26. april 2024

Bygdedyret sine Grendacup-vurderingar

Tidlegare i dag publiserte vi mykje nødvendig informasjon om Grendacupen. Her kjem mykje du slett ikkje treng om å vite før turneringa startar. Vi har nemleg sleppt fri ein gammal Grendacup-skribent!

Skribenten «Bygdedyret», som kom med høgst subjektive Grendacup-vurderingar i mange år fram til og med 2016, gjer nemleg i likskap med sjølve cupen comeback i år. Som alle veit så får Bygdedyret vite alt som skjer i bygda, men evnene til å tolke informasjonen han/ho/hen får inn er av og til litt haltande. Ingenting i vurderingane er altså sant, men alt kunne ha vore det. Lykke til med årets turnering!

Innleiing:

Skeptikarane tok feil. Heldigvis. Grendacupen er framleis liv laga. Mange var skeptiske til om det var mogleg å få Grendacupen på føtene igjen etter tre år utan cup. Men påmeldinga viser at det faktisk er fleire seniorlag i år enn i 2019. Det hadde neppe nokon trudd for eit par-tre veker sidan. Skåret i gleda er at det er litt få ungdomslag. I grunnen er ikkje det så rart. Dei færraste som er i målgruppa i år har spelt Grendacup tidlegare, så dei har ikkje så nært forhold til turneringa som dei eldre har. Men det kjem seg nok til neste år, sjølv om dei truleg bør vurdere å hente tilbake til nokre gamle reklametiltak, som å henge opp tradisjonelle plakatar på ungdomsskulane.

Men nok alvor no. La oss gå i gang med årets vurderingar!

(Kriteria er greie. Tre lag i kvar herrepulje går til mellomspel. Der går to av tre i kvar mellomspel-pulje vidare til kvartfinale. (Ein tek ikkje med seg poeng i gruppespelet vidare, som i handball-meisterskap. Altså kan ein bli nummer tre i si pulje dag 1 og likevel ha gode sjansar for kvartfinale.) Fire av fem damelag går til semifinale. Altså blir eitt lag eliminert. Ungdommane spelar dobbel serie, med ein serie kvar dag – før dei to beste laga møtest i finalen. Skribent «Bygdedyret» føler seg for gammal til å vurdere ungdommane. I ein kjapp kommentar seier han at Markus Hareide er den yngste hareidsdølingen han kan namnet på (før han juksa litt ved å bruke fotball.no under desse vurderingane).)

Herreklassen:

Gruppe PS:

Dette er ei tøff pulje. Tre av desse laga kjem fort langt i turneringa.

1. Gyazo

Eit lag der mange er opptatt av å strø ballar, medan andre er mest opptekne av strøsand-situasjonen i bygda (ja, eg tenkjer på deg, Markus). I tillegg har dei langdistansefantomet Henrik Hareide Holstad og hip hop-entusiasten Bastian Rasmussen. Gyazo kan fort vinne heile turneringa. Dei vinn i alle fall denne gruppa.

Sjå opp for: T. Riise. Kjem nok til å selje seg dyrt i romjula, for salet startar ikkje før på nyåret!

Profilen: SoMe-kongen Markus Hareide

Usikkerheitsmomentet: Om Tupac endeleg gjenoppstår og kjem med ny plate i romjula, blir det nok lite vi ser av Bastian Rasmussen i Hareidhallen.

2. Best uten Fredrik

Litt usikkert kven Fredrik dei snakkar om. Fredrik Abrahamsen? Andresen? Bøe? Steen? Skavlan? Han prinsen i Danmark? I alle tilfelle er det ikkje sikkert dette laget blir så verst. Dei skal visst nok ha signert både Ruben Kenneth Brandal og fleire til på tampen her. Martin Longva er framleis ein god fotballspelar. Og Lars Mork har på sine eldre dagar begynt å satse på langdistanse, såpass at han kan kompensere for meterane Ruben Kenneth og Marton Muren selekterer vekk.

Sjå opp for: Sjur Gjerde – god innekeeper.

Profilen: Ruben Kenneth Brandal. Ikkje lenger profil som fotballspelar, men som konstituert kommunalsjef.

Usikkerheitsmomentet: Marton Muren – god til å takle, men det var dette med å treffe ball og ikkje mann.

