29. mars 2024
Smil og glede etter ein heimesiger mot Emblem.

Ei berg- og dalbane som ikkje sklei av skinnene: Historia om Hareid sitt herrelag våren 2022

Halvtårsoppsummering i tekst (og ikkje tal) – Hareid a-lag, menn

Du kan seie mykje om Hareid a-lag vinteren og våren 2022. Men kjedeleg har dei i alle fall ikkje vore å følgje dei!

Statistikken (toppscorar, assistar, stjerner osv) kjem vi tilbake til når lagleiaren har kome heim frå Syden. I denne omgang presenterer vi historia om Hareid a-lag vinteren og våren 2022 i tekstform.

La oss rett og slett starte med ei oppsummering:

22. oktober 2021 gjorde a-laget eit krafttak og slo Valder 3-1 i siste serierunde i 4. divisjon. Først ut i november vart det klart at Hareid heldt seg oppe i 4. divisjon, etter at Hødd 2 slo Tomrefjord i kvaliken. Då Hans Gisle «Kisse» Holstad vart presentert som Hareid-trenar 23. oktober (i det som blir hans tiande sesong som a-trenar på Hareid sidan 1979, om vi har sett rett) var det altså ikkje klart kva divisjon Hareid skulle spele i denne sesongen.

Sjølv om laget heldt seg litt i form i november og desember skjedde det først lite på spelarfronten. Her kom det først ei mobilisering etter nyttår. I tillegg til styre og stell hjelpte også spelarar som Petter Haddal Worren og Gustav Bjørlykke Kløvning til med å sondere marknaden. For alle forstod at stallen Hareid hadde hausten 2021 var altfor tynn.

Utover vinteren fekk Hareid på plass fleire nye spelarar: Oliver Sulebakk Sylte (Gjerdsvika), James Kenneth Sjåstad (Hasundgot), Kristoffer Stranden (Vanylven/Hødd), Isak Sundgot (Hasundgot), Joakim Berge Sæther (Hødd) og spelarutviklar Arnold Origi. Ein skulle kanskje tru at sistnemnde gjekk inn i stallen som keeper, spesielt sidan det hadde blitt klart at Rikard J. Osnes skulle stå for Sæbø denne våren. Men Origi ville i staden satse som utespelar, så superveteranen Nerijus Marcinkevcius (Bergsøy) vart henta inn for å danne keeperduoen saman med Herman Heimland. Elles var Natnael Belay tilbake etter skade, og det vart tatt opp ein del hospitantar.

Rundt 1. mars såg det ut som Hareid hadde ein stor og god stall (om vi ikkje hugsar feil over 25 mann inkl. hospitantar), men det var omtrent då problema begynte å melde seg. Mange vart smitta av korona og sleit med det i fleire veker. Andre vart skadde. Enkelte spelarar forsvann også. Isak Sundgot gjekk tilbake til Hasundgot (no er han i LGG) etter to treningskampar. Natnael Belay var banens beste i ein treningskamp mot Hødd 2, men har vore skadd sidan. Sebastian Bjørlykke gjekk etter kvart til Hødd. Og Kim Alvestad gjekk til Herd.

Utover i mars og april var det til tider svært få på trening og i beste fall varierande resultat i treningskampane (den kanskje mest typiske treningskampen var eit 11-4-tap mot Hødd 2, der Hødd stilte eitt lag i 1. omgang og eit anna i 2. omgang, medan Hareid knappast nok hadde 11 mann). På plussida fekk i alle fall dei som var skadefrie spele mykje.

Hareid kan ikkje seiast å ha vore klare til seriestart og forventingane var svært små før opningskampen mot Rollon. Men lag skulle det jo stillast, sjølv om Ruben Kenneth Brandal starta utan å ha spelt eit minutt i treningskampane. Det gjekk i grunnen ikkje så verst. Hareid tapte fortent 3-2, men dumma seg ikkje ut. Eit nytt 3-2-tap borte mot Langevåg følgde, der Hareid låg under 3-0 og faktisk hadde fortent poeng på slutten. Denne kampen var forresten debuten til Tobias Pettersen Hatløy. På dette tidspunktet hadde vi sett at det budde ein del i dette Hareid-laget. Laget prøvde å spele hurtig fotball langs bakken, og når det fungerte var det rett og slett kjekt å sjå på. Ville det losne snart?

Det ville det, og det losna det skikkeleg også. Hareid vann deretter nemleg tre kampar på rad, utan å sleppe inn mål. Ikkje det at alt gjekk etter boka. Både Ørjan Engen Grimstad og Tobias Pettersen Hatløy vart langtidsskadde i fjerde runde mot LGG, og profilen Kristoffer Stranden var ute alle desse tre kampane. Men Hareid stod no fram som eit robust lag med god innsats og fleire alternativ på nokre posisjonar.

