19. april 2024

Slik gjekk det i vår i ungdoms- og seniorfotballen

I går presenterte vi ei oppsummering av a-laget for menn sin vårsesong. Om andre lag vil kome med sine oppsummeringar, så berre skrik ut. Men her er ei samla oppsummering for laga våre i ungdoms- og seniorfotballen.

Seniorlaga har relativt sett klart seg best i sine avdelingar. Herrelaget ligg som tidlegare meldt midt på tabellen i øvste krinsserie. Damelaget ligg på si side midt på treet i nest øvste krinsserie (4. divisjon) – dersom vi ser på poeng (2 sigrar, 2 uavgjorte, 2 tap). Med omsyn til tabellen ligg likevel laget heilt oppe på andreplass. No ser det nok i tøffaste laget ut å ta igjen Åheim/Selje, som ikkje har avgitt poeng enno. Men å kjempe om ein andreplass utover hausten vil uansett vere ein god prestasjon av Hareid.

Hareid har forresten både scora nest flest og hatt nest færrast baklengs. Toppscorar for damene så langt er Helene Sjåstad Kleppe og Victoria Røren med sju mål kvar.

Hareid 2, som også i år stiller i sjuarserien, hadde verken tapt ein sjuar- eller 11-arkamp sidan 2019 før dei tapte borte mot Hano 2 i vår. Men dette er også det einaste poengtapet laget har i vår. Med 18 poeng av 21 moglege vann Hareid vårserien framfor nettopp HaNo 2. No skal dei fire beste av laga i vår gjere opp om KM-tittelen i ein eigen serie i haust. Det betyr altså dobbel serie med Hareid 2, HaNo 2, Folkestad/Volda og Hjørungavåg. Hareid 2 vart kretsmeistrar i fjor. Det skal bli spennande å sjå om dei kan følgje opp i år. Stortalentet Kurt Haddal har scora 26 mål i vår, og gjer han noko liknande i haust bør sjansane for ei god plassering i alle fall vere gode.

I G16 2. divisjon tok Hareid ni poeng. Ikkje verst av eit lag som knapt hadde spelarar då oppkøyringa starta. No har dei ei større gruppe og har også spelt 11-arfotball ein del kampar. Men Hareid fekk ikkje god utteljing tabellmessig for poenga dei tok. Dei vart nemleg nummer 9, berre tre poeng bak fjerdeplassen.

Juniorlaget tapte alle sine kampar, først og fremst fordi dei har hatt store problem med å score mål (tre på sju kampar). For laget har vore involvert i fleire jamne kampar. Laget har også hatt ein del skadar, så vi håper dei både får folk og målteften tilbake til haustsesongen.

J15-laget har på si side vore ei positiv overrasking. Dei hadde ein tøff vinter, men vart i vår nummer to i si 3. divisjonsavdeling med fem sigrar, éin uavgjort og to tap. Om vi les reglane rett betyr det opprykk til hausten. Gratulerer!

Same treningsgruppe har også stilt eit sjuarlag i J13-serien. Dei gjorde det heilt greitt ved å bli nummer fire av seks lag.

Vidare har Hareid stilt to lag i G14-seriane, sjølv om det har vore fleirtal av 13-åringar i gruppa. Det har betydd ein del resultatmessig motgang, men sikkert samtidig mykje god læring. Førstelaget vart sist i 1. divisjon på målforskjell bak Ørsta/Hovdebygda. Om vi forstår det rett blir det likevel 1. divisjonsspel på Hareid i haust, sidan dei tre øvste laga skal spele i ein fylkesserie – og resten i ein kretsserie. Andrelaget i 2. divisjon fekk det tøft, men hadde nokre positive kampar på slutten av vårsesongen som kan vere gode å ha med seg inn i hausten.

Før den tid skal også nokre av laga vi nemnde delta i Norway Cup. Vi reknar med å få høyre meir om det etter kvart.

Girri, girri!

Ei utgåve av G16.