3. Sygjing

Blir det endeleg Grendacup-gull på denne gjengen, eller må dei sygje på den sure karamellen igjen? For å vere heilt ærlege så er dette eit lag som kan gå heile vegen om (spesielt) William Valde Bigset har skrudd inn stillet. Ifølgje fotball.no er både Bigset og dei fleste andre på laget her «inaktiv spiller med statistikk». Klarer dei i romjula å vere litt aktive og legge vekk fokuset på statistikk, så kan dette blir retteleg bra. Men det følest ikkje ut som eit sikkert bet, for å bruke eit halv-engelsk uttrykk.

Sjå opp for: Even Bjåstad er eit levande gult kort. Og i år må ein sone for to gule i denne turneringa. (Les meir om reglane ein annan plass her på sida.)

Profilen: Martin Løset. Ein av Norges beste inne-keeperar på 90-talet. Comeback med Flø IL i år.

Usikkerheitsmomentet: Mange spelarar med mykje brylkrem her. Kan slå begge vegar.

4. O2-snapparane

Laget vart starta då Snapchat vart populært, og det å snappe seg sjølv på joggetur var det heilt store. Med nokre heiderlege unntak har det blitt meir Snapchat enn trening av O2-opptak på denne gjengen siste åra. Kan setje opp eit greitt five a side-lag, men har hamna i den klart tøffaste pulja og ryk nok rett ut.

Profilen: Ole André «Lensmannen» Kragset er ikkje den du vil i duell med om du kan velje fritt.

Profilen: Torstein Holstad Sivertsen. Ikkje som spelar eller lagleiar, men som lodd-ansvarleg i Grendacup-styret.

Usikkerheitsmomentet: Skulderskada til «Lensmannen». Må han spele med fatle?

Gruppe PT:

Det vart ikkje old boys-klasse i år, men dette er old boys light-pulja. Fire av fem lag kan kategoriserast som nesten-old boys-lag. Utvilsamt den pulja Bygdedyret ser mest fram til å følgje første dag. For her er det mange lag vi ikkje ser så mykje av utpå dag to.

1. Karanje

Vinnarar i 2016 og 2019. Har fort turneringas beste spelar i Ole Monrad Alme. Spørsmålet er kor vidt dei ikkje-profesjonelle på laget her har heldt forma ved like sidan sist turnering.

Sjå opp for: Venthan Ketheeswaran. Har aldri klart å kome tidsnok til verken ei trening eller ein kamp gjennom eit langt fotball-liv. Men sjå bort til inngangsdøra eit par minutt ut i kampane til Karanje, så dukkar han nok opp.

Profilen: Moped-Martin Mork Breivik. Kunne ha blitt verkeleg god om han ikkje hadde satsa så mykje på mekking i 16-17-årsalderen.

Usikkerheitsmomentet: I 2016 stod nybakt Hareidstrenar Stig Andor Engen som ein levande vegg då førstekeeperen vart skada (eller var det utvist?). Det enda med lagets første gull i herreklassen. Kjem dei til å setje opp Stig på dommarkortet, sånn berre i tilfelle…?

2. Holemix

Holemix har allereie vunne Grendacupen – altså når det kjem til det taktiske spelet før turneringa. Har prøvd å hevde at dei slit på alle frontar og at det berre er så vidt dei klarer å lag. Men med to blad Holstad Grimstad og ein kjapp Bjørkykke på topp treng berre ein av dei «gamle» holemixarane om å vere i form for at dei skal klare å stille eit bra five a side-lag. Holemix vinn ikkje sjølve turneringa, men bør faktisk klare ein kvartfinale – eller deromkring.

Sjå opp for: Lars Roar Holstad si evne til å rive ned bord i sekretariatet. Underskrivne var dessverre ikkje i hallen på det aktuelle tidspunktet den spesielle hendinga skjedde. Men ifølgje informerte kjelder Bygdedyret har møtt i området rundt Hareid drosjesentral skal Kisse junior ha slengt fleire motspelarar over borda i sekretariatet slik at borda knakk på midten. Heldigvis var faren ordførar på den tida, og nye bord vart kjøpt inn over kulturbudsjettet.

Profilen: Svenn Erik Holstad Warholm. Nærare utdjuping skulle vere unødvendig.

Usikkerheitsmomentet: Vi skulle til å skrive at det var litt usikkerheit rundt kor vidt Tor Henning Andersen er ein bra nok keeper på dette nivået i dag. Men så såg vi at vi hadde lese feil etternamn.

3. Stavangerkameratene

Berre så de veit det: Grendacup-laget Stavangerkameratene har mykje til felles med popgruppa Stavangerkameratene: Dei var best rundt år 2016! Det skal gå an å lage eit bra five a side-lag basert på denne troppen, men dei har neppe kondisjon nok til å hevde seg når det begynner å drage seg til utover dag to.

