28. mars 2024

Dette er Hareid-toppscoraren så langt

Det var neppe nokon som hadde tippa det då oppkøyringa starta, men toppscorar for a-laget ved halvspelt sesong er James Kenneth Sjåstad. Ikkje verst for ein tidlegare Hasundgot-reserve. Men det viser berre at ein kjem langt med godt treningsframmøte og ei god innstilling.

Når toppscorarpokalen skal delast ut i oktober/november er det seriekampar som gjeld. Treningskampar kjem berre inn om det står likt mellom to eller fleire.

Uansett leiar Sjåstad begge statistikkane så langt. Han har sju mål i serien og 11 totalt.

Bak han finn vi Kristoffer Stranden (fem i serien, sju totalt), Petter Worren (fire i serien) og Ørjan Engen Grimstad (to i serien og to i treningskampane).

Kanskje litt overraskande at Engen Grimstad har vore såpass scoringsivrig frå sin stopparposisjon. Utan at vi har dobbeltsjekka må han ha vore meir målfarleg no enn då han var spiss ein periode i 2014 (fordi Hareid mangla spiss, og duoen Longva-Wingsternes uansett held stand i midtforsvaret).

Det begynner forresten å bli ei stund sidan Hareid hadde ein verkeleg storscorar, nokon vi var bortskjemde med tidlegare på 2000-talet (Bjørge Worren, Ronny Jørgensen, Kim-Tore Husøy osv.). Christer Adrian Mork hadde 14 seriemål i 2013 og Kim-Tore Husøy 18 i 2011. Elles finn vi ingen toppscorar etter dette som har meir enn ti seriemål. Så då har altså James Kenneth Sjåstad noko å strekke seg etter i haust…

Vi kan elles ta med at desse har scora to mål for Hareid så langt i år: Gustav Bjørlykke Kløvning (1 serie, 1 treningskamp), Oliver Sulebakk Sylte (begge serie), Tobias Hatløy Pettersen (begge serie), William Valde Bigset (begge treningskamp) og Natnael Belay (begge treningskamp).

Arnold Origi, Andreas Nesset jr. og Gabriel Olav Peterson har scora kvar sitt i serien. Bam Hide (prøvespelar), Joakim Berge Sæther, Andreas Knardal, Christian Nykrem Korshaug og Isak Sundgot scora eitt mål kvar i treningskampane.

Som i dei to siste artiklane skal vi også her takke av nokre spelarar som forsvinn:

Den eine er keeperen Herman Heimland. Han har vore ein svært viktig mann i a-lagsmiljøet. I serien spelte han tre kampar i vår. Ikkje minst har Herman også gjort ein kanonjobb som trenar for Hareid sitt G16-lag. Denne karen vil bli sakna. Lykke til med studiane!

Vi takkar også av Johannes Knardal, som skal i det militære. Etter å ha spelt seg fast inn på a-laget i fjor haust kom aldri Johannes på bana i serien i vår – grunna skadar (eller dvs., han stod ein kamp i mål for juniorlaget). Synd for både oss og Johannes at han ikkje fekk utvikle seg vidare i år. Men det kjem heilt sikkert sjansar seinare også. Lykke til i forsvaret!