28. mars 2024

Meir statistikk: Worren på assist-toppen

Her kjem runde to av tre med statistikk frå vårsesongen (inkludert takk til spelarar som forsvinn litt lenger ned i saka).

I denne saka ser vi på kven som har flest assistar. Her gjeld berre assistar i serien.

Oversikta viser at Petter Worren (biletet) har flest i vår (5).

I fjor vart Worren toppscorar. Kanskje går han for å bli assist-konge i år? Uansett ein god vårsesong av Worren i ei ny rolle som ein av to spissar. (Vi kjem tilbake til toppscoraroversikt i neste artikkel.)

Bak Worren på lista følgjer Kristoffer Stranden (4), James Sjåstad (3), Christian Korshaug (2), Tobias Pettersen Hatløy (2), Oliver Sulebakk Sylte (2) og Arnold Origi (1).

Fleire av desse spelarane må vi no dessverre takke av.

Christian Korshaug har vore ei positiv overrasking på vårens Hareid-lag. Han har vore med i a-stallen fleire år før, men det var først i år han fekk sitt gjennombrot. «Kors» har stort sett spelt fast på venstresida. No flyttar han dessverre for oss til Trondheim. Vi takkar for laget og ønskjer han lykke til!

Tobias Pettersen Hatløy melde seg inn i Hareid like etter seriestart og debuterte i andre serierunde. I fjerde runde mot LGFK fekk han ein skade som spolerte stort sett resten av vårsesongen for han. Sjølv om det ikkje vart mange minutta på Hatløy på bana, så har han gjort det veldig bra når han først har spelt – noko blant anna to assistar vitnar om. No flyttar Hatløy til Bergen. Vi takkar for laget og ønskjer han lykke til!

Same veg forsvinn også Oliver Sulebakk Sylte. Han hadde ikkje spelt fotball på ei stund då han melde seg inn i Hareid då oppkøyringa starta. Sist han spelte fotball var for Gjerdsvika i 6. divisjon nokre år tidlegare. At Sylte har vore så god han har vore i vår har derfor kanskje vore vårsesongens store overrasking. Lysluggen har levert varene same om han har spelt stoppar, back eller sentral midt. Vi må dessutan legge til at Sylte har gjort ein framifrå jobb som trenar for Hareid sitt G16-lag. Plussar vi på framføringane hans av diverse norske 80-talssvisker etter at Hareid har tatt tre poeng, så kan vi med rette kalle dette ei kinderegg-signering. Det blir derfor på mange måtar eit stort tap å miste Sylte. Uansett ønskjer vi han lykke til vidare!

Scoringsstatistikk og litt fleire nyheiter kjem etter planen tysdag kveld.