Sjå opp for: Dømminga. Med både dagleg leiar og halve fotballstyret på dette laget er det i praksis dette laget som betalar honorara til dommarane. Treng ikkje om å vere ei ulempe.

Profilen: Kenneth Nicolaisen – i rolla som Kjartan Salvesen på banketten!

Usikkerheitsmomentet: Må absolutt Georg Eikrem Olsen ha si daglege økt på Aktivsenteret før kampane, og korleis vil det eventuelt slå ut på parketten?

4. Larvene

Ingen i turneringa slår Larvene på rutine i denne cupen. Her er det mange som har vunne turneringa mange gonger. Problemet deira er at det er nokre år sidan sist, for dei fleste her ganske nøyaktig ni år sidan.

Sjå opp for: Per Ståle Nykrem sine jubelscener – dersom han får noko å juble for.

Profilen: Larva Hareide (står ikkje oppført i troppen, men reknar med han har ei rolle rundt laget)

Usikkerheitsmomentet: Kjem Peter Paus til å spele i den grå pysj-buksa si i år også?

5. G2015

Eit lag som starta som trenargruppa til G2015, men som tilsynelatande har utvida utvalskriteria etter kvart. Vi må rett nok ta eit lite atterhald her, då her kan vere ein del lausungar inne i biletet som vi ikkje kjenner opphavet til. Kim-Tore Husøy var nok tiltenkt rolla som keeper her, men etter at sjølvaste Karl Johan Fjelle vart kjøpt inn frå Krædene i siste liten blir nok Husøy vist til ein plass på benken. Laget må stole på at Kurt Haddal (bestefar til spelar fødd i 2005) scorar i same tempo som før Sunnmørsposten slo stort opp at han var den mest målhungrige spelaren på Sunnmøre. Men er det eventuelt godt nok?

Sjå opp for: Målfeiringane til Kurt Haddal. Nesten like bra som måla hans!

Profilen: Karl Johan Fjelle, som altså har blitt kjøpt frå Krædene for ein ukjent sum (kræder).

Usikkerheitsmomentet: Sklitaklingane til Geir Børre Røyset. Held dei same nivå som før?

Gruppe PU:

I motsetning til den førre pulja vi vurderte er dette reine konfirmantfesten! Heile tre lag basert på spelarar frå Hareid junior, i tillegg til to som ikkje er så reint gamle dei heller.

1. Urtedram

Urtedram?!? Hadde det vore så vel! Uavhengig av kva spelarane har hatt i koppen sidan sist utgåve av Grendacupen så er dette eit lag som kan og kanskje bør gå heile vegen. Ei solid blanding av noverande og tidlegare Hareid-spelararar. Sjølv om århundrets sikraste opprykk rauk for «Katten» og Sæbø IL i år, så har han neppe blitt så mykje dårlegare enn han var for Hareid i 2021. Og då var han bra! Om Kristoffer Stranden held eit nivå i nærheita av det han hadde på Hareid i vår så er han topp tre beste spelarar i hallen i romjula.

Sjå opp for: Platesamlinga til Oliver Sulebakk Sylte. Mykje solid norsk pop frå 80-talet!

Profilen: Hareids neste ordførar har han blitt kalla, Håvard «Bernt-Håvard» Knudsen Bjåstad. Om han ikkje vinn turneringa kjem han nok til å halde den beste takketalen!

Usikkerheitsmomentet: Arbeidstidene til Joakim Berge Sæther. Sette i år ny hareidsrekord (og det seier sitt) i forfall til kamp på grunn av jobb. Får han tid til å kome til Hareid i romjula mellom vaktene?                                 

2. FC Joga Bonito

Det laget som melde seg på sist, men dette er slett ikkje noko dårleg lag. Har fleire spelarar som held bra 4. divisjonsnivå. Er truleg også det laget med størst geografisk spreiing. Her er det både Bergsøy- og Skarbøvik-relaterte namn i troppen. Hareidsdølingen Arsene Gitego skal ironisk nok opp mot Sæbø-målvakt «Katten» Osnes. Vi seier ikkje meir!         

Sjå opp for: Maks Czyz, såkalla toppkommentator på Hareid IL sin Facebook-profil.

