjansar, men no skapte dei svært mange etter bortelaget sitt andre mål.

Berre to minutt etter målet kom kanskje Hareid sin største sjanse. Då slo Petter Worren ei god gjennombruddspasning til Kim-Andre Lid Alvestad. Han runda keeper, og avslutta med venstrefoten. Ballen var på vei mot mållinja, men ein forsvarar kom skliande inn, og fekk stoppa ballen. Hareid-spelarane ga tydleg beskjed om at dei meinte at ballen blei stoppa med handa, men dommaren var av ei anna meining, og lot spelet fortsette.

Seinare i kampen var Ruben Kenneth Brandal involvert i to store nesten-sjansar. Først på eit innlegg der han akkurat ikkje fekk heada ballen, og so seinare då han chippa eit innlegg på bakre stolpe, som var decimeter frå å treffe ein lagkamerat.

Men Hareid klarte ikkje å omsetje sjansane til skoringar, og difor enda kampen med nok eit surt 1-2 tap.

Kampfakta

Lagoppstilling: Rikard Osnes – Gabriel Olav Peterson, Ørjan Engen Grimstad, Nauris Driksna – Johannes Knardal (Sebastian Hansen Bjørlykke, Kristen Haddal Røssevold), Petter Worren, Gustav Bjørlykke (Ola Kalvø Vattøy), Daniel Hüttner Pilskog (Christian Korshaug) – William Valde Bigset (Kim-Andre Lid Alvestad), Ruben Kenneth Brandal, Bastian Rasmussen

Hareid sine tre beste:

*** Petter Worren

**Rikard Osnes

* Gabriel Olav Peterson