Forma skulle likevel ikkje vekse inn i himmelen, i alle fall ikkje poengmessig. Hareid gjorde på mange måtar ein god bortekamp mot SIF/Hessa, men då Nerijus Marcinkevcius vart utvist på stillinga 2-2 20 minutt før slutt vart det vanskeleg. For tredje gong tapte Hareid 3-2.

Resten av vårsesongen gjekk i rykk og napp: 3-1-tap heime mot Herd etter å ha vore best i 1. omgang, 2-1-siger heime mot Norborg/Brattvåg etter overtidsscoring av Arnold Origi, 5-3-siger borte mot Ørsta etter ein enorm kamp av James Kenneth Sjåstad, 3-2-tap heime mot Bergsøy etter uheldige omstende vi skal kome tilbake til – og til slutt 2-2 borte mot Blindheim etter overtidsscoring av Ørjan Engen Grimstad. Status: 5 sigrar, 1 uavgjort og 5 tap.

Dette gir 16 poeng. Det er beste vårsesong sidan 2017 (ja, vi veit det har vore nokre år utan vårsesong). Også då vart det tatt 16 poeng. Det året tok Hareid 10 poeng på hausten og tok ein rimeleg trygg sjuandeplass.

I 2016, det siste året før den siste spissinga av 4. divisjon, tok Hareid heile 19 poeng om våren. Det året tok også Hareid 10 poeng om hausten, men den gongen låg Hareid an til nedrykk 20 minutt før slutt i siste runde (då Kim-Tore Husøy kom inn og scora…).

Poenget vårt var at det er om hausten ting blir avgjort. Ein god vårsesong betyr ikkje ein gong haust, eller omvendt (det passar vel å sitere tidlegare Hareid-trenar Bjørge Worren, som mang ein gong i 2011 starta ei setning med «det he rånne mykje vatn i havet sidan…»). I 2011 tok Hareid forresten 18 poeng om våren, men heile 30 om hausten – og rykte opp med god margin.

Utgangspunktet for hausten no er i alle fall veldig ope. Skulle til dømes både Hødd 2 og Volda rykke ned frå 3. divisjon, kan det blir fire lag som rykkjer ned frå 4. divisjon. I tilfelle ligg Hareid fem poeng over streken. Og om det berre er to lag som rykkjer ned, så er avstanden ned sju poeng. Samtidig er det berre fem poeng opp til Bergsøy på bronseplass (som rett nok har ein kamp til gode). Kort oppsummert er det aller meste ope, bortsett frå at det verkar sannsynleg at Herd, Rollon og Bergsøy gjer opp om dei tre øvste plassane. Det såg ei stund ut som LGG og Hovdebygda skulle bli hekta av i botnen, men begge har fått opp dampen inn mot sommarpausen.

Men la oss sjå på kva som kunne gått betre og kva som har gått bra for Hareid i vinter og vår, punkt for punkt.

På minussida:

* Stor ustabilitet i troppen, også frå kamp til kamp. No har ikkje Hareid hatt 120 spelarar på tre år, slik Aksla nyleg hevda å ha hatt. Men mange av spelarane i stallen har vore ofte ute med skadar. Til dømes har Arnold Origi, Ørjan Engen Grimstad, Ruben Kenneth Brandal, Kristoffer Stranden, Tobias Pettersen Hatløy og Martin Nikolai Longva (også grunna jobb) hatt lange periodar ute denne våren. Joakim Berge Sæther har nesten ikkje vore på bana i det heile. Andreas Ulfstein rakk éin kamp før han vart skadd. Natnael Belay har ikkje spelt i serien i det heile tatt.
* I tillegg har vi dei som forsvann. I tillegg dei som er nemnde lenger oppe i teksten rakk vel William Valde Bigset éin seriekamp før han etter kvart gjekk til Hjørungavåg IL. Bigset var i kjempeform rundt 1. mars og herja til dømes mot 3. divisjonslaget Spjelkavik. Det var synd vi ikkje fekk sett han særleg i 4. divisjon denne våren. Men sånn er det. No flyttar Bigset vekk for å studere, og vi ønskjer han lykke til (og velkomen heim seinare!).
* Og så har vi dei som KUNNE blitt med. Bam Hide trena med Hareid og spelte treningskampen mot Spjelkavik. For Hareid sin del burde han kanskje blitt heime. For etter kampen vart han plukka opp av nettopp Spjelkavik.
* Vi kunne også nemnt skadar på ein del av dei yngre spelarane. Ingen av Knardal-brørne har kome å bana i serien. Andreas såg lovande ut i treningskampane, og vi håper å sjå han på bana i haust. Johannes spelte tidvis fast hausten 2021. Han reiser no vekk i det militære. Vi ønskjer han lykke til!
* Og så har vi den stygge smellen til Andreas Nesset jr. etter tre minutt mot Bergsøy. Heldigvis går det etter forholda bra med han.
* På minussida høyrer det også med at Hareid har slite tidvis kraftig i starten av kampane, for så å heller kome sterkare tilbake seinare (men ofte for seint). Heldigvis har dette betra seg utover i sesongen. Men ein kan berre spekulere i korleis det hadde gått mot Langevåg med litt meir konsentrasjon i starten.
* Fire 3-2-tap er også noko som vil bli hugsa. I 3-1-tapet mot Herd var Hareid best i 1. omgang, men slokna litt då Herd gjekk opp i 2-1 etter pause. Men det hadde ikkje vore urettvist om det i i alle fall i to av tapa enda med eitt poeng.

