Skriv ut

30.10. HAREID IL FOTBALL 70 ÅR. JUBILEUMSHEFTET I SAL FRÅ CA. 20. NOVEMBER.

Vi veit ikkje den nøyaktige datoen, men truleg starta salet rundt 20. november. Alle laga i fotballgruppa står for salet. Heftet er på 116 sider og inneheld i stor grad gamle og nye bilete frå desse 70 åra. Men det har også blitt plass til nokre intervju med sentrale og mindre sentrale personar i Hareid-fotballen opp gjennom åra. I tillegg kjem historikk, statistikk, ein eigen bolk om Grendacupen, med meir. Vedlagte foto: Nokre smakebitar.