28. mars 2024

Vellukka og varm utgåve av Nordvest Maraton

Varmen gjorde nok sitt til at det ikkje vart så mange rekordar verken på heil- eller halvmaraton, men dei fleste gav uttrykk for at dei hadde hatt ein kjekk dag på Hareid. Og då seier også arrangørane seg nøgde.

Det var 81 deltakarar som fullførte halvmaraton, 11 heilmaraton og seks mosjon utan tid. I tillegg var det både dei som ikkje møtte og dei som braut. Så vi får finrekne seinare på det endelege deltakartalet, men det vart uansett den femte beste deltakinga i Nordvest Maraton si 32 år lange historie.

Stian Skretting (Langevåg/Stavanger) gjekk for første gong til topps på heilmaraton. Sverre Kjerpeset (Åndalsnes IF) vart nest beste mann. Oda Synnøve Riste (Volda) vart beste kvinne framfor tidlegare vinnar Louise Skak.

På halvmaraton var det Kjell Magnar Berli frå Velledalen IL som gjekk til topps på 1.21,51. Fjorårets vinnar på heilmaraton, Karl Idar Vik frå Syvde IL, vart nummer to framfor Ørsta-duoen Stian Nedrelid og Hallvard Yksnøy Bergmann. Jan Endre Rise vart bestemann frå Hareid IL med sin femteplass. Han var nok ein av mange som truleg hadde gjort det litt skarpare om det var litt kjøligare. Men i år som i fjor vart Rise kretsmeister i sin klasse.

Det var heile 25 kvinner som kom i mål på halvmaraton i år. Av dei var det to blad Brautaset på topp. Anne-Marit fekk tida 1,34,36. Jodi vart nummer to på 1.41,24. Siv Grethe Berge Hoff frå Bergsøy IL vart nummer tre framfor Silje Kulen frå Ulsteinvik.

Vi tek også med at to jenter under 16 år fullførte halvmaraton. Knallsterkt!

Hasundgot IL-duoen Per Arne Pedersen og Kjell Mindor Fagerlund fullførte Nordvest Maraton for 32. gong av 32 moglege. Krutsterkt!

I det klokka nærmar seg 18.00 har vi framleis ikkje fått ut dei offisielle tidene for heilmaraton. Det blir jobba med saka. Tidene for halvmaraton er klare. Vi kjem også med ei oversikt over KM-medaljar seinare. Foto finn de haugevis av på Hareid IL Nordvest sin Facebook-profil.

Så her er det berre å følgje med. Inntil vidare: God helg!

(På biletet ser vi ein heftig spurtduell mellom Andreas Eikrem Røren og Thomas Andersson, to karar som har delteke i Nordvest Maraton ei rekkje gonger.)

https://racetracker.no/events/2022/nordvest-maraton/#0_FCB2DC