Profilen: Sjølvsagt Kim sa la Bim Alvestad

Usikkeheitsmomentet: Tidlegare lynkjapp Hareid-spiss Isak Standal Kristoffersen. Står registrert med kampar for Mauseidvåg og Solevåg i år. Høgt toppnivå.                  

3. Hjøa

Av tre svært juniorprega lag i denne pulja ser desse ut til å vere dei med mest seniorerfaring.

Sjå opp for: Stian Roset. Ikkje på grunn av keeperferdigheitene (dei er bra dei også!), men på grunn av el-sparke-sykkelen han køyrer rundt med. Bra det ikkje er fotoboksar på gangvegen.

Profilen: Daniel Hüttner Pilskog. Vart ein profil på a-laget før han hadde spelt ein einaste a-kamp!

Usikkerheitsmomentet: Er Olavius Bjåstad Vikebakk like stor fan av Grendacupen som onkel Bjørn Vegard Bjåstad i si tid var, og kanskje framleis er?

4. Skilandslaget

Eit lag som i grove trekk består av Hareid a-lag sin innbytarbenk frå haustesesongen som var + Vagn Scheide Mork. Sistnemnde har fleire deltakingar i turneringa enn alle andre på laget til saman, og kanskje vel så det. Scheide Mork er nemleg den einaste som har delteke i Grendacupen alle år sidan 1994. Berre to sigrar har det blitt. Den tredje kjem ikkje i år. Om ikkje anna får dei yngre medspelarane lære seg eitt og anna om «foooookus!!».

Sjå opp for: Natnael Belay. Hadde beste scoringssnitt av alle på Hareid a-lag i 2022. To mål på éin kamp!

Profilen: Nidal Shahoud. Ein a-kamp for Hareid og like mange raude kort!

Usikkerheitsmomentet: Raffat. Har ikkje han noko etternamn?

5.  Fargerike   

Litt usikkert om dette er eit fargerikt lag eller om det er bedriftslaget til Otto Holstad og Co. I alle tilfelle er dette turneringas yngste herrelag. Erfaringsmessig treng dei nok eit år eller to til på seg før dei kan kjempe om avansement.

Sjå opp for: Amund Riise

Profilen: Victor Peterson

Usikkerheitsmomentet: Eskil Grimstad. Om det er han vi trur det er, son til tidlegare friidrettsprofil Elisabeth, så er det mykje idrett i guten. Men det kan vere fleire som heiter Eskil Grimstad, så dette er eit usikkerheitsmoment.

Gruppe PV:

1. Hardbarka alkisa FC

Sannsynlegvis Grendacup-historias mest misvisande lagnamn. For alkisar er dei ikkje. Men hardbarka? Tja, vi får sjå. Eit lag med mykje bra både frå Hareid, Ulstein og Ålesund. God keeper i Endal. Televik junior har sikkert lært eitt og anna frå faren om å vere feilvendt spiss. Om laget klarer å bli samspelte så vinn dei turneringa på ein god dag. Om ikkje anna vinn dei gruppa si.

Sjå opp for: Ferjeruta! For Petter Worren må på jobb før kampane. Klarer han å rekke ei ferje såpass han får spele?

Profilen: Spelande lagleiar Christian Korshaug fekk seg ein ny vår som ving på Hareid i vår. Men å halde styre på denne gjengen samtidig som han skal spele sjølv blir ei anna type utfordring, som det heiter på fint.

Usikkerheitsmomentet: James Kenneth Sjåstad hadde sin strålande sesong for Hareid. Men i Hareidhallen har han ikkje bakrom å springe i.

2. Sewey

Dette ser ut til å vere restane av laget til Ivergarden fram på Grimstad, pluss nokre høddarar og Hareid-vingen Erlend Skeide. Olai Bjørdal rykte opp til 1. divisjon med Hødd i år (ni minutt speletid er meir enn 0!). God keeper i Mattias Grimstad. Sewey blir nok bra. Semifinale-kandidat.

Sjå opp for: Erlend Skeide. God sesong for Hareid, men med tanke på mål losna det ikkje før i siste serierunde. Om han held fram i det sporet blir han skummel.

Profilen: Mattias Grimstad (strengt tatt er vel alle grimstingar profilar ifølgje dei sjølve, men vi kan i denne omgang trekke fram han her)

Usikkerheitsmomentet: Utlendingskvota. Marginane kan neppe vere dei aller største her?

3. Kvil dej

Kvil dej var ikkje så verst i si tid. Har blant anna vore tapande finalist. Og det med omtrent same tropp som dei har meldt på her. Minuset er at denne gjengen ikkje har vore dei mest aktive i fotballsamanheng under koronaperioden. Unntaket er den eine kampen Kevin Hestholm spelte for Larsnes/Gursken i fjor!

