hareid_il_logo_135.png









 

28.04. STERK BORTESIGER PÅ VALDERØYA - MED TI MANN

Målscorarane Indreflø og Brandal. Foto: KA.
Målscorarane Indreflø og Brandal. Foto: KA.

Hareid måtte spele over ein halvtime med ti mann. Men vann likevel 3-0 borte mot Valder.

21.04. HAREID - LANGEVÅG 0-3: GRÅTT OG TRIST, SLIK SOM VERET

PÅ RÆVA: Det ville seg ikkje for Nauris Driksna og Hareid denne kalde og våte torsdagskvelden.
PÅ RÆVA: Det ville seg ikkje for Nauris Driksna og Hareid denne kalde og våte torsdagskvelden.

Etter den oppløftande generalprøven mot LGFK og sigeren på Siffen i serieopninga var det knytta ei viss forventing til Hareid i årets første heimekamp i serien. Men Hareid skuffa stort. Prestasjonen var omtrent like bra som veret. Og veret var ikkje bra (bortsett frå ein periode i andre omgang, slik som Hareid).

14.04. SIF-HAREID 1-2: SIGERSGLISET

Thor-Ove Brekke vart den avgjerande mannen på Siffen. Han gjekk opp i duellen før 1-1, og banka sjølv inn 1-2. "Thoro" hadde god grunn til å smile etter kampen.
Thor-Ove Brekke vart den avgjerande mannen på Siffen. Han gjekk opp i duellen før 1-1, og banka sjølv inn 1-2. "Thoro" hadde god grunn til å smile etter kampen.

Ikkje mykje slår kjensla av å ta tre poeng på bortebane i serieopninga. I kveld kom Hareid under seint i kampen, men ein flott snuoperasjon ordna biffen på Siffen. I fokus: Thor-Ove Brekke.

07.04. HAREID-LGFK 5-1: "THORO" GLIMTA TIL i STONG INN-GENERALPRØVE

Thor-Ove Brekke blir felt, Heldigvis let dommaren spelet gå, slik at Runar Stranden (3) kunne score på ope mål. Dermed 1-0 til Hareid etter 22 minutt.
Thor-Ove Brekke blir felt, Heldigvis let dommaren spelet gå, slik at Runar Stranden (3) kunne score på ope mål. Dermed 1-0 til Hareid etter 22 minutt.

Det seiast at ein dårleg generalprøve gir ei god serieopning. Det får i alle fall LGFK (som stod med fem av dem sigrar i oppkøyringa før i dag) håpe på. Hareid derimot leverte mykje bra spel dei første 55-60 minutta. Og med god effektivitet i tillegg vart generalprøven ei positiv oppleving.

17.03. HAREID - LANGEVÅG: IKKJE PERFEKT, MEN KLAR BETRING

Simon Holstad Grimstad spelte ein god kamp som stoppar for Hareid, og viste at han bør vere aktuell for serielaget i denne posisjonen.
Simon Holstad Grimstad spelte ein god kamp som stoppar for Hareid, og viste at han bør vere aktuell for serielaget i denne posisjonen.

Resultat i treningskampane er for så vidt aldri viktige. Men etter 7-0-kollapsen mot Volda sist treningskamp var det viktig for Hareid å vise moral og guts mot 4.-divisjonskollega Langevåg. Og det klarte Hareid. 

03.03. HAREID-VOLDA 0-7 (0-1): NYTT STORTAP FOR HAREID, KOLLAPSA ETTER PAUSE

Her har Ruben-Kenneth Brandal akkurat avslutta over mål på ein god sjanse i 1. omgang.
Her har Ruben-Kenneth Brandal akkurat avslutta over mål på ein god sjanse i 1. omgang.

Årets tredje stortap av seks moglege er eit faktum. Og det etter at Hareid spelte ein heilt grei 1. omgang. Det som skjedde etter pause var derimot langt under det nivået ein må ha for å kunne få til noko i 4.-divisjon.

25.02. HAREID-ØRSTA 2-3: IKKJE SÅ GALE AT DET IKKJE ER GODT FOR NOKO

Defensive spelarar med nase for mål: Eiliv-Tore Howlid og Ulrik Wingsternes.
Defensive spelarar med nase for mål: Eiliv-Tore Howlid og Ulrik Wingsternes.

På mange måtar var dette ein positiv kamp av Hareid. Men rusk framfor begge måla øydela resultatet og dermed også totaltinntrykket.

20.02. HAREID FEKK BANK I STRYN

Hareid tapte heile 6-0 borte mot Stryn i dag, laurdag. Skal vi finne noko positivt var det at ein fekk testa breidda i stallen. Nyttig erfaring for mange unge spelarar.

Laget: Fredrik Lonbakken - Venthan Ketheeswaran, Jon André Thue, Simon Holstad Grimstad, Jon André Skarshaug - Håvard Knudsen Bjåstad, Nauris Driksna, Gustav Bjørlykke Kløvning - Fredrik Andresen, Runar Stranden, August Brandal. Inn: Arthur Hareide, Benjamin Slettebakk, Ole Magnus Danielsen, Emil Vartdal Hareide, Vagn Scheide Mork.

10.02. Hødd II - HAREID 1-1: SLURVA FRAMFOR HØDD-MÅLET I TAM KAMP

Ruben-Kenneth Brandal re-debuterte for Hareid. Foto: Anders Hjelle Øiestad.
Ruben-Kenneth Brandal re-debuterte for Hareid. Foto: Anders Hjelle Øiestad.

Hareid skapte mest, men sleit med å gjere sjansar til mål. Dermed enda det uavgjort i det som i lange periodar var ein tam og kjedeleg treningskamp.

23.01. BERGSØY-HAREID 7-2: PRØVING OG FEILING (OG EIT PAR LYSPUNKT)

August Brandal og Simon Holstad Grimstad etter at førstnemnde hadde redusert til 4-2.
August Brandal og Simon Holstad Grimstad etter at førstnemnde hadde redusert til 4-2.

Hareid sleppte til alle tilgjengelege spelarar, fleire av dei i nye posisjonar. Formasjonen var også ny. Med litt betre konsentrasjon kunne nok Hareid uansett ha tapt med litt snillare siffer enn tilfellet vart.

Forhånd.12
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR