hareid_il_logo_135.png









 

Velkomen til ein ny turnsesong. 

Hareid IL turngruppe startar oppatt med turntreningar. 

Måndagar: 

SALTO 11 år + - Hareidhallen, kl. 17.00-19.00

Onsdagar :

Idrettens grunnstige (IG1)   - 1. klasse – Ekornes kl. 17.00-18.15

Idrettens grunnstige (IG1)  - 2. klasse- Ekornes kl. 17.30-18.45

Idrettens grunnstige (IG2)  3-4 klasse- Ekornes kl. 18.45-20.00

 

Torsdagar:

Gymleik ( Ågotturn) : Hareidhallen kl. 17.00-18.00

 

Tysdagar og fredagar:

Turnstigen : Treningstilbod for dei som vil turne ein ekstra dag i veka.  Sjå eige oppsett over treningstider på Idrettens grunnstigepartia.

 

Vel møtt ! 

TRENINGSHELG OG KLUBBKONKURRANSE

Hareid IL turngruppe arrangerte treningshelg og klubbkonkurranse 10.- 11.11.12. Her viste gymnastane fram øvingar frå  Idrettens Grunnstige, SALTO og Turnstigen. Omlag 50 gymnstar deltok på denne helga.

SOMMARFERIE

Hareid IL turngruppe tek med dette sommarferie og ønsker alle medlemmar god sommar og velkome tilbake til eit nytt turnår til hausten :)

                                                          

BARNETURNSTEMNET I KRISTIANSUND 2.-3. JUNI

img_6452.jpg

Hareid Turn var på stemne i Kristiansund 2. og 3. juni, og dei 46 turnarane som var med har trena på programmet sitt i fleire veker. Det er dei eldste turnarane (opp til 16 åringar) som trenar dei yngste (ned til 6 åringar). Både gutar og jenter var med på programmet, som hadde tema "sommar".
Braatthallen i Kristiansund stod i taket etter det humoristiske og allsidige programmet til Hareid, som fekk stor applaus.
- Det er fantastisk å sjå korleis dei eldste turnarane inspirerer og løfter fram dei små som kjem oppetter. Som trenarar og turnarar er dei flott førebilete for 6- og 7-åringar.
 
Sjå video på YouTube her
 
(Tekst: skrive av Kristian Fuglseth
Foto: Charlotte Kleppe )

Innsamling av  gamle mobiltelefonar.

telenor.png

Hareid IL turngruppe går i desse dagar rundt og samlar inn gamle mobiltelefonar. Har du ein gammal telefon til overs kan du gi denne til ein av gymnastane som kjem på døra, eller du kan ta kontakt med Linda Riise.

Innsamlinga skjer i samarbeid med Telenor og alle telefonane vil vi bli gjenvunnen. Hareid IL turngruppe vil få 35 kr. for  kvar telefon som blir samla inn.

Oppfordring til alle: Leit i skap og skuffer etter gamle telefonar.

 

Juleavslutning

dsc_0139.jpg

04.desember 2011, Juleavslutning i Hareidshallen

Tradisjon tru arrangerte turngruppa juleavslutning i Hareidshallen.
Mange turnarar fekk vise seg fram og ha det kjekt ilag.
Ekstra kjekt var det at mange møtte fram for å sjå på turnarane og kose seg med kaffe og kaker :-)

Sjå bildeserie under menypunktet "Arrangement"

01.-02.oktober 2011, Alpha Factor Cup i Molde

Også Hareid IL Turngruppe deltok på Alpha Factor Cup i Molde for ei tid tilbake.
4 av konkurranseturnarane i alderen 11- 15 år og 5 oppvisningsgymnastar i alderen 7-9 år viste seg fram denne helga. Resultata til Hareidsgymnastane: 

Rekrutt 11 år:     Embla Lislevatn nr 11
Klasse 1:            Anne-Gry Riise Brunsvik nr 10    
                        Julie Kristin Kvalsund nr 15
Klasse 2:            Helene Marie Kvalsund  nr 8

Flotte prestasjonar jenter!