Sjå opp for: Georg Rise Gaasø. Har hatt eit godt brukt klippekort ned på Aktivsenteret siste året. Kan bli skummel!

Profilen: Arild Hånes. Ikkje ei like stor Grendacup-legende som storebroren (Oddbjørnatoren), men like fullt ikkje ein du ser fram til å møte på parketten.

Usikkerheitsmomentet: Kevin Hestholm kjøpte inn eit heilt nytt sett med regnklede då han gjorde comeback for Larsnes/Gursken i fjor. Skal han bruke det i romjula også?

4.  Trygves disipler

Vi skreiv at Fargerike er det yngste laget i turneringa, men det er mogleg at desse er omtrent i same alderssjikt. Har ein del bra Hareid-juniorar på laget, ein som har spelt 4. divisjon for Larsnes/Gursken i år – og sonen til Preben Hestad (Grendacup-profil midt på 90-talet). Vi skal ikkje sjå heiiiiilt vekk frå at Trygves disipler kan gi Kvil Dej kamp om tredjeplassen, men Kvil Dej er i snitt omtrent dobbel så gamle som Trygves disipler – og bør kunne tene litt på det.

Sjå opp for: Trygve Schjeldrup. Har aldri høyrt om han, men sidan laget er kalla opp etter han er han sikkert god.

Profilen: Eskil Bjørlykke. Allsidig idrettsmann som også har gjort det skarpt i friidrett. Usikkerheitsmomentet: Manglande rutine.          

Damepulja:

Dameklassen er vanskeleg å spå i år. Med unntak av «Ingen skade, sikkert frispark» ser alle laga ut til å ha bra med vinnarerfaring frå før av. Spelarane frå 2019-vinnarane «Egenverdi» ser ut til å vere spreidd rundt om på forskjellige lag.  Bygdedyret innrømmer at han/ho/hen er på djupt vatn, men gjer likevel eit forsøk på ei rangering.

1. Here for the exercise

Ellen Nerland Aahjem spelte i Toppserien for Lyn denne sesongen, medan søstra Anna spelte på Hødd før koronaen. Det har også fleire andre på laget gjort. Kethleen Lorenzo Alstadsæter frå Hareid har spelt på Skeid i år. Det same har Vilde Sundal og Andrine Nevstad. Cecilia Bakke har spelt for Årvoll. Knapp gullfavoritt.

2. Siste liten

Dette laget har mange spelarar som har spelt for Hødd i år. Blant dei tidenes mestvinnande Grendacup-spelar (likt med André Egset Nupen); Martha Helvig Omdal. Hareids Hilde Årsbog Bjåstad har i haust spelt for Molde FK, der ho vart norgesmeister i J19-klassen. Dette er absolutt eit lag som kan vinne turneringa. Men jamt over litt mindre rutine enn «Here for the exercise»?

3. Holemix

Vi visste at Ole Per Kragset har reist mykje rundt om på Sunnmøre, men ikkje at han hadde ungar fram på Holane! Ser vi vekk frå denne geografiske merkelegheita så ser vi igjen at Holstad klarer å fostre opp mange gode damespelarar. Eva Janne Holstad vart kåra til beste damespelar tilbake i 1996 og er tidenes mestscorande damespelar i dameklassen, men held framleis bra nivå. Tanteungane fram på Grimstad er også bra, og det same med holstingane fram i Hovden. Eit jamt godt lag som kunne ha vunne turneringa dei fleste år, men med så høgt nivå det er i år blir det kanskje vanskeleg?

4. Akkurat i tide

Eit lag som stort sett består av spelarar frå årets damelag på Hareid. Fin mix mellom yngre og eldre. Cecilie Skeide vart toppscorar i dameklassen allereie i 1996 og har framleis mål i seg. Også Victoria Røren har gjennom mange år vist at ho veit kvar målet står. Vi trur uansett dette laget må nøye seg med semifinale-plass i år.

5. Ingen skade, sikkert frispark

Består av dei yngste spelarane på årets Hareid-damelag. Dette er spelarar som vi sikkert får høyre mykje om i åra som kjem, men manglande rutine gjer at vi trur dei får det tøft i år.

**

Og med dette ønskjer Bygdedyret alle involverte lykke til med turneringa! Dei fleste kjem ikkje til å vinne turneringa, men alle kan vinne på loddasalet!