20. april 2024

Ny Stranden klar for Hareid

Hareid sitt a-lag for menn gjorde måndag kveld si fjerde signering for vinteren.

Før spelarmøtet signerte nemleg Kristoffer Thue Stranden papira som gjer han til Hareid-spelar i år.

Stranden er ein allsidig midtbanespelar som gjorde ein svært god figur då Hødd 2 rykte opp frå 4. divisjon i fjor haust. Tidlegare har han spelt for Vanylven i 6. divisjon og Skavøypoll i 4. divisjon. Han har spelt aldersbestemt fotball for Åheim og Måløy.

Stranden held framleis junioralder, men som vi ser er dette ein junior som har opplevd mykje. Og la oss håpe han får meir å glede seg over på fotballbana i raudt og blått utover vinteren og våren.

Velkomen skal du i alle fall vere, Kristoffer!

Vi kan elles melde at Kristoffer er søskenbarn til intet mindre enn to tidlegare Hareid-spelarar. På eine sida slektar han til Jon André Thue, som var ein god midtbanespelar for Hareid i 2015 og 2016.

På den andre sida slektar han til Runar Stranden, som var ein svært sentral offensiv spelar på Hareid mellom 2013 og 2017.

I 2016 var han både årets spelar og toppscorar (delt med Thor-Ove Brekke).

*

Kristoffer blir altså en fjerde eksterne signeringa for Hareid i vinter – etter Isak Sundgot, James Sjåstad og Oliver Sylte. I tillegg har Ole André Nevstad Kragset gjort comeback. Fem spelarar inn hjelper på, sjølv om det er dramatisk å ha mista heile 15 spelarar sidan i fjor sommar (11 av dei var på bana i haust).

*

Det har elles vore ein litt spesiell periode for Hareid a-lag i det siste. For det første har fleire spelarar vore ute med korona eller diverse karantene-situasjonar. For det andre har junior-kvalifiseringa blitt prioritert for dei i junioralder. Og for det tredje er nokre spelarar skadeplaga. Det betyr at treningsframmøtet har vore så som så.

Men fredag brakar det laus med årets første treningskamp. Den går borte mot Bergsøy. Då er det meininga at spelarane i senioralder blir prioriterte, medan nokre juniorar kanskje blir med på benken. Juniorlaget avsluttar nemleg kvaliken med ein utsett kamp mot Ørsta onsdag.

Martin Nikolai Longva er skadd i kneet, så årets spelar frå i fjor blir neppe med. Ruben-Kenneth Brandal begynte så vidt å trene sist veke, men er neppe kampklar på ei stund. Ørjan Engen Grimstad har ikkje vore i trening sidan før jul.

Elles er det ikkje så mykje nytt rundt stallen. Men det blir nok åkke som tatt ut ein offisiell stall i løpet av ei vekes tid.

Det største spørsmålsteiknet no er rundt keepersituasjonen. Det kan vere at mannen som toppar Hareid IL sin adelskalender, Vagn Scheide Mork, blir nøydd til å gjere comeback for å bli back-up-keeper for Herman Heimland.

Men Scheide Mork, som også er hjelpetrenar i år, har signalisert at han meir enn gjerne klarer seg med den rolla om det dukkar opp ein annan keeper.

Under måndagens trening observerte vi forresten hovudtrenar Hans Gisle «Kisse» Holstad som keeper under ei oppvarmingsøving.

Den tidlegare Hødd-midtstopparen var smidig og klarte seg overraskande godt i buret (sjuarmål, vel å merke), men det er vel neppe så gale at vi ser han mellom stengene på Hareid stadion til våren.

Eller…?