28. mars 2024

Den nakne sannheita om Hareid a-lag 2022 – så langt

Mange har etterlyst ein rapport om korleis det eigentleg går med a-laget for tida. Og det skal vi fortelje dykk:

A-laget, under leiing av comeback-trenar Hans Gisle «Kisse» Holstad, har hatt fire treningar i år. To av desse har vore testar, medan to har vore vanlege fotballtreningar.

Som vi melde i helga var junioren Johannes Knardal kjappast på den såkalla beep-testen. Då det stod ein god gammaldags Bigset-test på programmet tysdag kveld var det guttespelaren Laurits Dimmen Riise som kom først i mål, med junioren Christoffer Ottesen og veteranen Nauris Driksna på dei neste plassane.

Av spelarane som var med i seriespelet hausten 2021 så er det 10 spelarar vi ikkje kan rekne med å sjå i Hareid-drakt igjen med det første.

Den botnsolide keeperen Rikard J. Osnes blir ikkje med på denne sommaren grunna ei endring i jobbsituasjonen. Kim A. Alvestad har flytta til Ålesund. Junioren Benjamin Riise Erdal ser ut til å bli mykje opptatt med sin praksisplass på sjøen. Lars Roar Holstad, son til trenaren, ser heller ikkje ut til å bli med.

Av dei som spelte siste serierunde i fjor blir heller ikkje Bastian Rasmussen og Håkon Grimstad Thormodsæter med i denne omgang, sidan dei studerer andre plassar i landet.

Som tidlegare nemnt skal Ola Kalvø Vattøy denne sesongen vere lagleiar i staden for å spele sjølv.

Av dei som var på bana i større eller mindre grad i fjor haust har også Joar Møller, Kristen Haddal Røssevoll og Iver Myrene Skeide forsvunne.

Takk for følgjet så langt til alle desse. Vi sjåast sikkert igjen – i ein eller annan samanheng!

10 spelarar ut er ganske mykje, ikkje minst med tanke på at Hareid også mista nesten heile sin gode 2001-generasjon sommaren i førevegen – slik at Hareid reelt sett har mista over 15 spelarar på eit halvt år.

Men med spelarar ut opnar det seg alltids moglegheiter for andre. Vi har sett tre nye fjes på trening så langt denne oppkøyringa:

  • Oliver Sylte, med fortid i Hødd si aldersbestemte avdeling og Gjerdsvika. Ein solid kar som også er med i trenarteamet til Hareid G16. Velkomen skal du vere!
  • James Sjåstad kom også på plass denne veka. Ein god angripar som har fortid i Hødd og Hasundgot. Velkomen skal du også vere!
  • Ole André Nevstad Kragset har også vore med i år. For mange er han eit kjent ansikt i Hareid-drakt, sidan han spelte på a-laget frå 2011 til 2016. Sidan den gong har han med unntak av eit opphald i Vanylven for det meste heldt seg i form på Hareid 2. I fjor var han årets spelar der. Velkomen tilbake!

Stallen ser elles ikkje ut til å bli kjempestor, men sidan det veks bra i yngres avdeling er den heller ikkje kritisk liten. Det har vore eit tosifra tal spelarar på alle treningar så langt i år, for å seie det slik.

I tillegg til dei som har vore på feltet i januar er det håp om at både Ørjan Engen Grimstad og Ruben Kenneth Brandal – to av dei aller mest sentrale spelarane på laget – er tilbake i trening i februar.

Første treningskamp går borte mot Bergsøy 18. februar.

Følg med vidare.

Og girri, girri!

(På biletet ser vi nemnde Nevstad Kragset, her i ein halvnaken versjon. Bilete av dei to andre nysigneringane ligg på Facebook og Instagram.)