På plussida:

* Det har vore spelarar dei færraste rekna med som har slått til. Det beste eksempelet er James Kenneth Sjåstad, som nesten ingen hadde høyrt om før han kom på trening i januar. Han har ei fortid som innbytar på Hasundgot. I vår har han vore blant dei beste angriparane i 4. divisjon og er ein årets spelar-kandidat på Hareid. Eit anna døme er Oliver Sulebakk Sylte, som ikkje såg ut til å vere i kjempeform då oppkøyringa starta. Han har trena knallbra, og denne våren gjort ein god figur både som back, stoppar og sentralt på midten. I tillegg høyrer det med å nemne at Sylte og Herman Heimland har gjort ein kjempejobb som trenarar for Hareid si G16-gruppe. Med andre ord ei skikkeleg kinderegg-signering!
* Nerijus Marcinkevcius viste seg å vere ei smart signering, og er også ein årets spelar-kandidat.
* Christian Nykrem Korshaug fekk sitt gjennombrot på venstrevingen denne våren. Det hadde nok få rekna med. På den andre vingen har Erlend Skeide gjort ein god jobb etter at han kom frå Batnfjord IL nokre dagar før 17. mai (var rett nok med her delar av oppkøyringa).
* Hareid mista som nemnt mange angriparar, men dei to som har figurert på topp har levert varene og vel så det, altså James Kenneth Sjåstad og Petter Haddal Worren. Dei har vore som ein slags Kane og Son-duo, med tett samarbeid og fleire målgjevande pasningar til kvarandre. Vi får sjå nærare på tala når dei kjem inn. Worren spelte forresten sentral midtbane i fjor, men har vore klart betre som ein av to spissar i år – og om han held oppe trykket utover hausten er han ein årets spelar-kandidat.
* Kristoffer Stranden kom seint i gang grunna skadar og anna, men har i siste del av vårsesongen vist seg å vere ein spelar som høyrer heime i høgare divisjonar enn 4. divisjon. (Kanskje ser vi han i ein 2. eller 3. divisjonsklubb i Bergen til hausten?)
* Ganske bra stabilitet på backane, der løpssterke Gustav Bjørlykke Kløvning og Nauris Driksna har figurert.
* Ørjan Engen Grimstad har før og etter skaden vist betre form enn på mange år. Martin Nikolai Longva viste god gammal klasse frå litt etter han gjorde comeback etter skade i vår og fram til han reiste vekk på jobb. (Men når får vi sjå desse spele saman?)
* Unge spelarar som Gabriel Olav Peterson og Daniel Pilskog har kome sterkt utover våren og vist at dei blir viktige i haust. Det kan også fleire av dei unge i stallen bli.
* Spelestilen har vore sjeldan offensiv og spelande til Hareid å vere. Kjekt for publikum, sjølv om enkelte av frispelingane bakfrå har sett litt risky ut. Men Hareid prøver i alle fall å spele god fotball langs bakken. Det er bra!
* Berre to lag i divisjonen har scora fleire enn Hareid sine 27. Og det er faktisk berre tre lag som har sleppt inn færre (enn 21, men kanskje seier det meir om dei andre laga – for nesten to baklengs per kamp er jo ein del).
* Nesten ingen lag har klart å spele ut Hareid denne våren. Då Hareid sleit mest var faktisk i starten av 2. omgang mot Ørsta, men den kampen vann Hareid til slutt.
* Vi synest også det er verdt å nemne at det er ein godt samansveisa gjeng som har spelt på Hareid i vår. Og sjølv om utfordringane har vore mange har karane heldt oppe humøret i tunge tider.

Vel, vel. Det er sikkert mykje anna som kunne ha vore nemnt også. Vi kan ikkje garantere for at ikkje viktige enkeltpersonar eller enkelthendingar er gløymde. Men dette var i alle fall eit forsøk på ei slags oppsummering. Vi kjem som sagt tilbake med statistikken seinare. Og så skal vi få takka skikkeleg av Christian Nykrem Korshaug, Kristoffer Stranden og andre som flyttar på seg i sommar meir offisielt ved eit seinare høve. Nyheiter om nye spelarar kan det også bli.

God sommar enn så lenge!

Glede etter bortesiger mot LGG.