 

09.-11.september 2011, regionsamling i Trondheim

Våre eldste konkurranseutøvarar Oline Bjåstad Nesset, Anne-Gry Riise Brunsvik, Helene Marie Kvalsund og Julie Kristin Kvalsund deltok i helga på Regionssamling i Trondheim. Marte Rise var med som trenar. Dette er ei samling for utøverar i Regionen vår som blir samla til ei treningshelg. Til saman deltok 30 gymnastar der det var 20 jenter fra klubbane Sverre IL, Trondhjems TF, Molde TF og Hareid IL og 10 gutar frå klubben Molde TF og Trondheim TF.

Denne treningssamlinga var ein god start på konkuransesesongen, og turnarane fikk turne i Trondhjems store og flotte hall der det var mykje turnutstyr som vi tok stor nytte av. Fredagskveld var vi framme i Trondheim og treninga starta kl.1900-2100. Denne økta ble fokusert på å bli kjent, leikar og ha det kjekt saman. Laurdag var det to økter med trening, og søndag var det ein økt. Øktene varte fra 2 og en halv time, til 3 timer. Under laurdagsøkta hadde juniorane og seniorane frå landslaget gjennomkjøring til konkurranse, og var med å trente saman med oss. 


Jentene blei delt opp i ulike grupper slik dei skulle bli enda meir kjent med utøverane. Gjennom helgen blei det bla. leik, balanse, styrke, øving på ulike element og program for konkurransane som er i vente. Noen av jentene har konkurranse i Molde 1-2 Oktober, så derfor ble satt mye fokus på program. Nye element og prøving var også noe som var et viktig tema for helga. 

Det sosiale er både viktig på trening og etter. Laurdagskveld var vi ein kjekk gjeng som spiste på Egon. det var godt stemning og vi kosa oss. Alt i alt har det våre ei vellykka helg med mykje glede, latter og læring.

26.-27.februar 2011, Alpha Factor Cup, resultat

Hareid har arrangert den første Alpha Factor Cup i 2011.
Det vart ei flott helg med mange flinke konkurranseturnarar.
Meir tekst og bilder kjem etter kvart :-)

resultatskjema_afc.xls

Juleoppvisning

5.desember 2010, Juleoppvisning

Den årlige juleoppvisninga fann stad i Hareidshallen søndag den 5.desember.
Alle gruppene fekk vise fram sine kunstar.
Publikum såg ut til å kose seg med oppvisningane og god mat frå kiosken.
Sjå også bildeseriar under menypunktet "Arrangement".

 

19.-21.november 2010, Norgesfinale i turn

Nylig var Hareidsturnaren Helene Kvalsund (14) representant for Møre & Romsdal i Norgesfinale i turn i Tromsø. Ho vart etter ei konkurranse i Molde kvalifisert til å delta på dette.
Fredag 19. november reiste ho saman med trenarane Lena Kathrin Indreflø og Marte Rise nordover. Kvalifiseringa gjekk føre seg laurdag, og ho deltok i apparata skranke, bom, hopp og frittståande. Helene gjorde ein god figur, men klarte dessverre ikkje å kvalifisere seg til finalerundene som var søndag. For å kome med i desse måtte ein bli blant dei 6 beste. Helene var nær i nokre apparat, men nådde desverre ikkje opp denne gongen.

Dei som reiste oppover sat igjen med gode inntrykk etter helga. Sportslig sett var det svært høgt nivå, og Helene og trenarane sine brukte også mykje av tida til å studere og ikkje minst ta lærdom av andre gymnastar.

Resultata til Helene var slik:

Skranke: 10,55
Bom: 10.05
Hopp: 10.75
Frittståande: 9,50

 

07.11.2010, Treningshelg i Hareidshallen

Denne helga arrangerte turngruppa i Hareid idrettslag ”Open dag” og treningshelg, for store og små. Vi hadde heile hallen til rådigheit og fekk rigga opp alle turnapparata våre. Det myldra av aktivitet på airtrack, i skranke, hopp, bom og på frittståandegolvet.

Les meir under menypunktet "Arrangement"

Forhånd.12
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareid kunstgrasbane 2020 og Hareidhallen 2019/2020

Sjå link under..

Kontortid dagleg leiar:

Mandag: 11-19

Tirsdag-fredag: 8-16

oversikt_treningstider_2020.pdf
treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL