28. april 2024

Trenarkabalar 2024 – del 1: Mange viktige brikker på plass

Under styremøtet i fotballgruppa måndag kveld orienterte dei sportslege medarbeidarane i styret om status for trenarkabalane for komande sesong.

Sjølv om 2023-sesongen berre så vidt er avslutta er mykje på plass.

Her kjem nokre drypp frå det som er klart i senior- og ungdomsfotballen:

Damelaget: Geir Børre Røyset (til venstre på biletet over) tok over som hovudtrenar i sommar – og han går på ein ny sesong. Kven som utgjer resten av støtteapparatet kjem vi tilbake til.

J17: Hareid sitt J15-lag hadde ein veldig bra haustsesong i år. Men jentene blir jo som alle andre eldre, så neste år blir det J17-lag. Trenar her blir Øyvind Rolvsjord (til høgre på biletet over). Geir Børre Røyset skal også hjelpe til. Renate Røyset Lillebø og Siw-Monica Brandal står for god kontinuitet på lagleiarsida.

J13: Her held Ole-Kristian Øvrelid og Daniel Teigene fram som trenarar.

A-lag menn: Her er det klart at årets hovudtrenar Stig Andor Engen (biletet) takkar for seg. Vi takkar Stig så mykje for innsatsen. Han har lagt ned ein enorm innsats og hadde ei høg stjerne i gruppa. Utover i sesongen kom også resultata. Det kjem sikkert også nokre rosande ord på årsfesten seinare i november. Men inntil vidare; takk for innsatsen!

Det ser elles ut som fleire frå årets trenarapparat/støtteapparat held fram, i tillegg til at det kjem inn nye fjes. Men dette kjem vi tilbake til i neste post.

B-lag menn: Her er kontinuiteten god. Eiliv-Tore Howlid går på sin fjerde strake sesong, med Emil Johannes Dahlen Folkestad og Jonas André Brandal som hjelpetrenarar. Kenneth Nicolaisen held fram som lagleiar.

I denne samanhengen kan det vere verdt å nemne at Folkestad (biletet) går på sin sjette strake sesong som hjelpetrenar for Hareid 2. Stirrigt! Folkestad har dessverre varsla at han gir seg i styret etter årsmøtet om dryge to veker. Han har vore sportsleg leiar for herrefotballen dei siste to åra, og sat i sportsleg utval i 2021. Han har gjort ein svært grundig innsats både på sport og andre felt styret held på med. Synd at han gir seg, men på plussida held han fram i andre roller i klubben, som denne. Dessutan er ifølgje rykta ein bra erstattar på gang. Uansett takk for innsatsen til Folkestad!

Junior menn: Vagn Scheide Mork held fram som hovudtrenar. Ein kjem tilbake til resten av apparatet.

G16: Hareid hadde ikkje G16-lag i år, men i staden to G14-lag og eit slags junior/rekrutt-lag. No er G16 tilbake på kartet, som ei gruppe for dei i alderstrinna 14 til 16 år. Her har sportsleg leiar Georg Eikrem Olsen skaffa eit breitt og solid trenarteam. Jacob Jøsokbakke blir hovudtrenar, med Ragnar Røyset, Ingar Hovden, Jan Robin Haraldsvik og Ole André Nevstad Kragset som hjelpetrenarar. Fleire av desse var med i år også, medan andre er nye. Det gjeld Jøsokbakke, som mange kjenner frå Hareid 2 og Hjørungavåg IL. Dei litt eldre vil sikkert også minnest Ragnar Røyset som ein god offensiv spelar for a-laget for ein del år tilbake. Blant anna kom han inn som innbytar då Hareid møtte AaFK i cupen i 2005. Her ser det ut som G16 har fått eit breitt og svært kompetent trenarteam!

G13: Her blir Kim Johansen hovudtrenar. Han hadde fleire trenarroller i klubben i år, men skal neste år konsentere seg om dette laget. Hjelpetrenarar blir Anders Eidsvik, Tommy Moldskred og truleg eit par til.

I denne samanhengen er det verdt å nemne – dessverre – at Eidsvik (biletet) går ut av styret under årsmøtet om dryge to veker. Han har vore nestleiar i heile fire år, etter at han sat i sportsleg utval året i førevegen. Eidsvik har vore ein svært allsidig og offensiv kar som har jobba mykje med fleire ulike felt i fotballstyret. Han vart kåra til årets eldsjel i fjor. Det er synd han gir seg, men bra at han held fram i andre roller i klubben. Uansett; takk for innsatsen som nestleiar, Anders!

Det er som seg hør og bør sikkert fleire også som gir seg, i tillegg til at det er fleire nye som vi ikkje har nemnt i denne artikkelen – anten fordi ting ikkje er heilt klare eller fordi vi ikkje har fått infoen enno.

Vi kjem tilbake med ein ny artikkel med folk inn og ut om ikkje altfor mange dagane, satsar vi på.

Men hovudbiletet er altså at det ser bra ut med omsyn til trenarkabalane. Det har vore nok av sesongar der ein har ringt rundt i desperasjon 22. og 23. desember for å fylle forskjellige roller.

No har vi berre kome til 7. november, og mykje er allereie på plass.

Godt jobba av dei sportslege medarbeidarane!

Og lykke til alle som har tatt på seg verv!